Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Ny Jeriko-tur i oktober!

23/02/2014 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

 700

Vil du ha eit minne for livet? Bli med på tur til Jeriko!

Vi planlegg ny tur til vennskapsbyen vår i oktober, og også denne gongen opnar vi for at alle interesserte kan bli med på ein heilt spesiell ferietur. Reisedatoane er ikkje heilt fastlagde, men vi satsar på veke 41, haustferien, og reknar med å bruka noko av helgene før og etter til reisa.

Vi reiser med felles buss frå Lærdal, fly frå Gardermoen til Tel Aviv og har også eigen buss derifrå til Jeriko. I Jeriko bur i på Hotel InterContinental, som er eit veldig fint hotell, og som ikkje minst har eit flott badeanlegg. Prisen for reisa + hotell blir om lag kr 10 000.- (dobbeltrom) og  kr 12 000.- (enkeltrom). Vi må ta atterhald om at prisen kan endra seg litt.

Programmet er ikkje heilt fastlagt enno. Men utanom å oppleva Jeriko med vennene våre, dei 10 000 år gamle bymurane, Freistingsfjellet og andre attraksjonar, planlegg vi tur til Betlehem, Jerusalem og Hebron. Den som reiser som turist for eiga rekning, står sjølvsagt fritt til sjølv å velja kor mykje av fellesprogrammet ein vil vera med på.

Det blir informasjonsmøte om Jerikoturen onsdag 9. april kl. 19.00 i kommunestyresalen.

(NB – Det har tidlegare vore kunngjort ein annan dato. Men fordi vi måtte utsetja møtet, er det denne datoen som gjeld!)
Ynskjer du fleire opplysningar, eller rett og slett vil melda deg på turen, kontakt:

Lasse Sælthun – 911 81 665 – lsaelthu@online.no, seltun@online.no

Bente Opsvik   – 906 46 008 – opsvik@gmail.com

Anna J Avdem  – 476 42 532 – anna@avdem.no

Merkelappar:

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment