Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Årsmelding 2010

28/02/2011 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

Styret har i arbeidsåret 2010 vore samansett slik:

Anna Jorunn Avdem (leiar) – vara Kristin Bolstad
Arne Sanden (nestleiar) – vara Eva Hage Solstad
Olaug Skjerdal ( skrivar) – vara Lars Petter Nesse
Marianne Voldum (kasserar) – vara Margunn Thue
Brita Einemo (styremedlem) – vara Jarle Vindedal

Ordførar Arne Sanden og formannskapsmedlem Olaug Skjerdal med varafolk er innvalde frå Lærdal kommune, medan Brita Einemo, Marianne Voldum og Anna J. Avdem med varafolk er valde inn i styret av årsmøtet i Vennskap Jeriko-Lærdal. Valnemnd er Sissel Aarethun og Rein Arne Golf. Ingrid Hauge er revisor. Laget har i 2010 om lag 100 betalande medlemmer.

I årsmeldinga i fjor skreiv vi om 10 000-årsjubileet til Jeriko, verdas eldste by, som var utsett til 2011.
Stor var derfor overraskinga då vi i mars fekk innbyding til å delta i feiringa – som no var bestemt til 10. oktober 2010! Då var det berre å snu seg rundt og intensivera planlegginga, for Jeriko ynskte klart at vi skulle delta i feiringa. 7.april arrangerte vi derfor eit stort planleggingsmøte med styret og alle som hadde vore i Jeriko i fjor haust, og det vart bestemt at vårt bidrag skulle vere todelt: Vi ville satsa på å delta på konserten 10.oktober, og vi ville arrangere folkefest i Lærdal Park (Laerdal Garden) i lag med kjenningar i Jeriko, og då særleg Khadewi Neighbourhood, som har ansvaret for drifta av parken.

Musikken var sentral i dette opplegget. Men Tom Karlsrud tok på seg å leie musikkgruppa, og då visste vi at ho var i trygge hender. Det vart bestemt at Tom og Anna skulle reisa til Jeriko for å planlegge feiringa. Turen var planlagd til april, slik at Anna samtidig kunne delta på ein konferanse i Jeriko om norsk samarbeid med Palestina. Men oskeskya frå vulkanutbrotet på Island gjorde at vi måtte utsetje turen – til juni. Då fekk vi møta både kommuneleiinga i Jeriko, det palestinske turistdepartementet og andre, og vi fekk betre innblikk både i dei planane som fanst og i kva som enno ikkje var planlagt. I Ramallah gjorde vi óg avtale med musikaren Jamil Sayeh om å samarbeida med musikkgruppa vår. Sjå elles eige referat.

Vel heime att, starta arbeidet med å søkja visum og planleggja besøk av Jamil Sayeh, som vi ynskte kunne koma til Lærdal for å øva i lag med musikkgruppa vår. Gruppa var sett saman for dette høvet: Tom Karlsrud (akkordeon, leiar), Marius Dille Tufte (gitar), Erlend Apneseth (fele), Guro Eri Jakobsen (song) og Jostein Avdem Fretland (piano). Musikkgruppa var samla og øvde heile veke 29, og Jamil kom frå Palestina og var i lag med dei 21.-25. juli. Samspelet gjekk flott, og etter at dei fredag 23.juli hadde ein fin konsert i Kvammegården , pusta vi letta ut og visste at ei sentral brikke i jubileumsbidraget vårt var “på plass”. Under besøket sitt budde Jamil på Lærdal Ferie- og Fritidspark , og det meste av tida hans gjekk med til musikk. Men han fekk også tid til å besøkja tre heimar, og fekk seg m.a. ein tur til Aurland.

Lasse Sælthun hadde tidleg kasta fram ideen om at vi skulle arrangera tur for ei større gruppe lærdøler i samband med jubileet i Jeriko. Vi lyste ut turen alt i mai, og interessa var overveldande! Vi reserverte 45 billettar, og dei vart fort borttinga. Nokre få, i hovudsak studentane med klare oppdrag i samband med feiringa, fekk dekt reise og opphald av laget. Dei andre betalte alle utgiftene sjølve, både dei som hadde oppdrag i samband med jubileet og dei som reiste som turistar. Dei fleste som reiste var lærdøler, enten busette eller utflytte, men i gruppa var det også folk frå Leikanger, Sogndal, Aurland og Årdal. Lasse Sælthun, Bente Opsvik og Anna Avdem var reiseleiarar. Informasjon på førehand vart gjort både gjennom pressa, brev, heimesida vår og gjennom to orienteringsmøte, 27.mai og 22.september.

Sjølve reisa vart gjennomført 7.-14.oktober, og turen var svært vellukka på alle vis. “The Laerdal Music Group” spela på jubileumskonserten framfor rådhuset, der det var mykje folk og stor stemning! Dei deltok også på jubileumsfesten i Laerdal Garden , der det også vart servert kaffi, norske vafler og palestinske kaker, dansa palestinske og norske dansar, lese dikt og ikkje mist gått på tremannsski – slik vi gjer på 17.mai i Lærdal. Her vart også jubileumsgåva vår overlevert: Norske og nordiske bøker omsette til arabisk (verdi 10.000 kroner), og utkast til ein intensjonsavtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane om eit studentstipend. Vonleg kjem stipendordninga i gang til neste år. Sjå elles eige referat frå turen.

Arve Uglum frå NRK-Sogn og Fjordane var med på turen, og Andreas Hadsel Opsvik skreiv for Sogn Avis og Porten, så sogningane heime fekk dagleg informasjon om det vi dreiv med. Turen vart dekt i ulike media: NRKS&Fj. (radio), Vestlandsrevyen, Norge i dag, Sogn Avis, Porten, avisa Dagen og CNN. Vi sende også skype-helsing frå jubileet i Jeriko til 20-årsjubileet til Vennskap Nord/Sør. Vi takkar Arve og Andreas for flott innsats! Vi takkar også alle 45 som var med og hjelpte til med alt som skulle gjerast – frå spel og dans til vaffelsteik og skigåing, og ikkje minst for den gode tonen i gruppa. Turen vart såleis ei stor oppleving for alle. Styret vil likevel spesielt takka Bente Opsvik og Lasse Sælthun for deira store innsats som turoperatørar. Vi vonar óg at turoperatørane vil nytta erfaringane ein no har til å arrangera nye turar seinare, slik at stadig fleire lærdøler får oppleva Jeriko og Palestina – på godt og vondt.

Vi vil óg takka Bente Opsvik og Ove Ingvar Feidje for godt arbeid med heimesida til VennskapJeriko-Lærdal. På http://jericholaerdal.org kan ein no finne bilete og aktuell informasjon om vennskapsarbeidet, og det er veldig bra.

Jerikobui har også hatt eit godt år. I desember 2009 deltok vi på julemarknaden i gamle KIWI-lokala, og juleomsetnaden vår fekk då stor auke. På Lærdalsmarknaden hadde vi marknadsbu ute i gata, og på sommarlaurdagane og på Haustmarknaden var vi inne i Eldhuset. Styret takkar Eldbjørg Holte på Al-Quds i Oslo som velvillig held oss med varer i kommisjon, og Ingrid Hauge som hjelper til med å organisera bui. Takk også til alle dykk som er med og sel varer i bui og på den måten gjer vennskapen med Jeriko synleg.

Eit problem dette året var at vi av ulike grunnar ikkje fekk noko økonomisk støtte til kultursamarbeid frå Vennskap Nord/Sør. Då kom det godt med at vi hadde restmidlane frå kulturutvekslinga i 2004 ståande på “sperra konto” nett til eit slikt høve. I 2004 vart som kjent berre besøket frå Jeriko til Lærdal gjennomført, fordi det vart så uroleg i Midt-Austen at gjenvisitten frå Lærdal til Jeriko måtte avlysast. I praksis vart den gjennomført no i 2010, og desse pengane berga iallefall jubileumsprogrammet vårt.
Jubileet i Jeriko og dei tre reisene i samband med det har teke det aller meste av tida og innsatsen vår dette året. Men det var viktig, og heilt i samsvar med ynska frå Jeriko. Vi har såleis ikkje kome lenger med boka om vennskapsarbeidet eller andre store tiltak. Men Gerd Berit Tønjum held orden på arkivet vårt og legg dermed eit flott grunnlag for skrivinga. I oktober deltok Lasse SælthunInternasjonal veke på Årdal vidaregåande skule med føredrag om Jeriko, Palestina og vennskapsarbeidet.

I 2010 har vi hatt heile 13 styremøte, og seks av dei har vore utvida med reiseleiarane og dei ansvarlege for mat, dans og musikk. Musikkgruppa har også hatt sine øvingar, så mange har såleis vore svært aktive i vennskapsarbeidet dette året. I tillegg til møta nyttar vi flittig telefon og e-post, særleg i dei hektiske periodane. Styret takkar alle medlemmer og andre som hjelper til med små og store tenester. Vi takkar også kvarandre for eit svært aktivt arbeidsår som har ført vennskapen med Jeriko mange steg framover.
Lærdal, 22.november 2010
For styret i Vennskap Jeriko-Lærdal
Anna Jorunn Avdem

Merkelappar:

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment