Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Entries Tagged as 'arrangement og informasjon'

29 personar reiser til Jeriko i november 2012.

July 5th, 2012 · No Comments · arrangement og informasjon

Eit av dei gode minna frå 2010 turen vi stendig finn fram, er Arve Uglum sitt innslag til Vestlandsrevyen og Dagsrevyen.
Om Laerdal Park i Laerdal street i Jeriko.
Til 10.000 årsmarkeringa i 2010, reiste 45 lærdøler og andre indresogningar.
I år er det 29 påmelde innan fristen, aldersspreiinga er stor.
Vi er spesielt glade for at det er relativt mange unge […]

[Read more →]

Tags:

Bli med på tematur til Palestina 1. til 7.november

June 14th, 2012 · No Comments · arrangement og informasjon

 
Vennskap Jeriko – Lærdal arrangerer tematur til Palestina.
Avreise tidleg morgon 1. november og
heimkomst natt til 8. november.
Pris:
Pr. person i dobbeltrom kr 9 000,-
Pr.person i enkeltrom kr 11 000,-
Dette inngår i prisen :

Buss Lærdal – Gardermoen tur /retur
Fly Gardermoen – Tel Aviv        ”
Buss Tel Aviv – Jeriko                ”
Seks overnattingar med frukost på InterContinental Jericho, […]

[Read more →]

Tags:

Sogn avis sin artikkel om Jerikoturen i november

May 4th, 2012 · No Comments · arrangement og informasjon

Jerikoturen slik Sogn avis beskriv den!

[Read more →]

Tags:

Ny Jerikotur i november 2012

April 25th, 2012 · No Comments · arrangement og informasjon

Årets tur vert 1.-7.november.
Førebels er ikkje alle prisane eksakte, men det vert omtrent som i 2010:  9-10.ooo per person.
Reisa tur-retur Lærdal – Gardermoen er inkludert, det vert gjerne også 2 fellesmiddagar.
Sightseeing første dag i Jeriko er inkludert, mange av desse er stadar vi gjerne har vorte kjende med via “Bibelsoga” eller “Kristendomsfaget” i skulen – eller i geografi […]

[Read more →]

Tags:

Jerikobui på Sogn kunstsenter

November 25th, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

Laurdag 26.november 11-17
Søndag   27.november 15-18
Laurdag   3. desember 11-16
Nye keramikkskåler og fat i ulike storleikar.
Nye glasvarer.
Bøker, kremar, skjerf og smykke er gode gåvetips!
Olivenolje og olivensåper er også godt å ha i heimen!

[Read more →]

Tags:

Årsmøtet på “Bedehuset”

November 24th, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

Ingen sjokkerande nyval,
alle tok attval; – Anna Avdem som leiar og personleg vara Kristin Bolstad.
Ingrid Hauge er framleis revisor.
Rein Arne Golf er framleis i valnemndi.
Dei kommunale representantane fyl valperioden,
dette gjeld Jan Geir Solheim med personleg vara Johan Nes har overteke ordførarklubba og styrevervet i VJL etter Arne Sanden -og Guro Eri Jakobsen med personleg vara Bente Øien Hauge […]

[Read more →]

Tags:

Årsmøte på Bedehuset på Øyri onsdag 23.11.2011 klokka 19.00

October 27th, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

Vanlege årsmøtesaker
Lasagne, brød og salat
Bilete frå fleire av fotografane på ulike delar av oktobervitjinga ved Olaug
Meir utfyllande informasjon kjem etterkvart her på verdsvevsida, –
og naturlegvis også sendt direkte til alle medlemmene.

[Read more →]

Tags:

Jerikanarane er vel heime

October 23rd, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

Zeinah fortel via Fjesboki at bussen frå Amman er framkomen – ho var heime hjå familien i går klokka 10.30 omtrent som planlagt.
ein del bilete frå besøket vert lagt ut her:
https://www.facebook.com/#!/pages/Vennskap-Jeriko-L%C3%A6rdal-Friendship-Jericho-Laerdal/221083580258

På vitjing på kontoret hjå ambassadør Yasser Najjar – eit hyggeleg og informativt besøk i ambassaden i Drammensvegen som nyleg opna  – tidlegare har det vore […]

[Read more →]

Tags:

I samband med besøket frå vennskapsbyen Jeriko

October 16th, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

NORSK-PALESTINSK KULTURKVELD
I LÆRDAL KULTURHUS
TYSDAG 18.OKTOBER KL. 19.30 
Spennande kulturprogram
med gjestene frå Jeriko og elevar frå
kulturskulane i Lærdal og Aurland,
kvar for seg og i lag:
Musikk  –  dans –  dikt  –  presentasjon av Jeriko – helsingar
–  og ei overrasking!
GRATIS INNGANG
ALLE ER VELKOMNE!
Arr.: Lærdal kommune / Vennskap
Jeriko-Lærdal

[Read more →]

Tags:

Første dag – gjester av Lærdal kommune

October 15th, 2011 · No Comments · arrangement og informasjon

 

Zeinah,  Queen, Alf jr, Razan, Arne, Lasse, Jumah, Mousa, Marwan, Mahmoud, Mujahed & Mohammed
Alle bileta er scanna frå laurdagens Sogn Avis
Etterkvart kom også verdsvevversjonen av artikkelen i Sogn Avis
 

Jumah og Marwan overrekkjer den offisielle gåva frå Jeriko kommune til rådmannen.
Jumah lagar kaffi på rådhuskantina til ordføraren og alle dei hine (Faksimile Sogn Avis […]

[Read more →]

Tags: