Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

OPE SEMINAR OM PALESTINA

17/04/2019 · arrangement og informasjon

OPE SEMINAR OM PALESTINA

Lærdal kulturhus, foajeen

Laurdag 27. april kl. 12.00-15.30

12.00-12.10: Opning ved ordførar Jan Geir Solheim

Kulturinnslag

12.15-13.15: Tora Systad Tyssen, leiar i Fellesutvalget for Palestina: Israel og Palestina: Kva

skjer på bakken, og kva kan vi gjere?

13.20-13.55: Ann Kristin Førde, Fagforbundet: Arbeid blant palestinske flyktningar i Libanon.

13.55-14.10: Beinstrekk

14.10-14.45: Ragnar Børsheim: Israel og Palestina – eit annleis reisemål.

14.50-15.10: Kari Persen: Rykande fersk rapport frå Palestina

15.15-15.25: Helsing frå Jeriko

15.25-15.30: Avslutning

SEMINARET ER OPE, OG ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE

Comments Off on OPE SEMINAR OM PALESTINAMerkelappar:

VIL DU BLI MEDLEM I JERIKOLAGET?

31/03/2019 · arrangement og informasjon

VIL DU BLI MEDLEM I JERIKOLAGET?

Det kostar 200 kr for året, og du blir du med og støttar vennskapsarbeidet mellom Jeriko og Lærdal. Du får også tilsendt informasjon om besøk og andre viktige hendingar i god tid, slik at du får høve til å delta i dette spennande arbeidet.

INNBETALING AV MEDLEMSPENGAR 2019

Betal til:

Vennskap Jeriko-Lærdal

  1. Berit Kaardal, 6887 Lærdal

Betal til konto: 3838 13 52398

Beløp: 200.- pr. person

Hugs å skriva namna på medlemmane det blir betalt for.

 

Comments Off on VIL DU BLI MEDLEM I JERIKOLAGET?Merkelappar:

Årsmelding 2018

31/03/2019 · arrangement og informasjon

VENNSKAP JERIKO-LÆRDAL (JERIKOLAGET)

 

ÅRSMELDING 2018

 

Styret for Vennskap Jeriko – Lærdal har i 2018 hatt følgjande medlemmar:

 

Anna Jorunn Avdem (leiar)                           vara: Ingebjørg Voll

Kristin Bolstad (nestleiar)                             vara: Maritha Tønjum Skjerdal

Berit Kaardal (kasserar)                                 vara: Kari Blåflat

Jan Geir Solheim (ordførar, styremedlem)    vara: Trond Øien Einemo

Guro Eri Jakobsen (skrivar)                           vara: Annike Renate Vanberg

 

Jan Geir Solheim, Guro Eri Jakobsen, Trond Øien Einemo og Annike Vanberg er valde av Lærdal kommune for perioden 2015-19. Dei andre er valde av årsmøtet i Vennskap Jeriko-Lærdal (VJL). Valnemnd er Rein Arne Golf og Olaug Skjerdal, og Lars Øyvind Vikesland er revisor.

 

2018 markerer eit viktig år i soga om Jerikolaget. Det viktigaste er at Lærdal kommune har teke att det økonomiske ansvaret for vennskapsarbeidet, slik kommunen hadde dei fyrste åra. Utan prosjektmidlar frå Vennskap Nord-Sør, som vart nedlagt, har vennskapsarbeidet hatt ein svært usikker økonomisk situasjon. Jerikolaget har drøfta dette med kommunen både skriftleg og munnleg, og i sak 53/18 vedtok Lærdal kommunestyre at ei fast, årleg støtte på kr. 100 000 til Vennskap Jeriko-Lærdal skal fast inn på kommunebudsjettet. Det skal sjølvsagt rapporterast for midlane etter avtale, og eventuelle ubrukte midlar skal betalast attende til kommunen.

 

Med sikrare økonomi vart det også mogleg å invitera til nytt besøk frå Jeriko. Ordførar Salem Ghrouf kom i spissen for ein delegasjon på åtte medlemmer som besøkte Lærdal 25. september – 2. oktober (siste døgnet var dei i Oslo). Av desse var to av gjestene i ein spesiell situasjon: Jeriko kommune betalte reisa for tolk og delegasjonsleiar Marwan Samarat, og reisa til lærdalsvennen Juma Jalayta var betalt gjennom ei kronerulling blant medlemmene i VJL. Dei fem andre som besøkte Lærdal denne gongen var: Khaled Dabees (kommunestyremedlem og bonde), Alaa Ghrouf (lærar), Ammar Sahqboa (Lærdal Park), Abdallah Barahmah og Alaa Jafreh (elevar).

 

Besøket vart ei triveleg og travel veke. I samråd med gjestene sette vi opp eit variert program som omfatta gardsbesøk og Lærdal Grønt, skulebesøk, Borgund stavkyrkje, konsert med Longhorn, tur til Aurland og ikkje minst tur til Nigardsbreen, som vart ei stor oppleving for ørkenfolket. Høgdepunktet vart vel likevel markeringa av 20-årsjubileet for den offisielle underskrivinga av vennskapsavtalen. Festen gjekk av stabelen laurdag 29.9. og starta med ei open markering i Kvammegården under haustmarknaden og heldt fram med jubileumsmiddag på Lindstrøm hotell same kvelden. Inviterte var Lærdal kommunestyre, dei fem ordførarane frå desse 20 åra og medlemmene i Vennskap Jeriko-Lærdal. 46 personar var til stades, og alle var samde om at det vart ein høgtideleg og fin kveld. Vi hadde musikk av Tom Karlsrud og Gudmund Bolstad Skjær, og Hans A. Tønjum heldt tale om starten på vennskapen. Ordførarane heldt sjølvsagt sine talar, gåver vart overrekte og maten var god. Sogn Avis var til stades i Kvammegården og hadde reportasje om jubileet. Siste døgnet av besøket hadde gjestene i Oslo, der Liv Signe Navarsete organiserte besøk på Stortinget, og gjestene fekk eit møte med Det palestinske representasjonskontoret.

 

Sidan besøket skjedde på tampen av turistsesongen, kunne gjestene bu på Lindstrøm hotell heile veka. VJL vil retta ein stor takk til Britt og Knut ikkje berre for den fine måten dei tok imot gjestene på, men også for at dei gav heile opphaldet som gåve. Den gåva tilsvarer ein verdi på heile kr 45 000! Mange andre gjorde også ein stor dugnadsinnsats: Ordføraren køyrde to turar til Gardermoen/Oslo og Jostedalen med minibuss og tok på langt nær full betaling, fleire andre inviterte på heimbesøk og køyrde både i og utanfor Lærdal, og både styret og andre brukte sjølvsagt mykje tid både til planlegging og gjennomføring av besøket. Slik må det vera, og det er berre kjekt – særleg når alt går så bra!

 

Jerikobui blir som før driven på dugnad, og er open under marknadene og på laurdagane om sommaren. Broderia har vi i kommisjon frå Kvinnesenteret i Abu Dis v. Signe Marie Breivik og Sara Ayad. Dei andre varene kjøper vi frå Al Quds i Oslo. Vi får nytta butikklokala gratis frå Lindstrøm, noko vi er svært takksame for. Den heilt store omsetnaden har vi ikkje i bui vår, men vi reknar det som minst like viktig at vi her kan visa fram vennskapen til både bygdefolk og turistar. Vi har i år delteke på to-tre møte med kommunen og frivilligsentralen for å drøfta samarbeid med ein mogleg bruktbutikk i desse lokala, og vi har stilt oss positive til eit samarbeid med dette prosjektet. Kristin Bolstad har hovudansvaret for å organisera opningstider og folk til å stå i bui, og styret takkar både henne og dei andre butikkdamene for innsatsen.

 

Som før, skjer det meste av kontakten med Jeriko utanom besøka på Facebook, men også på telefon og e-post. Etter besøket fekk vi høgtideleg takkebrev frå ordførar Salem Ghrouf, og ordførar Jan Geir og leiar Anna sende som vanleg eit offisielt julebrev frå Lærdal til Jeriko. Elles nyttar vi Helg og Kvardag, Sogn Avis og Porten til informasjon.

 

Den 18. april deltok vi med stand på Internasjonal kveld i kulturhuset. Sidan førre årsmøte har styret hatt 10 styremøte. Fleire av dei har vore utvida med to gode støttespelarar, Lasse Sælthun (reisegruppa) og Ingebjørg Voll (skulegruppa). Styret takkar båe for ein stor og viktig innsats. Guro Eri Jakobsen har ansvaret for heimesida vår, http://jericholaerdal.org.

 

I 2018 har Vennskap Jeriko-Lærdal 76 betalande medlemmer, ein klar auke frå 2017, då vi for fyrste gong sende ut innbetalingsinformasjon på e-post og fekk berre 32 betalande. Den erfaringa viser at e-post er fin til ymse medlemskontakt, men ikkje til utsending av innbetalingskortet.

 

Samarbeidet i styret er godt. Alle tek ansvar og legg ned ein stor frivillig innsats. Også utanom styret har vi mange gode hjelparar. Somme er nemnde i årsmeldinga, andre ikkje. Men alle er nødvendige i vennskapsarbeidet og skal ha stor takk! Det betyr elles mykje at ordførar Jan Geir prioriterer vennskapsarbeidet så høgt som han gjer. Vi vil også i år takka vennene våre i Jeriko for eit flott samarbeid. Ekstra viktig var det at ordførar Salem Ghrouf i år tok turen til Lærdal.

 

Lærdal, 14. januar 2019

 

For styret i Vennskap Jeriko-Lærdal

 

Anna Jorunn Avdem

 

Comments Off on Årsmelding 2018Merkelappar:

Årsmelding 2017

01/03/2018 · arrangement og informasjon

VENNSKAP JERIKO-LÆRDAL (JERIKO-LAGET)

 

ÅRSMELDING 2017

 

Styret for Vennskap Jeriko – Lærdal har i 2017 hatt følgjande medlemmar:

Anna Jorunn Avdem (leiar)                           vara: Ingebjørg Voll

Kristin Bolstad (nestleiar)                             vara: Maritha Tønjum Skjerdal

Berit Kaardal (kasserar)                                 vara: Kari Blåflat

Jan Geir Solheim (ordførar, styremedlem)     vara: Trond Øien Einemo

Guro Eri Jakobsen (skrivar)                           vara: Annike Renate Vanberg

 

Jan Geir Solheim, Guro Eri Jakobsen, Trond Øien Einemo og Annike Vanberg er valde av Lærdal kommune for perioden 2015-19. Dei andre er valde av årsmøtet i Vennskap Jeriko-Lærdal (VJL). Valnemnd er Rein Arne Golf og Olaug Skjerdal, og Lars Øyvind Vikesland er revisor.

 

I 2016 var det ikkje arrangert besøk verken til eller frå Jeriko på grunn av sviktande økonomi, så i 2017 var det ei hovudmålsetjing å arrangera tur til vennskapsbyen. Reisenemnda (Lasse, Jan Geir og Anna) starta derfor året med to planleggingsmøte for ein ny tur. Og tur vart det, men sidan den gjekk av stabelen i november, kjem omtalen seinare i årsmeldinga.

 

Jerikobui var huslaus etter at vi i hui og hast måtte flytta ut av Ulviksbui sommaren 2016. Vi var rådville om kvar vi kunne finna nye lokale som vi kunne ha råd til å leiga, men kom på at vi kunne spørja Knut Lindstrøm om å få vera i eit hjørne av dei tidlegare KIWI-lokala deira. Knut og Britt ynskte oss raust velkomne dit, så der starta vi eit større dugnadsprosjekt fyrst i juni. Jerikolaget kjøpte lettvegger som Berit og Rein Arne sette opp til avgrensing av butikklokalet, og deretter hadde Kristin, Berit og Anna mange arbeidstimar med rydding, vasking og fjerning av filmen på dei store butikkrutene. Når dagslyset fekk koma inn og varene våre kom på plass, vart dette ein riktig triveleg butikk. Bui er godt synleg og pyntar opp heile gatebildet. Vi heldt Jerikobui open på laurdagane i sommar og langt utover hausten, i tillegg til marknadene i sommar, haust og før jul. I juli kjøpte vi inn nye varer frå Al Quds, og i november fekk vi inn meir broderi frå Kvinnesenteret i Abu Dis. Da vi også fekk påfyll av julekrubber og keramikk etter Jerikoturen, hadde vi ein riktig flott (om enn litt kald) vennskapsbutikk til julemarknaden. I juli tok vi i bruk Vipps som betalingssystem i tillegg til kontantane, og det fungerer greitt. Kristin er kontaktperson for bui. Styret vil takka Ingrid, Anne Sofie, Kari, Ingebjørg som i tillegg til nokre av oss styremedlemmene trufast stiller opp og står i butikken. Vi vil også takka alle som var med på dugnaden med å få den nye Jerikobui i orden, og sist – men ikkje minst – Brit Isdal og Knut Lindstrøm for at vi får bruka butikklokala deira.

 

Den 11. juli fekk vi den triste meldinga om at Bente Opsvik var død. Bente var med i vennskapsarbeidet mellom Lærdal og Jeriko frå starten, og ho sat i styret for Vennskap Jeriko-Lærdal i fleire periodar. Ho gjorde ein stor innsats for Jerikolaget, ikkje minst for Jerikobui og i samband med besøka frå Jeriko. I bisetjinga den 24. juli heldt Anna minneord, og Jerikolaget gav ei minnegåve til kreftforskinga. Vi saknar ho Bente, og minnest henne med stor takksemd.

 

Jerikoturen vart utlyst i veka 3-11. november, og 18 deltakarar melde seg på. Det var ei passe stor og veldig triveleg gruppe med deltakarar både frå Lærdal, nabobygdene og andre deler av landet. Turen gjekk på alle vis fint, og høgdepunkta var mange: Vi vart tradisjonen tru høgtideleg mottekne på rådhuset av gamle kjenningar, nyvald ordførar Salem Grouf og eit par kommunestyremedlemmer. Faste innslag var også omvising på Freistingsfjellet, Hishams Palass, Elishas kjelde, bading i Daudehavet og andre attraksjonar. Men overnatting i beduinleiren Rashaydeh og nattevandring i ørkenen mot soloppgangen over Daudehavet var ei ny og heilt spesiell oppleving for alle. Det var også barnedåpen i Saint Gerasimus-klosteret og dåpsfesten i restauranten hans Khalil. At alle 18 vart inviterte hit, fortel om ei romsleg gjestfriheit som vi berre kan ta av oss hatten for. Gjestfrie Jumah svikta heller ikkje, så også dit vart alle 18 inviterte på full middag. Oddbjørn Ramstad frå gruppa vår hadde med trekkspelet, så det vart både spel og dans! Festkvelden i Lærdal Park og i Khadewi-grannelaget vart eit anna høgdepunkt. Det var taler ved ordførarane, frå Khadewi-grannelaget og frå Viggo Jørgensen på Det norske representasjons-kontoret til Palestina. Opptoget med trekkspelmusikk frå parken til huset der vi skulle eta, var heilt unikt! Minnerik vart òg avskjedskvelden ved Elishas Kjelde, som markerte 20 års vennskap mellom dei to kommunane våre. Fyrste besøket frå Lærdal til Jeriko var i oktober 1997.

 

Gruppa var elles invitert på spennande bedriftsbesøk, skulefolka gjennomførte sine viktige møte, ordførarane og vennskapskontaktane møttest og la planar. Turen var elles utlyst som ein «bibelsoge-tur» med besøk både til Betlehem, Nasaret og Jerusalem, og dette vart også gjennomført etter planen. Nok ein gong fekk vi kjenna kor stort det er å koma både til vennskapsbyen og til dette heilt spesielle landet, både for dei som har vore der før, og for dei som er med for fyrste gong. Vennskap Jeriko-Lærdal er takksam for tilleggsløyvinga frå Lærdal kommune på kr. 60 000.- som reisestøtte til dei som hadde offisielle oppdrag, og for kr. 10 000,- i gåve til Lærdal Park i samband med 20 årsjubileet for vennskapssamarbeidet. Dette vart eit kjærkome bidrag til inventar i huset dei no byggjer i parken. Lærdal Park er ein møteplass og til stor glede for folket i Khadewi-området. – Sigrid Svartefoss, tidlegare journalist i Sogn Avis var med i gruppa til Jeriko, og ho laga ein flott reportasje i avisa frå turen.

 

Kontakten med Jeriko utanom besøka skjer mest på Facebook, men også på telefon og e-post. Ordføraren og leiaren sende som vanleg eit offisielt julebrev frå Lærdal til Jeriko. Elles nyttar vi Helg og Kvardag, Sogn Avis og Porten til informasjon. Lasse Sælthun (reisegruppa) og Ingebjørg Voll (skulegruppa) deltok på fleire av styremøta i 2017. Styret takkar båe for ein stor og viktig innsats. Guro Eri Jakobsen har overteke ansvaret for heimesida vår, http://jericholaerdal.org.

 

I 2017 hadde Vennskap Jeriko-Lærdal berre 32 betalande medlemmer. Det var ein stor nedgang frå 51 i 2016, og grunnen er nok at vi for fyrste gong sende ut innbetalingskrav på e-post. I 2018 har vi derfor sendt ut dette i vanleg papirbrev att, og så langt har 44 betalt. Den erfaringa tyder på at e-post er fin til ymse medlemskontakt, men ikkje til utsending av innbetalingskortet.

 

Ei gledeleg overrasking fekk vi då Ivar Otto Rikheim kontakta oss for å gje Vennskap Jeriko-Lærdal ei gåve på kr. 14 000.- , pengar som stod att frå Ljøsne Satelittfjernsyn. Vennskap Jeriko-Lærdal er svært takksame for gåva, som vil koma godt med i arbeidet vårt.

 

Samarbeidet i styret er godt, og også utanom styret legg mange ned ein stor frivillig innsats. Det betyr også mykje at ordføraren prioriterer vennskapsarbeidet med Jeriko så høgt som han gjer. Vi vil også takka vennene våre i Jeriko for måten dei tek imot oss på. Dei har alltid noko å læra oss!

 

Lærdal, 26. februar 2018

For styret i Vennskap Jeriko-Lærdal

 

Anna Jorunn Avdem

Comments Off on Årsmelding 2017Merkelappar:

Årsmøte og Jeriko-kveld torsdag 1.mars kl 18.00

22/02/2018 · arrangement og informasjon

2018 Plakat Årsmøte 1.3.2018

Comments Off on Årsmøte og Jeriko-kveld torsdag 1.mars kl 18.00Merkelappar:

BLI MED PÅ TUR TIL JERIKO OG PALESTINA I NOVEMBER

12/08/2017 · historikk, Rapportar og referat

November er ei ypparleg tid for ei reise til varmare strøk. I dagane 2.-10.november kan du bli med Vennskap Jeriko-Lærdal på ei heilt spesiell reise til Jeriko og andre reisemål i Palestina/Israel. Turen varer i ni dagar og går fyrst og fremst til vennskapsbyen Jeriko, men Betlehem, Jerusalem, Nasaret, Genesaretsjøen og Daudehavet står også på programmet. Dette blir med andre ord eit heilt spesielt høve til å oppleva bibelsoga på nært hald.

Det blir også ei spesiell oppleving å koma til vennskapsbyen vår – både for dei som har vore der før og kan treffa att venner og kjende, og for dei som får oppleva den store gjestfriheita der for fyrste gong. Eit høgdepunkt i programmet blir feiringa av 20-årsjubileet til vennskapsavtala mellom Jeriko og Lærdal, som vart underskriven i 1997.

Vi bur alle åtte nettene på Oasis Hotel i Jeriko. Det er eit flott hotell med eit fantastisk badeanlegg. Dei som blir med på turen som turistar for eiga rekning står fritt i om dei vil vera med på det opplagde programmet dag for dag, eller om dei til dømes vil slappa av ein dag eller to på hotellet.

Turen kostar kr. 12 000.- for dei som bur på dobbeltrom og kr. 15 000.- for dei som bur på enkeltrom. Dette inkluderer reisa Lærdal-Jeriko tur/retur med buss og fly, overnatting med frukost og omvising i Jeriko. Utgifter til bussturar, inngangsbillettar, andre måltid o.a. der nede kjem i tillegg.

Vi har undersøkt ulike billettalternativ, og det er mest truleg at vi reiser med Aeroflot og har ei mellomlanding i Moskva. Reiseruta blir da slik:

Torsdag 2. november:

Avreise med buss frå Lærdalsøyri  kl. 06.00

Fly frå Gardermoen   kl. 13.05

Mellomlanding /ventetid i Moskva 2 timar

Ankomst Tel Aviv   kl.22.45 (21.45 norsk tid)

Ankomst Jeriko          ca. kl. 01.00

 

Fredag 10. november:

Avreise med buss frå Jeriko  kl. 08.00

Fly frå Tel Aviv   kl. 13.10

Mellomlanding / ventetid i Moskva 2 timar

Ankomst Gardermoen  kl. 21.05

Ankomst Lærdal med buss          ca. kl. 03.00

Desse reisetidene kan sjølvsagt bli litt endra når vi tingar billettane endeleg, men i så fall får alle i reisefølgjet melding om det i god tid. Dei i reisefølgjet som ikkje bur i Sogn, reiser til og frå Gardermoen på eiga hand og gruppa der.

Påmeldingsfrist: 1. september. Påmelding til: Lasse Sælthun – 91 18 16 65 – seltun@online.no eller Anna J. Avdem – 47 64 25 32 – anna@avdem.no

Ynskjer du meir informasjon, må du også ta kontakt med ein av oss. Vi svarer på store og små spørsmål etter beste evne. Ta ikkje minst kontakt dersom du er interessert, men likevel usikker.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Ny tur til Jeriko i november – feirar 20 års venskap!

10/05/2017 · arrangement og informasjon

I 1997 reiste formannskapet i Lærdal til Jeriko, verdas eldste by.
Der møtte dei kommunestyret og fekk ei avklaring om at arbeidet med venskapsavtale skulle halde fram.

VJL-19971011-OlavMagne-Jarle-GerdBerit-Anna-Hans

Informasjonen om turen på Lærdal kommune si verdsvevside!

Påmeldingsfrist 20.juni til

Lasse Sælthun 91 18 16 05 eller seltun@online.no

eller Anna J. Avdem 47 64 25 32 eller anna@avdem.no

Ynskjer du meir informasjon, må du også ta kontakt med oss. Vi svarer på store og små spørsmål etter beste evne. Ta ikkje minst kontakt dersom du er interesser, men likevel usikker.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Jerikokveld og årsmøte 2015

30/01/2016 · arrangement og informasjon

Årsmøte og Jerikokveld med bilete og forteljingar frå skulebesøka i 2015

vert halde på Doktorheimen torsdag 4.februar

19.00 Årsmøtet

20.00 Jerikokvelden

Hjarteleg velkomne

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Årsmelding 2015

30/01/2016 · arrangement og informasjon

ÅRSMELDING 2015
VENNSKAP JERIKO-LÆRDAL

Styret for Vennskap Jeriko – Lærdal har i 2015 hatt følgjande medlemmar:
Anna Jorunn Avdem (leiar) vara: Kristin Bolstad
Anna Gjesdal (nestleiar) vara: Bente O. Opsvik
Berit Kaardal (kasserar) vara: Margunn Thue
Jan Geir Solheim (ordførar, styremedlem) vara: Geir Øverland / Trond Øien Einemo
Guro Eri Jakobsen (skrivar) vara: Bente Øien Hauge / Aud Irene Ramshus

Jan Geir Solheim og Guro Eri Jakobsen er valde av Lærdal kommune, og dei vart etter kommunevalet hausten 2015 attvalde for perioden 2015-19. Varafolka Trond Øien Einemo og Aud Irene Ramshus er nye. Berit Kaardal, Anna Gjesdal og Anna J. Avdem med varafolk er valde av årsmøtet i Vennskap Jeriko-Lærdal (VJL). Valnemnd er Rein Arne Golf og Maritha Tønjum Skjerdal. Lars Øyvind Vikesland er revisor.

SKULESAMARBEID har vore hovudsatsinga i samarbeidet mellom Jeriko og Lærdal dei siste åra. Det var også dette vi søkte støtte til frå Vennskap Nord/Sør, og etter mykje om og men (som vi kjem attende til seinare i årsmeldinga) fekk vi kr 80 000.- for 2015.
Dette året har vi gjennomført heile tre besøk, alle med lærarar. Det fyrste besøket var eigentleg ein del av 2014-opplegget, men sidan det vart seint på året, fekk vi godkjent å gjennomføra besøket i februar 2015. Dei to lærarane Samar Alhennawi og Amal Farraj og inspektør Lana Almuakat frå Jeriko var i Lærdal 7-14. februar. Dei hadde ei tøff reise der dei fyrst vart haldne att i eit par timar i politikontroll på Gardermoen og deretter kom ut for eit forrykande uvêr i lag med sjåfør Jan Geir på Filefjell. Men etter at dei omsider var vel framme i Lærdal var besøket deira svært vellykka. Dei hadde eit travelt program med besøk på alle tre skulane og barnehagane, og dei hadde også eit høgtideleg møte med kommunestyret. Høgdepunktet var Jerikodagen på Lærdalsøyri skule tysdag 10. februar, der også Bjørn Gunnar Saltnes frå Kirkens Nødhjelp/EAPPI, ordførar Jan Geir Solheim og fleire av oss i Jerikolaget deltok. Alle elevane og lærarane på skulen var med på eit flott program som til og med omfatta palestinsk mat. På heimvegen følgde Lasse og Anna dei tre lærarane til Oslo, og der hadde vi arbeidsmøte med Katrine Sivertsen frå Vennskap Nord/Sør og drøfta søknaden om 2015-midlar.
På årets andre reise, 6-13.november, drog lærarane Ingebjørg Voll og Monica Hille og rektor Terje Horvei frå Lærdalsøyri skule på gjenvisitt til Jeriko. Ingebjørg var reiseleiar, og dei hadde også ein travel og vellykka tur. Målet var å koma vidare med skulesamarbeidet og få til vennskapsavtalar mellom skular i Jeriko og Lærdal. Dei besøkte heile åtte skular, nokre barnehagar og Ministry of Education. Dei fekk innblikk i ein heilt annleis skulekvardag enn den norske, med ei spennvidd frå privatskular med relativt god økonomi til lutfattige, små beduinskular i okkupert område utanfor Jeriko.
Det tredje besøket kom like etter, 17-24. november, da lærarane Najeh Balou, Rasha Wahdan og Ghadir Shamma kom frå Jeriko til Lærdal. Denne gongen varsla vi politiet på Gardermoen på førehand om gjestene som vi venta, og vêrgudane gjorde turen over fjella med Lasse rask og grei. Dei brukte også det meste av tida si på skule- og barnehagebesøk, og fekk såleis etter måten god tid både i klassane og til samtale med lærarkollegaene sine. Attendeturen til Oslo tok dei åleine med buss, og Eldbjørg Holte var kjentkvinne i Oslo i lag med dei.
Det er så langt ikkje skrive vennskapsavtale mellom nokon skular i Jeriko og Lærdal, men skulekontakten har likevel teke mange steg vidare dette året. Den 2. mars var Anna innkalla til drøfting med leiinga på Lærdalsøyri skule, og arbeidet held fram, mellom anna med å integrera vennskapsbyen i skulen sine fagplanar for ulike alderssteg.
VENNSKAP NORD/SØR (VNS) OG ØKONOMIEN: Vi har i fleire år erfart at kravet til søknader og rapportar til VNS har vorte større og større. Vi har gjort vårt beste og tilpassa oss nye rutinar, men verkeleg urolege vart vi da det i tillegg kom signal om at støtteordninga kunne bli redusert. På grunn av denne usikkerheita vart t.d. søknadsfristen for 2015-midlar utsett til godt utpå nyåret. Seinare på våren kom sjokkmeldinga: NORAD-midlane til lokalsamfunns-programmet i VNS var kutta ut, inga støtte skulle utbetalast i 2015! Gamle aktivistar vakna, og fleire av oss vennskapsgruppene planla brev, lesarinnlegg og ymse aksjonar. Men VNS stoppa oss, situasjonen var uklar. Etter nokre dagar kom det så melding om at NORAD hadde gjort ein saksbehandlingsfeil, og at gruppene som dreiv med skulesamarbeid skulle likevel få støtte. Vi var blant dei heldige og kunne gjennomføra planane våre for 2015, men meldinga var klar: Frå 2016 ville det ikkje bli statlege midlar til arbeid som vårt. Seinare utover året har dette vore tema på fleire møte utan at det vedtaket har vorte endra. Det blir ikkje pengar å søkja på i 2016.
Den 10-11. april inviterte Vennskapsgruppa Hamar-Khan Younis til vennskapsbyseminar, og der var dei fleste av palestinagruppene i Noreg samla til ei nyttig og triveleg helg. Frå Lærdal møtte Lasse Sælthun og Anna J. Avdem. Katrine Sivertsen frå VNS var også til stades, og ved sida av å utveksla Palestina-erfaringar var dei økonomiske utfordringane eit viktig tema.
Den 13. juni inviterte VNS til dagsseminar og idédugnad på Gardermoen. Anna møtte for VJL og gav klart uttrykk for den frustrasjonen vi i vennskapsgruppene føler når NORAD kuttar tilskotta til det viktige mellomfolkelege arbeidet vi driv, og ikkje minst over at VNS altfor lenge nærmast gav oss munnkorg så vi ikkje fekk ta til motmæle mot denne avgjerda. NORAD var ikkje til stades, men signala derifrå var dei same: Dei vil prioritera konkret bistandsarbeid, og helst større og lett målbare prosjekt. Styret i VNS informerte om sin innsats i saka, men brukar mykje tid på spørjeskjema og evalueringar og har så langt ikkje oppnådd endring av avgjerda.
I oktober inviterte VNS til landsmøte. I samband med det tok underteikna kontakt med Anndi Lomeland Jakobsen i Stavanger, og saman fekk vi til eit møte for palestinagruppene med Utanriksdepartementet for å drøfta situasjonen. Den 16. oktober møtte vi underdirektør Anne Ødegaard Røtzer og aspirant Maria Hunskaar i Palestinasekjonen i UD. Frå oss møtte Anndi Lomeland Jakobsen (Stavanger-Nablus), Trond Pedersen (Nes-Jayyous), Gro Herefoss Davidsen (Tromsø-Gaza) og Anna J. Avdem (Jeriko-Lærdal). Vi fekk klare meldingar om at UD kjenner til grasrotarbeidet vi gjer og ser det som svært viktig. Dei hevdar at det ikkje er endra politiske føringar som er årsaka til at støtta blir kutta, men heller endra byråkratiske krav i NORAD. Seinare på dagen hadde vi møte med AP-representanten Torstein Tvedt Solberg frå Rogaland, som lova å stilla spørsmål til utanriksminister Brende om finansieringa av VNS.
Dagen etter, den 17. oktober var det landsmøte og 25-årsjubileum for VNS. Både styreleiar Per Kr. Lunden og dagleg leiar Heidi Thon gjorde greie for situasjonen – som er uendra: NORAD vil verken stø skule- eller lokalsamfunnssamarbeid vidare, og grunngjevinga er både politisk og byråkratisk. Situasjonen er dramatisk for VNS, og organisasjonen står i fare for å bli nedlagt. Dei har likevel sendt inn ny hovudsøknad til NORAD for 2016-18 og håpar det beste. Både frå oss i palestinagruppene og andre fekk leiinga kritikk for at ein ikkje hadde nytta kompetansen i gruppene til lobbyverksemd mykje tidlegare.
VJL fekk som sagt midlar til å gjennomføra planlagde tiltak i 2015, og vi sende før nyttår inn både tekstleg og rekneskapsmessig rapport for dei. Rekneskapen viser at kassa vår ikkje er heilt skrapa, men skal vi utvikla kontakten med Jeriko framover, må vi skaffa pengar på heilt nye måtar. Styret har drøfta denne saka og ber årsmøtet må ta stilling til kva vi skal gjera. Vaksne lærdøler kan sjølvsagt betala reisene sine heilt eller delvis som før, men folk frå Jeriko, ungdommar og andre som reiser med spesielle oppdrag, må få reisetilskott. Møte mellom menneska, ansikt til ansikt, er ein føresetnad for å utvikla vennskapsbanda vidare, og da rekk ikkje tilskotet på kr. 10 000.- frå Lærdal kommune langt. Men pengar finst det nok, både lokalt og nasjonalt, berre vi finn ut korleis vi kan få tak i noko av dei.

JERIKOBUI har i år hatt stor aktivitet, og bui har dei siste åra vore skild ut frå rekneskapen til VJL. Vi har delteke på marknadene både i sommar, haust og før jul, og bui var open kvar laurdag i sommar og utover heile hausten fram til jul. I lag med dei andre buene i Øyragata fekk vi eit oppslag om dette i Sogn Avis. Vi takkar Oddbjørg Ulvik for at vi får vera i Ulviksbui. Utgiftene med bui går til straum og husleige, alt arbeid bli gjort på dugnad. Nytt i år er at vi no har masse flotte broderi frå Kvinnesenteret i Abu Dis, ein landsby nær Jerusalem. Senteret er drive av ekteparet Signe Marie Breivik og Ali Ayad, og kontakta dit går gjennom dottera Sara Ayad. Bui vår får gjennom dette eit betre og svært fargerikt vareutval, og vi stør eit viktig arbeid blant vanskelegstilte palestinske kvinner. Svært vellykka var også salet av julekrubber frå Betlehem på julemarknaden. Vi takkar Ingebjørg og dei andre som frakta heim alle krubbene, og vi oppsummerte at dette må vi gjera meir av. Dei gjekk som ”varmt brød”!
Siste nytt frå bui er elles at vi på nyåret kjøpte varelageret som vi i lang tid har hatt i kommisjon frå palestinabutikken Al Quds i Oslo. Vi vart samde om ei nedskriving av prisen på varelageret til kr. 5000.- og fekk da råd til å kjøpa det ut. Dette forenklar arbeidet i bui. Styret meiner Jerikobui på ein fin måte synleggjer vennskapen med Jeriko både for lærdøler og tilreisande, og vi takkar alle trufaste støttespelarar som er med og tek eit tak slik at dette dugnadsprosjektet går så greitt.

ARBEIDET I LAGET har gått på det jamne i 2015. Styret har hatt 12 møte, som naturleg nok har vore mest konsentrert i tida rundt besøka. Skulekontakt Ingebjørg Voll har delteke på mange av møta, og styret vil særleg takka henne og dei andre skulefolka for ein stor innsats dette året. Vi vil også takka reisekontakt Lasse Sælthun og altmogleg- og varakvinne Bente Opsvik for god hjelp. Bente er også den som har ansvaret for heimesida vår, http://jericholaerdal.org. Informasjon og kontakt mellom vennskapskommunane går i våre dagar mykje på Facebook, Instagram og liknande, ved sida av telefon og e-post. Elles nyttar vi Helg og Kvardag til å informera, og både Sogn Avis og Porten er flinke til å dekkja besøk og andre hendingar.

I 2015 hadde Vennskap Jeriko-Lærdal 53 betalande medlemmer. Medlemstalet har gått ned dei siste åra. Vi har nok minst like mange aktive som før, men har nok mista mange av dei meir passive støttespelarane. Styret bør i 2016 gjera ein ekstra innsats både for å halda på desse og verva nye medlemmar. Vi vil samstundes takka alle medlemmar og andre støttespelarar for godt samarbeid. Leiaren vil også takka for det gode samarbeidet i styret. Det er lett å dela på arbeid og ansvar. Heilt til slutt vil vi takka vennene våre i Jeriko, og særleg kontaktkvinna Wiam Erikat, som alltid er tilgjengeleg, stiller opp og legg til rette på ein flott måte. Vi har sagt det før og tek gjerne opp att: Utan vennskapen med Jeriko hadde vi lærdølene vore eit fattigare folk.

Vi står framfor store utfordringar med å få økonomi til å føra dette samarbeidet vidare. Styret er innstilt på å bretta opp ermene, mobilisera støttespelarar og greia det. 2016 blir eit viktig år.

Lærdal, 24. januar 2016
For styret i Vennskap Jeriko-Lærdal

Anna Jorunn Avdem
– leiar –

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Lærarvitjing frå Jeriko!

09/02/2015 · arrangement og informasjon

Samar, Lana og Amal

Lærarne Samar, Lana og Amal på Sanden Pensjonat. Foto: Ingebjørg Voll
Dei hadde ei strabasiøs reise til Lærdal!

Flyet gjekk frå Amman grytidleg laurdag klokka 3.
Det tok ei stund å kome seg gjennom passkontrollen på føremiddagen.
Sjåføren frå Gardermoen fekk ordna opp i problema, men av same årsak rakk ikkje Tyinkrysset før det kun var tungtrafikk som fekk køyre i kolonna over Filefjell.
Dei var framme rundt midnatt, – utslitne men med eksotisk erfaring frå snøstorm og hjelp til bilar som hadde køyrt seg fast i snøen! Jerikolærarane var heldige, sjåføren Jan Geir har køyrt i styggever før.

I går var dei på tur til Øvre Årdal. I dag er dei på Rådhuset, skulen og Doktorheimen. I kveld møter dei lærarane på “Strandsitjaren”.

I morgon er det Jerikodag på skulen. Det er laga program for alle elevane på skulen knytt til venskapsarbeid. Samar, Amal og Lana fortel frå sine ulike skular. Vi møtte Bjørn Gunnar Saltnes frå Kirkens Nødhjelp/EAPPI sitt ledsagerprogram i Jordandalen i oktober 2014, han vil også ta del i Jerikodagen.
Elevane får god lønsj på skulen!

Onsdag er det Vaffelhjarte på skulen, lærarane vitjar Ljøsne skule og om kvelden skal dei innom skøytekarusellen på skeisebana på Øyri.

Torsdag får Barnehagen og skulen på Borgund besøk. På ettermiddagen deltek dei på kommunestyremøtet.
Fredagsmorgonen reiser dei til Oslo. Dei møter Vennskap Nord-Sør og Palestina sin ambassade til Noreg før dei fer heim til Jeriko via Amman på laurdag.

Medan dei er her et dei nokre måltid i private heimar og er med i ulike planleggingsmøte.

→ Ingen kommentararMerkelappar: