Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Vil du bli med og feire Jeriko sitt 10.000-årsjubileum?

04/05/2010 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

Vennskapskommunen vår, Jeriko, er verdas eldste by og skal feire 10 000-årsjubileum i år. Lærdal kommune er invitert til å vere deltakar på jubileet. Den offisielle jubileumsdagen er fastsett til søndag 10. oktober, men jubileet vil truleg strekka seg over fleire dagar. I samband med jubileet vil Vennskap Jeriko – Lærdal gje tilbod til alle interesserte om å delta på ein ”pakketur” til Jeriko med følgjande opplegg og vilkår:

 Pris:
Pr. person i dobbeltrom Kr. 8 500,-
Pr. person i enkeltrom kr.10 000,-

 Dette inngår i prisen:

Buss Lærdal – Gardermoen, tur – retur
Fly Gardermoen – Tel Aviv, tur – retur
Buss tur- retur Tel Aviv – Jeriko

Seks overnattingar inkl. frukost på InterContinental Jericho, som er eit svært fint hotell med flotte rom, god service og fantastiske badebasseng.

Forsikringar er ikkje inkludert i denne prisen, og vi må også ta eit atterhald om at prisen kan bli noko endra på grunn av variasjon i flyskatten.

 Reisetidspunkt og utflukter:
7. oktober: Buss frå Lærdal til Gardermoen, fly til Tel Aviv og buss til Jeriko.
14. oktober: Retur frå Tel Aviv tidleg om morgonen, til Lærdal om kvelden. 

Vi vil arrangere fellesturar til lokale reisemål som Jerikos murar og Mount of Temptation i Jeriko, og vi prøver også å få i stand fellestur til Daudehavet og Betlehem. Utgifter til slike turar kjem i tillegg til prisane ovanfor.

 

Påmelding

Vi har reservert 30 plassar/hotellsenger, i tillegg til dei 8-10 personane som har ansvar for Lærdal si offisielle deltaking i jubileet. Desse 30 plassane vert tildelt etter kvart som folk melder seg på.
Frist for bindande påmelding er 5. juni. Det må innbetalast kr. 2 500,- i forskot til kto.nr. 3730 03 44039 ved påmelding. Skulle turen bli avlyst, får ein sjølvsagt att dette depositumet. I og med at det er ein del arbeid med å arrangere ein slik tur, må vi ta atterhald om at det melder seg tilstrekkeleg med deltakarar.
Det vert informasjonsmøte om turen i kommunestyresalen torsdag 27. mai kl 19.00. Interesserte kan elles få meir informasjon ved å vende seg til Bente Opsvik tlf. 90646008 eller Lasse Sælthun tlf. 91181665.

Merkelappar:

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment