Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Nytt besøk frå Jeriko til Lærdal

10/10/2011 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

Torsdag 13. oktober kjem det storbesøk til Lærdal: Ni gjester frå sommarvarme Jeriko kjem på vennskapsbesøk til det haustkalde Lærdal.

Ei stor gruppe lærdøler var på jubileumsfeiring i verdas eldste by i fjor haust,
og no er det tid for gjenvisitt.

Vi er spesielt glade for at så mange ungdommar er med denne gongen:
Dei yngste er på 12 og 13 år og sit i Barnas kommunestyre i Jeriko.
Også andre ungdommar er med, mellom anna ei jente som har fått utvekslingsstipend og skal studera ved Høgskule i Sogndal neste år.
At barn og unge får kontakt er viktig i vennskapsarbeidet, derfor kjem det også ein representant frå skulekontoret i Jeriko.

For fyrste gong kjem også eit medlem i Al Khadewi ”grendalag” til
Lærdal. Dei har ansvaret for å drifta av Lærdal Park i Jeriko, og parken er ein
godt halden samlingsstad ikkje minst for ungane i området.
Ein video frå Lærdal Park  – Arve Uglum  – Nrk oktober 2010

Sjølve heidersgjesten i gruppa er gjestfrie Jumah. Mange hugsar nok han som bakaren på Lærdalsmarknaden i 2004.
– Etter at han var i Lærdal, har han invitert heim til seg alle lærdøler som har vore i Jeriko! No er vi mange som gler oss til at han skal koma på besøk til oss.

Gruppa har eit tettpakka program den veka dei skal vera her: På fredag
er dei Lærdal kommune sine gjester og har program både på rådhuset og elles på
Øyri. På laurdag skal dei oppover bygdi og mellom anna sjå Borgund Stavkyrkje,
og på søndag legg vi opp til tur med Flåmsbana og andre naturopplevingar i
Aurland.
Måndag og tysdag blir det besøk på skulane, barnehagane og kulturskulen, og
tysdagskvelden er både bygdafolk og palestinarar velkomne til ein stor
norsk-palestinsk kulturkveld i Kulturhuset.

Styret i Vennskap Jeriko – Lærdal oppmodar alle lærdøler om å nytta
høvet til å bli kjent med gjestene frå vennskapsbyen vår. Det er både spennande
og gjevande å knyta vennskapsband over grensene, og det er dessutan flott om
mange stiller opp og hjelper til under besøket. Vi treng sjåførar til å køyra
dei rundt på ulike aktivitetar, og både laurdagskvelden og måndagskvelden legg
vi opp til at gruppa kan dela seg og koma på besøk heim til alle dykk som
inviterer. Ikkje minst oppmodar vi ungdommane i bygda om å ta kontakt med
ungdommane som er på besøk. Dette er ein eineståande sjanse til å få nye
venner! Ring Anna Avdem 47 64 25 32 eller Bente Opsvik 906 46 008,
så formidlar vi kontakt!

Anna J. Avdem
Leiar i Vennskap Jeriko – Lærdal

 

Merkelappar:

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment