Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Høyr jerikospelemannen vår Erlend Apneseth i kveld

10/07/2012 · arrangement og informasjon

På tysdagane klokka 18.00 i juli er det fire Gjesme-konsertar i foajeen til Sogn kunstsenter.

I kveld er det Erlend Apneseth sin tur.

Erlend studerer på Ole Bull-akademiet og går i lære hjå storspelemannen Håkon Høgemo.
Han har vunne mellom anna Furoreprisen og Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris og er elitespelemann frå i år.

I desse dagar slepper han debutplata si, «Jølster 2012» saman med dei kjende og erfarne folkemusikarane Synnøve Bjørset, Gro Marie Svidal og Sigmund Eikås.
Stoffet han spelar på konserten vil bli noko herifrå og andre hardingfeleslåttar frå Sunnfjord og Sogn.
Konserten startar 18.00 og inngangsbiletten, som kostar 100 kr, inkluderer inngang til Gjesme-utstillinga i Sogn Kunstsenter. Kafeen er open og det vil bli ein pause på midten, der ein kan kjøpa seg kaffi og drøsa.

Dei andre konsertane er:
Tysdag 17. juli: Lars Rossvoll – klassisk gitar
Tysdag 24. juli: Camilla Hole – saksofon (m/ Jostein Avdem Fretland – liveelektronikk)

 

Sogn avis si dobbelside om musikarane og konserten 10.10.2010

→ Ingen kommentararMerkelappar:

29 personar reiser til Jeriko i november 2012.

05/07/2012 · arrangement og informasjon

Eit av dei gode minna frå 2010 turen vi stendig finn fram, er Arve Uglum sitt innslag til Vestlandsrevyen og Dagsrevyen.

Om Laerdal Park i Laerdal street i Jeriko.

Til 10.000 årsmarkeringa i 2010, reiste 45 lærdøler og andre indresogningar.

I år er det 29 påmelde innan fristen, aldersspreiinga er stor.
Vi er spesielt glade for at det er relativt mange unge studentar.

Naturlegvis skal ordførar Jan Geir Solheim vere med.
Han vert den 5. lærdalsordføraren som reiser på venskapstur til Jeriko.

Dette biletet er frå arrangementet i Kultursalen på den siste vitjinga i oktober 2011.

Her sit ordførarane Arne Sanden, Knut Aarethun, Hans A. Tønjum og Olav Wendelbo og dengong påtroppande ordførar Jan Geir Solheim saman med Anna Avdem.

 

Dette biletet er frå 1997 då ordførarane Hans A. Tønjum og Abed Al-Karim Sidr underskreiv førehandsavtalen i oktober 1997

Venskapsarbeidet mellom Jeriko og Lærdal har helde på i 15 år!

Av dei meir kuriøse bileta frå same turen var Hans A. og Anna som las “Helg & kvardag” i Dødehavet.
Biletet er teke av Eli Grotle frå Sogn avis.

 

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Bli med på tematur til Palestina 1. til 7.november

14/06/2012 · arrangement og informasjon

 

Vennskap Jeriko – Lærdal arrangerer tematur til Palestina.
Avreise tidleg morgon 1. november og
heimkomst natt til 8. november.

Pris:
Pr. person i dobbeltrom kr 9 000,-
Pr.person i enkeltrom kr 11 000,-

Dette inngår i prisen :

  • Buss Lærdal – Gardermoen tur /retur
  • Fly Gardermoen – Tel Aviv        ”
  • Buss Tel Aviv – Jeriko                ”
  • Seks overnattingar med frukost på InterContinental Jericho, som er eit hotell med høg standard med flotte rom, god service og eit fantastisk badeanlegg med spatilbod.
  • Guida busstur i Jeriko og omegn
  • Velkomstmiddag første kvelden

Kulturarrangement i Lærdal park:
15 års jubileet for vennskapsavtalen mellom Jeriko og Lærdal vert feira med eit kulturarrangement i Lærdal Park saman med våre palestinske vener.

Påmeldingsturar:
Det vert arrangert fellesturar til Daudehavet, Betlehem og andre reisemål i Palestina. Desse påmeldingsturane er ikkje inkludert i ovannemnde pris.

Forsikringar:
Vanleg reiseforsikring gjeld i Jeriko, forsikring må dei reisande ordne sjølv.

Vi må ta atterhald om at prisen kan bli noko endra på grunn av variasjon i flyavgifter/ved større endringar i dollarkursen


Påmelding
:
Frist for bindande på melding er 20. juni.
Det må innbetalast kr. 3 000,- i forskot til kto.nr.3730.03.44039 ved påmelding.
Resten av beløpet må vere innbetalt ca. 1.september.

Det var informasjonsmøte om turen torsdag  14. juni kl.19.00 på Rådhuset.

Interesserte kan få informasjon ved å vende seg til Bente Opsvik, tlf.90646008 eller Lasse Sælthun tlf.91181665.
Spørsmål kan også stillast til oss via: vennskap@jericholaerdal.org

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Sogn avis sin artikkel om Jerikoturen i november

04/05/2012 · arrangement og informasjon

Jerikoturen slik Sogn avis beskriv den!

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Ny Jerikotur i november 2012

25/04/2012 · arrangement og informasjon

Årets tur vert 1.-7.november.

Førebels er ikkje alle prisane eksakte, men det vert omtrent som i 2010:  9-10.ooo per person.
Reisa tur-retur Lærdal – Gardermoen er inkludert, det vert gjerne også 2 fellesmiddagar.
Sightseeing første dag i Jeriko er inkludert, mange av desse er stadar vi gjerne har vorte kjende med via “Bibelsoga” eller “Kristendomsfaget” i skulen – eller i geografi og historie.
Det er naturleg å vitje utgravingane ved Tel Jericho, der arkeologane har grave ut 10.000 år gamle murar. Like ved er restane av Hisham sitt palass – øydelagd av jordskjelv i år 747 – med fantastiske flislagde badeanlegg og oppvarma vatn i røyr.
Like i nærleiken tek ein gondolbana opp på Freistingsfjellet, der Bibelen fortel, Jesus oppheldt seg i 40 dagar.
Elisjas kjelde – som ein finn i jødisk, muslimsk og kristen tradisjon – ligg på andre side av vegen og er hovedvasskjelda for byen.
Morbærtre vert svært gamle, det Sakkeus klatra opp i iflg bibelsoga, ligg på eigedomen til den russisk-ortodokse kyrkja i Jeriko.

Det er også planlagd med arrangerte turar til byar som Nablus , Hebron eller Betlehem

Det fine badeanlegget på Hotel Intercontinental Jericho vil vere ope i november.
Dødehavet som ligg 410 meter under havoverflata, er vel 1 mil frå hotellet.
Jeriko har vore nytta i mange tusen år som feriestad om vinteren.
Jerusalem som ligg på eit høgdedrag som 650 til 840 meter m.o.h
Vegen frå Jerusalem til Jeriko er omlag 3 mil, sidan Jeriko ligg 260 meter under havoverflata vert det mest nedoverbakkar.

Avreise 1.november frå Oslo 13.45 med ankomst Tel Aviv 0050 med eit stogg på flyplassen i Wien
Avreise 7. november frå Tel Aviv 16.00, med ankomst Gardermoen 22.40

Ta kontakt med Bente O. eller Lasse S. for meir informasjon,

eller bruk epostadressa til laget vennskap@jericholaerdal.org

Det er ikkje noko stort jubileum i 2012, – men i 2010 laga Arve Uglum fleire fine innslag både på radio og tv.
Her er to av dei programinnslaga Arve Uglum laga for Vestlandsrevyen i oktober 2010:

Musikarane frå Indre Sogn – frå øving heime i Lærdal til scena framfor Rådhuset i Jeriko.

Lærdal Park i bydelen Kadewi – historia – bruken og festen.

Steinar Kvigne sin artikkel på Porten – Møtte gamle vener i Jeriko

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Jerikobui på Sogn kunstsenter

25/11/2011 · arrangement og informasjon

Laurdag 26.november 11-17
Søndag   27.november 15-18
Laurdag   3. desember 11-16

Nye keramikkskåler og fat i ulike storleikar.
Nye glasvarer.
Bøker, kremar, skjerf og smykke er gode gåvetips!
Olivenolje og olivensåper er også godt å ha i heimen!

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Årsmøtet på “Bedehuset”

24/11/2011 · arrangement og informasjon

Ingen sjokkerande nyval,
alle tok attval; – Anna Avdem som leiar og personleg vara Kristin Bolstad.
Ingrid Hauge er framleis revisor.
Rein Arne Golf er framleis i valnemndi.

Dei kommunale representantane fyl valperioden,
dette gjeld Jan Geir Solheim med personleg vara Johan Nes har overteke ordførarklubba og styrevervet i VJL etter Arne Sanden -og Guro Eri Jakobsen med personleg vara Bente Øien Hauge har overteke etter Olaug Skjerdal.

Olaug og Arne fekk velfortent takk og keramikk for arbeidet dei har lagt ned i Vennskap Jeriko-Lærdal.

Den nydelege lasagnaen som  Brita Tønjum Einemo laga til Kulturkvelden har vore nedfrosen, den og salat og kaker var årsmøtemiddag!

Olaug Skjerdal tok ein sporty gjennomgang av bileta frå Jerikobesøket 2011, – no er alle bileta tilbake i rett rekkefølge og absolutt lånbar på ein minnepinne – om skular, organisasjonar eller andre ynskjer det!

Ingebjørg Voll gjorde oss merksame på artikkelen på verdsvevsida til  FAU på Lærdalsøyri – her er den:
http://faulaerdal.wordpress.com/2011/10/17/skulebesok-i-lag-med-besok-fra-jeriko/.

Vennskap Jeriko-Lærdal:
ÅRSMELDING 2011
Styret har i arbeidsåret 2011 vore samansett slik:
Anna Jorunn Avdem (leiar)  med  vara: Kristin Bolstad
Arne Sanden  (nestleiar)  med vara: Eva Hage Solstad
Olaug Skjerdal (skrivar)  med vara: Lars Petter Nesse
Berit Kaardal (kasserar) med vara: Margunn Thue
Bente Olaug Opsvik (informasjonsmedarbeidar)  med vara: Jarle Vindedal

Arne Sanden og Olaug Skjerdal med varafolk er valde av Lærdal kommune.
Berit Kaardal, Bente Olaug Opsvik og Anna Jorunn Avdem med varafolk er valde av årsmøtet i Vennskap Jeriko-Lærdal. Valnemnd er Sissel Aarethun og Rein Arne Golf. Ingrid Hauge er revisor. Laget har i 2011 70 betalande medlemmer.

Årsmøtet i fjor vart halde den 25. november, og arbeidsåret 2011 starta med ein vellukka julehandel i Jerikobui. Julemarknaden var i dei tidlegare KIWI-lokala hjå Lindstrøm, og der selde vi for ca. 11 000 kr. Jerikobui var elles open under Lærdalsmarknaden både i sommar og i haust, og på laurdagane i sommar, slik som før om åra. Takk til Ingrid Hauge, som også dette året tek ansvar for vakter og pengar, og til Eldbjørg Holthe på Al Quds i Oslo, som held oss med varer i kommisjon.

Den fyrste store oppgåva vart elles å setja seg inn i dei nye søknadsrutinane til Vennskap Nord/Sør (VNS). Norad-midlar fordelt gjennom Vennskap Nord/Sør er som kjent ei svært viktig finansieringskjelde for arbeidet vårt, og helga 12-13. mars deltok Berit Kaardal og Anna J. Avdem på førebuande partnarmøte og kurs arrangert av VNS i Oslo. Ei viktig side ved det nye programopplegget er at vennskapsgruppene i sør og nord skal samarbeide meir om søknaden,så frå Jeriko kom derfor Wiam Erikat og Aesha Awanja og deltok på det same kurset. Frå Oslo reiste alle vi fire damene til Lærdal, der partnarmøtet heldt fram 14.-15. mars med drøftingar av innhaldet i den felles søknaden som hovudsak. Det gav bra utteljing: Vi fekk 60 000.- til å driva ”folkeleg diplomati”- utveksling av kvardagsliv og kultur mellom Jeriko og Lærdal.

Under besøket var Aesha og Wiam ein dag i Sogndal og drøfta studentstipendet på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dei hadde møte med internasjonal koordinator Ingve Lende, Jan Olav Fretland og rektor Åse Løkeland. Sistnemnde signerte ”International Partner Agreement”, og avtala vart nokre dagar etterpå også signert av Director Basem Shalash ved Al-Quds Open University i Jericho, slik at dei kunne lysa ut stipendet i Jeriko. 19 år gamle Razan Awajneh vartutteken. Ho fekk dessverre ikkje ordna alle formalitetane og teke ein engelsktest innan fristen, så stipendet måtte utsetjast til studieåret 2012-13.
Men Razan fekk ei flott førebuing til det da ho var med som ein av dei ni gjestene hit i oktober.

Under besøket i mars hadde Aesha og Wiam elles offisielle møte med Lærdal kommune og var på besøk i fleire heimar. Siste kvelden deira inviterte vi til open kveld med kveldsmat og lysbilde på ”Bedehuset”. Mange møtte fram og gjorde dette til
ein svært hyggeleg kveld både for gjestene og oss lærdølene. Takk til Lasse Sælthun som køyrde gjestene attende til Gardermoen, og ikkje minst vil vi takka Jon E. Tamnes og Hallvard Trohaug som let gjestene få bu gratis på Sanden
Pensjonat!

I vår laga vi i samarbeid med Lærdal Bibliotek til ei fin utstilling om vennskapsbyen og samarbeidet, med bilde og gjenstandar, litteratur om Jeriko og Palestina og det vi greidde å skaffa av palestinsk litteratur, omsett til norsk.
VJL gav to eksemplar av bøkene vi har i Jerikobui i gåve til biblioteket. Gerd Berit Tønjum, Ingrid Kristina Rio og Bente Opsvik stod for arbeidet.
Utstillinga er midlertidig, men står framleis på biblioteket. Hylla med palestinske bøker blir der permanent.

Hovudaktiviteten vår i år var besøk av ei stor gruppe frå Jeriko, 13.-20. oktober. Dei ni gjestene var  ”handplukka” ut frå innhaldet i søknaden vår, og det var ein svært ungdommeleg delegasjon som kom.
Dei to yngste er 12 og 13 år gamle, flotte representantar for Barnas kommunestyre i Jeriko! Dei andre representerte skuleministeriet, musikk/dans, Al-Khadewi-grendalaget som driv Lærdal Park, Jeriko kommune, var ungdommar og studentar. Kokken Jumah, som har hatt meir enn 60 lærdøler til middag i heimen sin i Jeriko, var invitert som heidersgjest av den store gruppa som var i Jeriko i fjor, og på kulturkvelden vart han utnemnd til æresborgar av Lærdal av
ordførar Sanden.

Gruppa hadde eit allsidig program, med turar, gards- og bedriftsbesøk, og besøk på alle skulane og barnehagane i bygda. Dei fekk oppleva både kultur og vakker vestlandsnatur: Borgund stavkyrkje, dei gamle vegane, tur med Flåmsbana og
hadde ei stor oppleving på båttur i lag med Rein Arne Golf. Dei var på middagsbesøk i mange heimar, og høgdepunktet vart ein flott kulturkveld siste kvelden, med norsk-palestinsk program i ein fullsett kultursal. Blant publikum
var alle fem ordførarane som har vore i Lærdal sidan vennskapen med Jeriko kom i gang. Gjestene budde godt på Lærdal Ferie- og Fritidspark, og vi takkar vertskapet der for god mottaking. Dugnadsgjengen med Berit Kaardal i spissen ordna frukost på ein god måte. Flott var det også at Bente Opsvik kunne vera med gjestene på tilbaketuren til Oslo. Dei stoppa og tende lys ved Utøya, og besøkte m.a. den palestinske ambassaden.

Resultat av besøket vonar vi mellom anna skal blir fleire personlege venner, vennskapsklassar og eit Jerikohjørne i Lærdal, slik Marwan føreslo siste kvelden. Vi ventar spent på konkrete planar frå Jeriko! Besøket vart godt dekt i pressa: To innslag i NRK-Sogn og Fjordane, tre reportasjar i Sogn Avis, ein i Helg og Kvardag og på nettstaden Porten.

Nokre av planane i år har vi ikkje greidd å realisera: CD-innspeling av musikken frå 10 000-årsjubileet i fjor vart både for kostbart og vanskeleg å realisera, og det var heller ikkje prioritert i vedtaket om økonomisk tilskott frå VNS. Vi tek med oss ideen vidare og ser om vi greier å få økonomisk støtte frå fleire kjelder seinare. Vi har heller ikkje fått laga den felles vennskapsbrosjyren,
men har i år heller prioritert arbeidet med heimesida http://jericholaerdal.org, Facebook-grupper og ei mindre brosjyre på norsk. Bente Opsvik gjer ein flott jobb med informasjonsarbeidet.
Kanskje brosjyren/heftet kan koma i samband med 15-årsjubileet vårt neste år?

Ei anna viktig sak vi har jobba vidare med, er å få samla lærestoff og laga lokale læreplanar om vennskapsbyen vår for skulane i Lærdal. Vi har delteke på eitt skuleleiarmøte, og vi ventar no på utspel frå pedagogisk leiar i Lærdal kommune,
som skal setja ned ei arbeidsgruppe på saka. Der skal vi delta.

I januar/februar presenterte Håkon Kvamme og Lasse Sælthun tanken om eit Lærdalshus i Jeriko.Dette er spennande tankar, som både vi i Lærdal og vennene våre i Jeriko tek med oss vidare.

Vi takkar elles Gerd Berit Tønjum, som stadig gjer eit godt og viktig arkivarbeid for oss! Vi takkar også reiseleiar Lasse Sælthun, som i samråd med styret alt er i gang med planar om ein ny tur til neste år. Vi tenkjer oss då eit opplegg som i fjor, der nokre reiser i offisielt vennskapsærend, medan andre i reisefølgjet er turistar og reiser heilt på eigen kostnad.

VJL vil elles retta ein varm takk til dei to kommunale representantane som no går ut av styret, avtroppande ordførar Arne Sanden og formannskapsmedlem Olaug Skjerdal. Dei har båe gjort ein stor innsats, og vi ynskjer dei velkomne i det
vidare vennskapsarbeidet!

Vennskap Jeriko-Lærdal takkar til slutt alle medlemmer og andre støttespelarar for innsatsen i eit aktivt år!  Styret har hatt ni styremøte, mange telefonar, e-postar og sms-ar. Leiaren vil for eiga rekning takka styremedlemmene for at alle er med og deler så godt på arbeid og ansvar.

Lærdal, 22. november 2011
For styret i Vennskap Jeriko-Lærdal
Anna Jorunn Avdem

Årsmøtet slutta seg eit tillegg til årsmeldinga.
Ein stor takk til Anna Jorunn Avdem for alt ho gjer for venskapsarbeidet og leiarskapet av laget.

Årsmøtet vedtok å auke medlemskontingenten for vaksne einskildmedlemmer til kr 150.
Annonse retta mot dei som har nettbank kjem i komande Helg&Kvardag.
Bankgiro 3838.13.52398  Husk å skrive medlemsnamn i merknadsfeltet.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Årsmøte på Bedehuset på Øyri onsdag 23.11.2011 klokka 19.00

27/10/2011 · arrangement og informasjon

Vanlege årsmøtesaker
Lasagne, brød og salat
Bilete frå fleire av fotografane på ulike delar av oktobervitjinga ved Olaug

Meir utfyllande informasjon kjem etterkvart her på verdsvevsida, –
og naturlegvis også sendt direkte til alle medlemmene.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Jerikanarane er vel heime

23/10/2011 · arrangement og informasjon

Zeinah fortel via Fjesboki at bussen frå Amman er framkomen – ho var heime hjå familien i går klokka 10.30 omtrent som planlagt.

ein del bilete frå besøket vert lagt ut her:
https://www.facebook.com/#!/pages/Vennskap-Jeriko-L%C3%A6rdal-Friendship-Jericho-Laerdal/221083580258

På vitjing på kontoret hjå ambassadør Yasser Najjar – eit hyggeleg og informativt besøk i ambassaden i Drammensvegen som nyleg opna  – tidlegare har det vore palestinsk representasjonskontor.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

I samband med besøket frå vennskapsbyen Jeriko

16/10/2011 · arrangement og informasjon


NORSK-PALESTINSK KULTURKVELD

I LÆRDAL KULTURHUS

TYSDAG 18.OKTOBER KL. 19.30 

Spennande kulturprogram
med gjestene frå Jeriko og elevar frå
kulturskulane i Lærdal og Aurland,
kvar for seg og i lag:
Musikk  –  dans –  dikt  –  presentasjon av Jeriko – helsingar
–  og ei overrasking!
GRATIS INNGANG
ALLE ER VELKOMNE!
Arr.: Lærdal kommune / Vennskap
Jeriko-Lærdal

→ Ingen kommentararMerkelappar: