Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Årsmelding 2018

31/03/2019 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

VENNSKAP JERIKO-LÆRDAL (JERIKOLAGET)

 

ÅRSMELDING 2018

 

Styret for Vennskap Jeriko – Lærdal har i 2018 hatt følgjande medlemmar:

 

Anna Jorunn Avdem (leiar)                           vara: Ingebjørg Voll

Kristin Bolstad (nestleiar)                             vara: Maritha Tønjum Skjerdal

Berit Kaardal (kasserar)                                 vara: Kari Blåflat

Jan Geir Solheim (ordførar, styremedlem)    vara: Trond Øien Einemo

Guro Eri Jakobsen (skrivar)                           vara: Annike Renate Vanberg

 

Jan Geir Solheim, Guro Eri Jakobsen, Trond Øien Einemo og Annike Vanberg er valde av Lærdal kommune for perioden 2015-19. Dei andre er valde av årsmøtet i Vennskap Jeriko-Lærdal (VJL). Valnemnd er Rein Arne Golf og Olaug Skjerdal, og Lars Øyvind Vikesland er revisor.

 

2018 markerer eit viktig år i soga om Jerikolaget. Det viktigaste er at Lærdal kommune har teke att det økonomiske ansvaret for vennskapsarbeidet, slik kommunen hadde dei fyrste åra. Utan prosjektmidlar frå Vennskap Nord-Sør, som vart nedlagt, har vennskapsarbeidet hatt ein svært usikker økonomisk situasjon. Jerikolaget har drøfta dette med kommunen både skriftleg og munnleg, og i sak 53/18 vedtok Lærdal kommunestyre at ei fast, årleg støtte på kr. 100 000 til Vennskap Jeriko-Lærdal skal fast inn på kommunebudsjettet. Det skal sjølvsagt rapporterast for midlane etter avtale, og eventuelle ubrukte midlar skal betalast attende til kommunen.

 

Med sikrare økonomi vart det også mogleg å invitera til nytt besøk frå Jeriko. Ordførar Salem Ghrouf kom i spissen for ein delegasjon på åtte medlemmer som besøkte Lærdal 25. september – 2. oktober (siste døgnet var dei i Oslo). Av desse var to av gjestene i ein spesiell situasjon: Jeriko kommune betalte reisa for tolk og delegasjonsleiar Marwan Samarat, og reisa til lærdalsvennen Juma Jalayta var betalt gjennom ei kronerulling blant medlemmene i VJL. Dei fem andre som besøkte Lærdal denne gongen var: Khaled Dabees (kommunestyremedlem og bonde), Alaa Ghrouf (lærar), Ammar Sahqboa (Lærdal Park), Abdallah Barahmah og Alaa Jafreh (elevar).

 

Besøket vart ei triveleg og travel veke. I samråd med gjestene sette vi opp eit variert program som omfatta gardsbesøk og Lærdal Grønt, skulebesøk, Borgund stavkyrkje, konsert med Longhorn, tur til Aurland og ikkje minst tur til Nigardsbreen, som vart ei stor oppleving for ørkenfolket. Høgdepunktet vart vel likevel markeringa av 20-årsjubileet for den offisielle underskrivinga av vennskapsavtalen. Festen gjekk av stabelen laurdag 29.9. og starta med ei open markering i Kvammegården under haustmarknaden og heldt fram med jubileumsmiddag på Lindstrøm hotell same kvelden. Inviterte var Lærdal kommunestyre, dei fem ordførarane frå desse 20 åra og medlemmene i Vennskap Jeriko-Lærdal. 46 personar var til stades, og alle var samde om at det vart ein høgtideleg og fin kveld. Vi hadde musikk av Tom Karlsrud og Gudmund Bolstad Skjær, og Hans A. Tønjum heldt tale om starten på vennskapen. Ordførarane heldt sjølvsagt sine talar, gåver vart overrekte og maten var god. Sogn Avis var til stades i Kvammegården og hadde reportasje om jubileet. Siste døgnet av besøket hadde gjestene i Oslo, der Liv Signe Navarsete organiserte besøk på Stortinget, og gjestene fekk eit møte med Det palestinske representasjonskontoret.

 

Sidan besøket skjedde på tampen av turistsesongen, kunne gjestene bu på Lindstrøm hotell heile veka. VJL vil retta ein stor takk til Britt og Knut ikkje berre for den fine måten dei tok imot gjestene på, men også for at dei gav heile opphaldet som gåve. Den gåva tilsvarer ein verdi på heile kr 45 000! Mange andre gjorde også ein stor dugnadsinnsats: Ordføraren køyrde to turar til Gardermoen/Oslo og Jostedalen med minibuss og tok på langt nær full betaling, fleire andre inviterte på heimbesøk og køyrde både i og utanfor Lærdal, og både styret og andre brukte sjølvsagt mykje tid både til planlegging og gjennomføring av besøket. Slik må det vera, og det er berre kjekt – særleg når alt går så bra!

 

Jerikobui blir som før driven på dugnad, og er open under marknadene og på laurdagane om sommaren. Broderia har vi i kommisjon frå Kvinnesenteret i Abu Dis v. Signe Marie Breivik og Sara Ayad. Dei andre varene kjøper vi frå Al Quds i Oslo. Vi får nytta butikklokala gratis frå Lindstrøm, noko vi er svært takksame for. Den heilt store omsetnaden har vi ikkje i bui vår, men vi reknar det som minst like viktig at vi her kan visa fram vennskapen til både bygdefolk og turistar. Vi har i år delteke på to-tre møte med kommunen og frivilligsentralen for å drøfta samarbeid med ein mogleg bruktbutikk i desse lokala, og vi har stilt oss positive til eit samarbeid med dette prosjektet. Kristin Bolstad har hovudansvaret for å organisera opningstider og folk til å stå i bui, og styret takkar både henne og dei andre butikkdamene for innsatsen.

 

Som før, skjer det meste av kontakten med Jeriko utanom besøka på Facebook, men også på telefon og e-post. Etter besøket fekk vi høgtideleg takkebrev frå ordførar Salem Ghrouf, og ordførar Jan Geir og leiar Anna sende som vanleg eit offisielt julebrev frå Lærdal til Jeriko. Elles nyttar vi Helg og Kvardag, Sogn Avis og Porten til informasjon.

 

Den 18. april deltok vi med stand på Internasjonal kveld i kulturhuset. Sidan førre årsmøte har styret hatt 10 styremøte. Fleire av dei har vore utvida med to gode støttespelarar, Lasse Sælthun (reisegruppa) og Ingebjørg Voll (skulegruppa). Styret takkar båe for ein stor og viktig innsats. Guro Eri Jakobsen har ansvaret for heimesida vår, http://jericholaerdal.org.

 

I 2018 har Vennskap Jeriko-Lærdal 76 betalande medlemmer, ein klar auke frå 2017, då vi for fyrste gong sende ut innbetalingsinformasjon på e-post og fekk berre 32 betalande. Den erfaringa viser at e-post er fin til ymse medlemskontakt, men ikkje til utsending av innbetalingskortet.

 

Samarbeidet i styret er godt. Alle tek ansvar og legg ned ein stor frivillig innsats. Også utanom styret har vi mange gode hjelparar. Somme er nemnde i årsmeldinga, andre ikkje. Men alle er nødvendige i vennskapsarbeidet og skal ha stor takk! Det betyr elles mykje at ordførar Jan Geir prioriterer vennskapsarbeidet så høgt som han gjer. Vi vil også i år takka vennene våre i Jeriko for eit flott samarbeid. Ekstra viktig var det at ordførar Salem Ghrouf i år tok turen til Lærdal.

 

Lærdal, 14. januar 2019

 

For styret i Vennskap Jeriko-Lærdal

 

Anna Jorunn Avdem

 

Merkelappar: