Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Første dag – gjester av Lærdal kommune

15/10/2011 · arrangement og informasjon

 

Zeinah,  Queen, Alf jr, Razan, Arne, Lasse, Jumah, Mousa, Marwan, Mahmoud, Mujahed & Mohammed
Alle bileta er scanna frå laurdagens Sogn Avis
Etterkvart kom også verdsvevversjonen av artikkelen i Sogn Avis

 

Jumah og Marwan overrekkjer den offisielle gåva frå Jeriko kommune til rådmannen.

Jumah lagar kaffi på rådhuskantina til ordføraren og alle dei hine (Faksimile Sogn Avis 14.10. Klikk på biletet for større versjon).

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Alt vel med jerikanarane, – trass i sein avreise frå Gardermoen!

13/10/2011 · arrangement og informasjon

Gode sengar er klare for dei langvegesfarande og når dei vaknar i morgon tidleg, vert det stor frukost ved fjorden!

Temaet for fredagen er  Lærdal kommune. Det inneber naturlegvis mellom anna vitjing på Rådhuset og møte med representantar frå Ungdomsrådet og naturlegvis spasertur rundt om på Øyri.

Seinare på dagen vert det vitjing på eit av dei store kraftverka i kommuna vår.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Nytt besøk frå Jeriko til Lærdal

10/10/2011 · arrangement og informasjon

Torsdag 13. oktober kjem det storbesøk til Lærdal: Ni gjester frå sommarvarme Jeriko kjem på vennskapsbesøk til det haustkalde Lærdal.

Ei stor gruppe lærdøler var på jubileumsfeiring i verdas eldste by i fjor haust,
og no er det tid for gjenvisitt.

Vi er spesielt glade for at så mange ungdommar er med denne gongen:
Dei yngste er på 12 og 13 år og sit i Barnas kommunestyre i Jeriko.
Også andre ungdommar er med, mellom anna ei jente som har fått utvekslingsstipend og skal studera ved Høgskule i Sogndal neste år.
At barn og unge får kontakt er viktig i vennskapsarbeidet, derfor kjem det også ein representant frå skulekontoret i Jeriko.

For fyrste gong kjem også eit medlem i Al Khadewi ”grendalag” til
Lærdal. Dei har ansvaret for å drifta av Lærdal Park i Jeriko, og parken er ein
godt halden samlingsstad ikkje minst for ungane i området.
Ein video frå Lærdal Park  – Arve Uglum  – Nrk oktober 2010

Sjølve heidersgjesten i gruppa er gjestfrie Jumah. Mange hugsar nok han som bakaren på Lærdalsmarknaden i 2004.
– Etter at han var i Lærdal, har han invitert heim til seg alle lærdøler som har vore i Jeriko! No er vi mange som gler oss til at han skal koma på besøk til oss.

Gruppa har eit tettpakka program den veka dei skal vera her: På fredag
er dei Lærdal kommune sine gjester og har program både på rådhuset og elles på
Øyri. På laurdag skal dei oppover bygdi og mellom anna sjå Borgund Stavkyrkje,
og på søndag legg vi opp til tur med Flåmsbana og andre naturopplevingar i
Aurland.
Måndag og tysdag blir det besøk på skulane, barnehagane og kulturskulen, og
tysdagskvelden er både bygdafolk og palestinarar velkomne til ein stor
norsk-palestinsk kulturkveld i Kulturhuset.

Styret i Vennskap Jeriko – Lærdal oppmodar alle lærdøler om å nytta
høvet til å bli kjent med gjestene frå vennskapsbyen vår. Det er både spennande
og gjevande å knyta vennskapsband over grensene, og det er dessutan flott om
mange stiller opp og hjelper til under besøket. Vi treng sjåførar til å køyra
dei rundt på ulike aktivitetar, og både laurdagskvelden og måndagskvelden legg
vi opp til at gruppa kan dela seg og koma på besøk heim til alle dykk som
inviterer. Ikkje minst oppmodar vi ungdommane i bygda om å ta kontakt med
ungdommane som er på besøk. Dette er ein eineståande sjanse til å få nye
venner! Ring Anna Avdem 47 64 25 32 eller Bente Opsvik 906 46 008,
så formidlar vi kontakt!

Anna J. Avdem
Leiar i Vennskap Jeriko – Lærdal

 

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Vitjing frå Jeriko 13.-20.oktober

08/09/2011 · arrangement og informasjon

Styret i VJL planlegg i desse dagar vitjinga saman med Ungdomsrådet, Kulturskulen, Kulturkontoret og Oppvekstkontoret.

Denne gongen er det fleire yngre jerikanarar som kjem, – mellom dei to representantar frå Barnas kommunestyre som er høvesvis 12 og 13 år,
ei som skal studere i Sogndal frå neste haust og to andre yngre vaksne.
Elles tilsette på skuleadministrasjonen og kommuneadministrasjonen og ein representant frå Al Khadewi-grendalaget, dei som tek seg av Lærdal Park.

Det vert lagt opp til eit breitt program for dei ni gjestene – med ein kulturkveld 18.oktober.

For oss som har vitja Jeriko, er det spesielt gledeleg at Jumah kjem.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Jerikoutstilling på Lærdal Folkebibliotek

28/03/2011 · arrangement og informasjon

 

Opningstidene på Lærdal Folkebibliotek
Måndag og onsdag 15-19
Tysdag og torsdag 12-16

Siste veka har det vakse fram ei utstilling
om vennskapsarbeid – Jeriko – Palestina – Midt Austen
på Lærdal Folkebibliotek på Lærdalsøyri skule.

Biblioteket har funne fram eit breitt utval av bøker og informasjon.
Det vert vist mange bilete frå Jerikoreiser og Jerikobesøk  og nokre av dei mange tekstilane og gåvene som Lærdal kommune har motteke sidan den første førehandsavtalen vart underskriven av Abed Al-Karum Sidr og Hans A. Tønjum.

Underskriving av førehandsavtalen 12 oktober 1997

10.000 år gamle murar måtte naturlegvis besiktigast av Formannskapet under den aller første Jerikoreisa i 1997.

 

 

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Nyhende frå Palestina

22/03/2011 · Rapportar og referat

Ma’an News Agency har lista sine pressemeldingar knytt til Jeriko her!

Hovudsida for alle pressemeldingar & nyheldemeldingar frå Ma’an News Agency.

Bilde frå Kveldsmaten i Bedehuset endeleg lagt inn der den skulle, sjå førre post!
På Biblioteket på Lærdalsøyri barne og ungdomsskule byrjar utstillinga om vennskapsarbeidet å ta form.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Vennskap Nord/Sør med palestinske partnarmøte

10/03/2011 · arrangement og informasjon

Vennskap Nord/Sør si vevside – engelsk versjon

Denne helga arrangerer Vennskap Nord/Sør kurs, der partnarane for dei palestinske vennskapsgruppene møtest. Det vert partnarmøte med gjennomgang av samarbeidet og planlegging av vidare samarbeidsprosjekt.

På vegne av vennskapsarbeidet mellom Jeriko og Lærdal møtest Weaam og Aesha & Anna og Berit.
Weaam og Aesha vert med attende til Lærdal i to travle dagar. Møte med Høgskulen i Sogndal står på programmet på måndag og på tysdag er det ulike møter i Lærdal.

Det er no klart for ein student frå Jeriko neste semester på høgskulen i Sogndal – meir info kjem!

Travle dagar for Weeam og Aesha – dei budde hjå Jon og Hallvard på Sanden Pensjonat og siste kvelden var det kveldsmat på Bedehuset der ein del av dei som har vore i Jeriko dei siste 14 åra var inviterte med relativt kort varsel.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Årsmelding 2010

28/02/2011 · arrangement og informasjon

Styret har i arbeidsåret 2010 vore samansett slik:

Anna Jorunn Avdem (leiar) – vara Kristin Bolstad
Arne Sanden (nestleiar) – vara Eva Hage Solstad
Olaug Skjerdal ( skrivar) – vara Lars Petter Nesse
Marianne Voldum (kasserar) – vara Margunn Thue
Brita Einemo (styremedlem) – vara Jarle Vindedal

Ordførar Arne Sanden og formannskapsmedlem Olaug Skjerdal med varafolk er innvalde frå Lærdal kommune, medan Brita Einemo, Marianne Voldum og Anna J. Avdem med varafolk er valde inn i styret av årsmøtet i Vennskap Jeriko-Lærdal. Valnemnd er Sissel Aarethun og Rein Arne Golf. Ingrid Hauge er revisor. Laget har i 2010 om lag 100 betalande medlemmer.

I årsmeldinga i fjor skreiv vi om 10 000-årsjubileet til Jeriko, verdas eldste by, som var utsett til 2011.
Stor var derfor overraskinga då vi i mars fekk innbyding til å delta i feiringa – som no var bestemt til 10. oktober 2010! Då var det berre å snu seg rundt og intensivera planlegginga, for Jeriko ynskte klart at vi skulle delta i feiringa. 7.april arrangerte vi derfor eit stort planleggingsmøte med styret og alle som hadde vore i Jeriko i fjor haust, og det vart bestemt at vårt bidrag skulle vere todelt: Vi ville satsa på å delta på konserten 10.oktober, og vi ville arrangere folkefest i Lærdal Park (Laerdal Garden) i lag med kjenningar i Jeriko, og då særleg Khadewi Neighbourhood, som har ansvaret for drifta av parken.

Musikken var sentral i dette opplegget. Men Tom Karlsrud tok på seg å leie musikkgruppa, og då visste vi at ho var i trygge hender. Det vart bestemt at Tom og Anna skulle reisa til Jeriko for å planlegge feiringa. Turen var planlagd til april, slik at Anna samtidig kunne delta på ein konferanse i Jeriko om norsk samarbeid med Palestina. Men oskeskya frå vulkanutbrotet på Island gjorde at vi måtte utsetje turen – til juni. Då fekk vi møta både kommuneleiinga i Jeriko, det palestinske turistdepartementet og andre, og vi fekk betre innblikk både i dei planane som fanst og i kva som enno ikkje var planlagt. I Ramallah gjorde vi óg avtale med musikaren Jamil Sayeh om å samarbeida med musikkgruppa vår. Sjå elles eige referat.

Vel heime att, starta arbeidet med å søkja visum og planleggja besøk av Jamil Sayeh, som vi ynskte kunne koma til Lærdal for å øva i lag med musikkgruppa vår. Gruppa var sett saman for dette høvet: Tom Karlsrud (akkordeon, leiar), Marius Dille Tufte (gitar), Erlend Apneseth (fele), Guro Eri Jakobsen (song) og Jostein Avdem Fretland (piano). Musikkgruppa var samla og øvde heile veke 29, og Jamil kom frå Palestina og var i lag med dei 21.-25. juli. Samspelet gjekk flott, og etter at dei fredag 23.juli hadde ein fin konsert i Kvammegården , pusta vi letta ut og visste at ei sentral brikke i jubileumsbidraget vårt var “på plass”. Under besøket sitt budde Jamil på Lærdal Ferie- og Fritidspark , og det meste av tida hans gjekk med til musikk. Men han fekk også tid til å besøkja tre heimar, og fekk seg m.a. ein tur til Aurland.

Lasse Sælthun hadde tidleg kasta fram ideen om at vi skulle arrangera tur for ei større gruppe lærdøler i samband med jubileet i Jeriko. Vi lyste ut turen alt i mai, og interessa var overveldande! Vi reserverte 45 billettar, og dei vart fort borttinga. Nokre få, i hovudsak studentane med klare oppdrag i samband med feiringa, fekk dekt reise og opphald av laget. Dei andre betalte alle utgiftene sjølve, både dei som hadde oppdrag i samband med jubileet og dei som reiste som turistar. Dei fleste som reiste var lærdøler, enten busette eller utflytte, men i gruppa var det også folk frå Leikanger, Sogndal, Aurland og Årdal. Lasse Sælthun, Bente Opsvik og Anna Avdem var reiseleiarar. Informasjon på førehand vart gjort både gjennom pressa, brev, heimesida vår og gjennom to orienteringsmøte, 27.mai og 22.september.

Sjølve reisa vart gjennomført 7.-14.oktober, og turen var svært vellukka på alle vis. “The Laerdal Music Group” spela på jubileumskonserten framfor rådhuset, der det var mykje folk og stor stemning! Dei deltok også på jubileumsfesten i Laerdal Garden , der det også vart servert kaffi, norske vafler og palestinske kaker, dansa palestinske og norske dansar, lese dikt og ikkje mist gått på tremannsski – slik vi gjer på 17.mai i Lærdal. Her vart også jubileumsgåva vår overlevert: Norske og nordiske bøker omsette til arabisk (verdi 10.000 kroner), og utkast til ein intensjonsavtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane om eit studentstipend. Vonleg kjem stipendordninga i gang til neste år. Sjå elles eige referat frå turen.

Arve Uglum frå NRK-Sogn og Fjordane var med på turen, og Andreas Hadsel Opsvik skreiv for Sogn Avis og Porten, så sogningane heime fekk dagleg informasjon om det vi dreiv med. Turen vart dekt i ulike media: NRKS&Fj. (radio), Vestlandsrevyen, Norge i dag, Sogn Avis, Porten, avisa Dagen og CNN. Vi sende også skype-helsing frå jubileet i Jeriko til 20-årsjubileet til Vennskap Nord/Sør. Vi takkar Arve og Andreas for flott innsats! Vi takkar også alle 45 som var med og hjelpte til med alt som skulle gjerast – frå spel og dans til vaffelsteik og skigåing, og ikkje minst for den gode tonen i gruppa. Turen vart såleis ei stor oppleving for alle. Styret vil likevel spesielt takka Bente Opsvik og Lasse Sælthun for deira store innsats som turoperatørar. Vi vonar óg at turoperatørane vil nytta erfaringane ein no har til å arrangera nye turar seinare, slik at stadig fleire lærdøler får oppleva Jeriko og Palestina – på godt og vondt.

Vi vil óg takka Bente Opsvik og Ove Ingvar Feidje for godt arbeid med heimesida til VennskapJeriko-Lærdal. På http://jericholaerdal.org kan ein no finne bilete og aktuell informasjon om vennskapsarbeidet, og det er veldig bra.

Jerikobui har også hatt eit godt år. I desember 2009 deltok vi på julemarknaden i gamle KIWI-lokala, og juleomsetnaden vår fekk då stor auke. På Lærdalsmarknaden hadde vi marknadsbu ute i gata, og på sommarlaurdagane og på Haustmarknaden var vi inne i Eldhuset. Styret takkar Eldbjørg Holte på Al-Quds i Oslo som velvillig held oss med varer i kommisjon, og Ingrid Hauge som hjelper til med å organisera bui. Takk også til alle dykk som er med og sel varer i bui og på den måten gjer vennskapen med Jeriko synleg.

Eit problem dette året var at vi av ulike grunnar ikkje fekk noko økonomisk støtte til kultursamarbeid frå Vennskap Nord/Sør. Då kom det godt med at vi hadde restmidlane frå kulturutvekslinga i 2004 ståande på “sperra konto” nett til eit slikt høve. I 2004 vart som kjent berre besøket frå Jeriko til Lærdal gjennomført, fordi det vart så uroleg i Midt-Austen at gjenvisitten frå Lærdal til Jeriko måtte avlysast. I praksis vart den gjennomført no i 2010, og desse pengane berga iallefall jubileumsprogrammet vårt.
Jubileet i Jeriko og dei tre reisene i samband med det har teke det aller meste av tida og innsatsen vår dette året. Men det var viktig, og heilt i samsvar med ynska frå Jeriko. Vi har såleis ikkje kome lenger med boka om vennskapsarbeidet eller andre store tiltak. Men Gerd Berit Tønjum held orden på arkivet vårt og legg dermed eit flott grunnlag for skrivinga. I oktober deltok Lasse SælthunInternasjonal veke på Årdal vidaregåande skule med føredrag om Jeriko, Palestina og vennskapsarbeidet.

I 2010 har vi hatt heile 13 styremøte, og seks av dei har vore utvida med reiseleiarane og dei ansvarlege for mat, dans og musikk. Musikkgruppa har også hatt sine øvingar, så mange har såleis vore svært aktive i vennskapsarbeidet dette året. I tillegg til møta nyttar vi flittig telefon og e-post, særleg i dei hektiske periodane. Styret takkar alle medlemmer og andre som hjelper til med små og store tenester. Vi takkar også kvarandre for eit svært aktivt arbeidsår som har ført vennskapen med Jeriko mange steg framover.
Lærdal, 22.november 2010
For styret i Vennskap Jeriko-Lærdal
Anna Jorunn Avdem

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Jerikobui

27/11/2010 · arrangement og informasjon

Jerikobui open adventslaurdagane 27.11, 4.12, 11.12 10-16.00
og adventssøndag 28.11. 14-18.00

I år som i fjor deltek Jerikobui på julemarknad på “Gamle Kiwi”, – det betyr Øyraplassen 5!
(Lindstrøm Hotel har Øyrapl. 3 og Lærdal rådhus har adresse Øyrapl 7.)

Varer frå Al Quds i Oslo.

Elles på Gamle Kiwi har Lærdal husflidslag sal av av varer og julekaker!
– og ulike andre lag, organisasjonar, privatpersonar og firma.
Kaffi og vafler.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Mimrekveld for jerikofararar

23/11/2010 · arrangement og informasjon

torsdag 25.november kl.19.00
– etter årsmøtet i Vennskap Jeriko – Lærdal, som startar kl. 18.00!

Vi startar mimrekvelden med lysbildekåseri frå Jerikoturen ved Lars Øyvind Vikesland og Ove Feidje. På denne delen av programmet vert også årsmøtet i Vennskap Jeriko – Lærdal invitert.
Etterpå:
– Oppsummering av turen: Økonomi og evaluering, ved Lasse Sælthun
– Drøftingar og meir mimring
– Middag

→ Ingen kommentararMerkelappar: