Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Jeriko

Jeriko – ein grøn oase i Jordan-dalen, blir gjerne kalla Palmebyen. 10 km nord for Daudehavet og 30 km aust for Jerusalem. Jeriko ligg 250 m.U.h med eit klima med varme somrar og milde, solrike vintrar.

Jeriko er ein jordbruksby, særleg kjend for å produsere fine sitrusfrukter, dadlar, bananer, blomster og vintergrønsaker.
Klimaet har gjeve grunnlag for turisme i uminneleg tider.

Jeriko er rekna for å vere verdas eldste by, dei eldste utgravne ruinane er 10 000 år gamle. Her ligg spanande reisemål tett, – bymurane og restane av Hisham sitt palass og Elisjas kjelde og utgangspunktet for taubana opp til Fristelsens fjell, der ein kan sjå klosterkyrkja og nyte utsikta over byen og omland.

Jeriko har også mange andre viktige historiske stadar, ikkje minst kjende frå Bibelen. Framleis kan ein sjå morbærtreet som tollaren Sakkeus klatra i for å få betre oversyn.
Jesus sin døypestad ved Jordanelva, og på veg til Daudehavet kan ein oppleve Dier hajlah eller St.Georgs kloster og mosaikkarbeidet der.

Elisjas kjelde gjev byen både drikkevatn og mykje av vatningsvatnet. Vassressursane er trua.

Det bur omlag 45.000 menneske i Jeriko, om ein reknar med landsbyane omkring og dei to flyktningeleirane.

Jeriko var den første palestinske byen som fekk sjølvstyre i 1994.

Jeriko har ein Lærdal park, styrt av nabolaget kring parken. VJL ser føre seg at deler av programmet Lærdal bidreg med til 10 000-årsfeiringa i oktober skal skje i Lærdal park.

Jeriko kommune overset deler av heimesida si til engelsk, her er lenkje til den!

No Comments

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment