Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Lærarvitjing frå Jeriko!

09/02/2015 · arrangement og informasjon

Samar, Lana og Amal

Lærarne Samar, Lana og Amal på Sanden Pensjonat. Foto: Ingebjørg Voll
Dei hadde ei strabasiøs reise til Lærdal!

Flyet gjekk frå Amman grytidleg laurdag klokka 3.
Det tok ei stund å kome seg gjennom passkontrollen på føremiddagen.
Sjåføren frå Gardermoen fekk ordna opp i problema, men av same årsak rakk ikkje Tyinkrysset før det kun var tungtrafikk som fekk køyre i kolonna over Filefjell.
Dei var framme rundt midnatt, – utslitne men med eksotisk erfaring frå snøstorm og hjelp til bilar som hadde køyrt seg fast i snøen! Jerikolærarane var heldige, sjåføren Jan Geir har køyrt i styggever før.

I går var dei på tur til Øvre Årdal. I dag er dei på Rådhuset, skulen og Doktorheimen. I kveld møter dei lærarane på “Strandsitjaren”.

I morgon er det Jerikodag på skulen. Det er laga program for alle elevane på skulen knytt til venskapsarbeid. Samar, Amal og Lana fortel frå sine ulike skular. Vi møtte Bjørn Gunnar Saltnes frå Kirkens Nødhjelp/EAPPI sitt ledsagerprogram i Jordandalen i oktober 2014, han vil også ta del i Jerikodagen.
Elevane får god lønsj på skulen!

Onsdag er det Vaffelhjarte på skulen, lærarane vitjar Ljøsne skule og om kvelden skal dei innom skøytekarusellen på skeisebana på Øyri.

Torsdag får Barnehagen og skulen på Borgund besøk. På ettermiddagen deltek dei på kommunestyremøtet.
Fredagsmorgonen reiser dei til Oslo. Dei møter Vennskap Nord-Sør og Palestina sin ambassade til Noreg før dei fer heim til Jeriko via Amman på laurdag.

Medan dei er her et dei nokre måltid i private heimar og er med i ulike planleggingsmøte.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Gledeleg melding: Jerikobesøk!

02/02/2015 · arrangement og informasjon

Laurdag 7. februar kjem dei tre lærarane frå Jeriko som vi har invitert til Lærdal. Dei heiter Samar, Amal og Lana, og dei skal vera i Lærdal ei knapp veke, fram til fredag 13. februar. På heimvegen skal dei stoppa i vel eit døgn i Oslo.
Føremålet med turen er fyrst og fremst å besøkja skulane i Lærdal.

Vi har sett i gang eit skulesamarbeid mellom dei to vennskapskommunane, og tysdag 10. februar blir det såleis Jerikodag på Lærdalsøyri skule. Dei tre lærarane vil sjølvsagt også besøkja dei andre skulane i bygda, og i tillegg må dei gjera seg kjende med både folket og bygda/nabobygdene. Vi driv i desse dagar og syr saman programmet dag for dag.

skilt skuleadm

Du har vel lyst til å treffa dei, du og? Det er veldig flott, for dei vil sjølvsagt treffa så mange som råd av oss. Vi i Jerikolaget treng også hjelp frå dykk, til dømes til å

–          gå omkring på Øyri, visa rundt, fortelja litt – eller svinsa innom buedn

–          henta dei med bil til og frå feriehuset til Sanden Pensjonat med adressa Øyragata 30, der dei skal bu, og dit dei skal kvardag

–          invitera dei heim til middag eller kveldsmat, slik at dei får oppleva heimane våre her i Lærdal (eller kanskje i Årdal?)

–          berre møta dei og sitja og prata, eta, drikka osv….

Vi vonar mange av dykk vil nytta denne sjansen både til å bli kjend med tre spennande damer frå Jeriko – og til å vera med og vera vertskap for dei i Lærdal. Tenk etter kva du vil bidra med, og meld frå til nokon av oss i styret i Vennskap Jeriko-Lærdal. Ingebjørg Voll (tlf 970 86 048) er kontaktperson for programmet på skulane, og Anna Avdem (47 64 25 32) prøver å samla trådane og samordna programmet for heile veka. Ta gjerne kontakt med ein av oss. Eller sei frå til nokon av dei andre i styret: Berit Kaardal , Anna Gjesdal, Guro Eri Jakobsen, Jan Geir Solheim eller Bente Opsvik.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Jeriko-kveld og årsmøte

27/11/2014 · arrangement og informasjon

20141129 internasjonal solidaritet

Den internasjonale dagen for solidaritet med det palestinske folket

Rådhuset 29. november

Årsmøte i Vennskap Jeriko-Lærdal kl. 17.30

Jeriko-kveld med bilete og forteljingar frå Jeriko2014 kl.18.30

Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Val av møteleiar, referent og to til å skrive under møteboka.
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Drøfting av arbeidsplan for 2015
6. Innkomne forslag
7. Medlemskontingent
8. Val av styre, leiar, valnemnd og revisor.

Saker til årsmøtet burde vore innkomne til styret innan 24.november
Det blir enkel servering.

Medlemmer og alle andre interesserte er hjarteleg velkomne!

Rekneskap 2014. Samandrag (2)

 

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Ny Jeriko-tur i oktober!

23/02/2014 · arrangement og informasjon

 700

Vil du ha eit minne for livet? Bli med på tur til Jeriko!

Vi planlegg ny tur til vennskapsbyen vår i oktober, og også denne gongen opnar vi for at alle interesserte kan bli med på ein heilt spesiell ferietur. Reisedatoane er ikkje heilt fastlagde, men vi satsar på veke 41, haustferien, og reknar med å bruka noko av helgene før og etter til reisa.

Vi reiser med felles buss frå Lærdal, fly frå Gardermoen til Tel Aviv og har også eigen buss derifrå til Jeriko. I Jeriko bur i på Hotel InterContinental, som er eit veldig fint hotell, og som ikkje minst har eit flott badeanlegg. Prisen for reisa + hotell blir om lag kr 10 000.- (dobbeltrom) og  kr 12 000.- (enkeltrom). Vi må ta atterhald om at prisen kan endra seg litt.

Programmet er ikkje heilt fastlagt enno. Men utanom å oppleva Jeriko med vennene våre, dei 10 000 år gamle bymurane, Freistingsfjellet og andre attraksjonar, planlegg vi tur til Betlehem, Jerusalem og Hebron. Den som reiser som turist for eiga rekning, står sjølvsagt fritt til sjølv å velja kor mykje av fellesprogrammet ein vil vera med på.

Det blir informasjonsmøte om Jerikoturen onsdag 9. april kl. 19.00 i kommunestyresalen.

(NB – Det har tidlegare vore kunngjort ein annan dato. Men fordi vi måtte utsetja møtet, er det denne datoen som gjeld!)
Ynskjer du fleire opplysningar, eller rett og slett vil melda deg på turen, kontakt:

Lasse Sælthun – 911 81 665 – lsaelthu@online.no, seltun@online.no

Bente Opsvik   – 906 46 008 – opsvik@gmail.com

Anna J Avdem  – 476 42 532 – anna@avdem.no

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Rekneskap og årsmelding 2013

21/11/2013 · arrangement og informasjon

I innkallinga til årsmøtet vart det skrive at desse skulle leggast ut på verdsvevsida til laget før årsmøtet.

20131121 Rekneskap 2013. Dagbok

20131121 Rekneskap 2013. Samandrag

20131121 Rekneskap 2013. Diverse

20131121 besøk Rekneskap 2013. Vennskap Jeriko – Lærdal.

20131121 Årsmeldinga 2013

 

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Årsmøte tysdag 26.november kl 19.00

16/11/2013 · arrangement og informasjon

Medlemmer og andre interesserte
er hjarteleg velkomne
til årsmøtet i Vennskap Jeriko – Lærdal
på møterommet på rådhuset tysdag 26. november kl. 19.00

Sakliste:
1.Godkjenning av innkalling og sakliste
2.Val av møteleiar, referent og to til å skriva under møteboka
3.Årsmelding
4.Rekneskap
5.Drøfting av arbeidsplan for 2014 (inkl. planar for ein ny tur til Jeriko)
6.Innkomne forslag
7.Medlemskontingent
8. Val av styre, leiar, valnemnd og revisor

Saker til årsmøtet må vera innkomne til styret innan 22. november.

Det blir enkel servering.
Alle er hjarteleg velkomne!

Helsing
styret i Vennskap Jeriko – Lærdal
v. Anna J. Avdem (leiar)

NB: Årsmelding og rekneskap 2013 blir lagt ut her på heimesida vår omlag 20. november.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Lærdal kafe på Al-Quds University campus

15/11/2013 · arrangement og informasjon

Studentkafeen fleire har vore innom på Al-Quds universitetet i Aust-Jerusalem har endra namn.
No er den driven av Issa.

Artikkelen og bileta til Jamal Musa : Issa – Laerdal at Palestine

20131017 Lærdal kafe Issa 2

20131017 Lærdal kafe 7

20131017 Lærdal kafe 2

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Biletheftet – Under same himmel

22/07/2013 · arrangement og informasjon

Den offisielle venskapsavtalen mellom Jeriko og Lærdal vart underskriven i Kvammegården 20.juni 1998.

Vennskap Jeriko-Lærdal markerer 15-års jubileet med eit bilethefte.

Biletheftet har naturlegvis arabisk og nynorsk tekst og har eit bittelite utval av bilete frå starten med reisa til formannskapet i 1987. Bileta er knytt saman i ulike tema.
Biletheftet er for sal i erikobui, prisen er 100 kroner.

Jerikobui – i år plassert i Ulviksbui – ei av dei tre velkjende buene i Øyragata.
Jerikobui er open laurdagane i sommar.
Portrettparutstillinga heng i Jerikobui.

Dersom du ynskjer å tinge eitt eller fleire eksemplar send ein epost til Bente på opsvik@gmail.com

Elles for spørsmål knytt til Jerikobui, ta kontakt med Bente.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Jerikanarane er komne

13/06/2013 · arrangement og informasjon

Med eit par-tre timars forseinking kom jerikanarane til Lærdal i går kveld.

Det vart pizza og tidleg til sengs for å ta innatt noko av den manglande nattesvevnen på flyreisa.

Dei var budd på at det vert eit hardt program for alle – dei vil oppleve mest mogeleg før dei tek bussen attende mot Oslo og Gardermoen på måndagsmorgonen.
No deltek dei på det offisielle besøket på Rådhuset, etterpå går dei til skulen og barnehagen på Lærdalsøyri og så er det Villakssenteret før det vert litt kvild, Vindhellavegen og kveldssete og mimrekveld med dei som var til Jeriko 2012.

Deler av gruppa på reisa til Lærdal i går kveld, Wiam sitt bilete.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Program for Jerikobesøket 12.-18.juni 2013

11/06/2013 · arrangement og informasjon

 PROGRAM FOR JERIKOBESØKET 12.-18. JUNI 2013

[Les meir →]

→ Ingen kommentararMerkelappar: