Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Årsmelding 2017

01/03/2018 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

VENNSKAP JERIKO-LÆRDAL (JERIKO-LAGET)

 

ÅRSMELDING 2017

 

Styret for Vennskap Jeriko – Lærdal har i 2017 hatt følgjande medlemmar:

Anna Jorunn Avdem (leiar)                           vara: Ingebjørg Voll

Kristin Bolstad (nestleiar)                             vara: Maritha Tønjum Skjerdal

Berit Kaardal (kasserar)                                 vara: Kari Blåflat

Jan Geir Solheim (ordførar, styremedlem)     vara: Trond Øien Einemo

Guro Eri Jakobsen (skrivar)                           vara: Annike Renate Vanberg

 

Jan Geir Solheim, Guro Eri Jakobsen, Trond Øien Einemo og Annike Vanberg er valde av Lærdal kommune for perioden 2015-19. Dei andre er valde av årsmøtet i Vennskap Jeriko-Lærdal (VJL). Valnemnd er Rein Arne Golf og Olaug Skjerdal, og Lars Øyvind Vikesland er revisor.

 

I 2016 var det ikkje arrangert besøk verken til eller frå Jeriko på grunn av sviktande økonomi, så i 2017 var det ei hovudmålsetjing å arrangera tur til vennskapsbyen. Reisenemnda (Lasse, Jan Geir og Anna) starta derfor året med to planleggingsmøte for ein ny tur. Og tur vart det, men sidan den gjekk av stabelen i november, kjem omtalen seinare i årsmeldinga.

 

Jerikobui var huslaus etter at vi i hui og hast måtte flytta ut av Ulviksbui sommaren 2016. Vi var rådville om kvar vi kunne finna nye lokale som vi kunne ha råd til å leiga, men kom på at vi kunne spørja Knut Lindstrøm om å få vera i eit hjørne av dei tidlegare KIWI-lokala deira. Knut og Britt ynskte oss raust velkomne dit, så der starta vi eit større dugnadsprosjekt fyrst i juni. Jerikolaget kjøpte lettvegger som Berit og Rein Arne sette opp til avgrensing av butikklokalet, og deretter hadde Kristin, Berit og Anna mange arbeidstimar med rydding, vasking og fjerning av filmen på dei store butikkrutene. Når dagslyset fekk koma inn og varene våre kom på plass, vart dette ein riktig triveleg butikk. Bui er godt synleg og pyntar opp heile gatebildet. Vi heldt Jerikobui open på laurdagane i sommar og langt utover hausten, i tillegg til marknadene i sommar, haust og før jul. I juli kjøpte vi inn nye varer frå Al Quds, og i november fekk vi inn meir broderi frå Kvinnesenteret i Abu Dis. Da vi også fekk påfyll av julekrubber og keramikk etter Jerikoturen, hadde vi ein riktig flott (om enn litt kald) vennskapsbutikk til julemarknaden. I juli tok vi i bruk Vipps som betalingssystem i tillegg til kontantane, og det fungerer greitt. Kristin er kontaktperson for bui. Styret vil takka Ingrid, Anne Sofie, Kari, Ingebjørg som i tillegg til nokre av oss styremedlemmene trufast stiller opp og står i butikken. Vi vil også takka alle som var med på dugnaden med å få den nye Jerikobui i orden, og sist – men ikkje minst – Brit Isdal og Knut Lindstrøm for at vi får bruka butikklokala deira.

 

Den 11. juli fekk vi den triste meldinga om at Bente Opsvik var død. Bente var med i vennskapsarbeidet mellom Lærdal og Jeriko frå starten, og ho sat i styret for Vennskap Jeriko-Lærdal i fleire periodar. Ho gjorde ein stor innsats for Jerikolaget, ikkje minst for Jerikobui og i samband med besøka frå Jeriko. I bisetjinga den 24. juli heldt Anna minneord, og Jerikolaget gav ei minnegåve til kreftforskinga. Vi saknar ho Bente, og minnest henne med stor takksemd.

 

Jerikoturen vart utlyst i veka 3-11. november, og 18 deltakarar melde seg på. Det var ei passe stor og veldig triveleg gruppe med deltakarar både frå Lærdal, nabobygdene og andre deler av landet. Turen gjekk på alle vis fint, og høgdepunkta var mange: Vi vart tradisjonen tru høgtideleg mottekne på rådhuset av gamle kjenningar, nyvald ordførar Salem Grouf og eit par kommunestyremedlemmer. Faste innslag var også omvising på Freistingsfjellet, Hishams Palass, Elishas kjelde, bading i Daudehavet og andre attraksjonar. Men overnatting i beduinleiren Rashaydeh og nattevandring i ørkenen mot soloppgangen over Daudehavet var ei ny og heilt spesiell oppleving for alle. Det var også barnedåpen i Saint Gerasimus-klosteret og dåpsfesten i restauranten hans Khalil. At alle 18 vart inviterte hit, fortel om ei romsleg gjestfriheit som vi berre kan ta av oss hatten for. Gjestfrie Jumah svikta heller ikkje, så også dit vart alle 18 inviterte på full middag. Oddbjørn Ramstad frå gruppa vår hadde med trekkspelet, så det vart både spel og dans! Festkvelden i Lærdal Park og i Khadewi-grannelaget vart eit anna høgdepunkt. Det var taler ved ordførarane, frå Khadewi-grannelaget og frå Viggo Jørgensen på Det norske representasjons-kontoret til Palestina. Opptoget med trekkspelmusikk frå parken til huset der vi skulle eta, var heilt unikt! Minnerik vart òg avskjedskvelden ved Elishas Kjelde, som markerte 20 års vennskap mellom dei to kommunane våre. Fyrste besøket frå Lærdal til Jeriko var i oktober 1997.

 

Gruppa var elles invitert på spennande bedriftsbesøk, skulefolka gjennomførte sine viktige møte, ordførarane og vennskapskontaktane møttest og la planar. Turen var elles utlyst som ein «bibelsoge-tur» med besøk både til Betlehem, Nasaret og Jerusalem, og dette vart også gjennomført etter planen. Nok ein gong fekk vi kjenna kor stort det er å koma både til vennskapsbyen og til dette heilt spesielle landet, både for dei som har vore der før, og for dei som er med for fyrste gong. Vennskap Jeriko-Lærdal er takksam for tilleggsløyvinga frå Lærdal kommune på kr. 60 000.- som reisestøtte til dei som hadde offisielle oppdrag, og for kr. 10 000,- i gåve til Lærdal Park i samband med 20 årsjubileet for vennskapssamarbeidet. Dette vart eit kjærkome bidrag til inventar i huset dei no byggjer i parken. Lærdal Park er ein møteplass og til stor glede for folket i Khadewi-området. – Sigrid Svartefoss, tidlegare journalist i Sogn Avis var med i gruppa til Jeriko, og ho laga ein flott reportasje i avisa frå turen.

 

Kontakten med Jeriko utanom besøka skjer mest på Facebook, men også på telefon og e-post. Ordføraren og leiaren sende som vanleg eit offisielt julebrev frå Lærdal til Jeriko. Elles nyttar vi Helg og Kvardag, Sogn Avis og Porten til informasjon. Lasse Sælthun (reisegruppa) og Ingebjørg Voll (skulegruppa) deltok på fleire av styremøta i 2017. Styret takkar båe for ein stor og viktig innsats. Guro Eri Jakobsen har overteke ansvaret for heimesida vår, http://jericholaerdal.org.

 

I 2017 hadde Vennskap Jeriko-Lærdal berre 32 betalande medlemmer. Det var ein stor nedgang frå 51 i 2016, og grunnen er nok at vi for fyrste gong sende ut innbetalingskrav på e-post. I 2018 har vi derfor sendt ut dette i vanleg papirbrev att, og så langt har 44 betalt. Den erfaringa tyder på at e-post er fin til ymse medlemskontakt, men ikkje til utsending av innbetalingskortet.

 

Ei gledeleg overrasking fekk vi då Ivar Otto Rikheim kontakta oss for å gje Vennskap Jeriko-Lærdal ei gåve på kr. 14 000.- , pengar som stod att frå Ljøsne Satelittfjernsyn. Vennskap Jeriko-Lærdal er svært takksame for gåva, som vil koma godt med i arbeidet vårt.

 

Samarbeidet i styret er godt, og også utanom styret legg mange ned ein stor frivillig innsats. Det betyr også mykje at ordføraren prioriterer vennskapsarbeidet med Jeriko så høgt som han gjer. Vi vil også takka vennene våre i Jeriko for måten dei tek imot oss på. Dei har alltid noko å læra oss!

 

Lærdal, 26. februar 2018

For styret i Vennskap Jeriko-Lærdal

 

Anna Jorunn Avdem

Merkelappar: