Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Entries from October 2011

Årsmøte på Bedehuset på Øyri onsdag 23.11.2011 klokka 19.00

October 27th, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

Vanlege årsmøtesaker
Lasagne, brød og salat
Bilete frå fleire av fotografane på ulike delar av oktobervitjinga ved Olaug
Meir utfyllande informasjon kjem etterkvart her på verdsvevsida, –
og naturlegvis også sendt direkte til alle medlemmene.

[Read more →]

Tags:

Jerikanarane er vel heime

October 23rd, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

Zeinah fortel via Fjesboki at bussen frå Amman er framkomen – ho var heime hjå familien i går klokka 10.30 omtrent som planlagt.
ein del bilete frå besøket vert lagt ut her:
https://www.facebook.com/#!/pages/Vennskap-Jeriko-L%C3%A6rdal-Friendship-Jericho-Laerdal/221083580258

På vitjing på kontoret hjå ambassadør Yasser Najjar – eit hyggeleg og informativt besøk i ambassaden i Drammensvegen som nyleg opna  – tidlegare har det vore […]

[Read more →]

Tags:

I samband med besøket frå vennskapsbyen Jeriko

October 16th, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

NORSK-PALESTINSK KULTURKVELD
I LÆRDAL KULTURHUS
TYSDAG 18.OKTOBER KL. 19.30 
Spennande kulturprogram
med gjestene frå Jeriko og elevar frå
kulturskulane i Lærdal og Aurland,
kvar for seg og i lag:
Musikk  –  dans –  dikt  –  presentasjon av Jeriko – helsingar
–  og ei overrasking!
GRATIS INNGANG
ALLE ER VELKOMNE!
Arr.: Lærdal kommune / Vennskap
Jeriko-Lærdal

[Read more →]

Tags:

Første dag – gjester av Lærdal kommune

October 15th, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

 

Zeinah,  Queen, Alf jr, Razan, Arne, Lasse, Jumah, Mousa, Marwan, Mahmoud, Mujahed & Mohammed
Alle bileta er scanna frå laurdagens Sogn Avis
Etterkvart kom også verdsvevversjonen av artikkelen i Sogn Avis
 

Jumah og Marwan overrekkjer den offisielle gåva frå Jeriko kommune til rådmannen.
Jumah lagar kaffi på rådhuskantina til ordføraren og alle dei hine (Faksimile Sogn Avis […]

[Read more →]

Tags:

Alt vel med jerikanarane, – trass i sein avreise frå Gardermoen!

October 13th, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

Gode sengar er klare for dei langvegesfarande og når dei vaknar i morgon tidleg, vert det stor frukost ved fjorden!
Temaet for fredagen er  Lærdal kommune. Det inneber naturlegvis mellom anna vitjing på Rådhuset og møte med representantar frå Ungdomsrådet og naturlegvis spasertur rundt om på Øyri.
Seinare på dagen vert det vitjing på eit av dei store kraftverka i […]

[Read more →]

Tags:

Nytt besøk frå Jeriko til Lærdal

October 10th, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

Torsdag 13. oktober kjem det storbesøk til Lærdal: Ni gjester frå sommarvarme Jeriko kjem på vennskapsbesøk til det haustkalde Lærdal.
Ei stor gruppe lærdøler var på jubileumsfeiring i verdas eldste by i fjor haust,
og no er det tid for gjenvisitt.
Vi er spesielt glade for at så mange ungdommar er med denne gongen:
Dei yngste er på 12 […]

[Read more →]

Tags: