Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Vennskap Jeriko-Lærdal

13/03/2010 · Ingen kommentarar · historikk

VENNSKAPSKOMMUNEN JERIKO
Jeriko kommune i Palestina er vennskapskommunen til Lærdal. Den første kontakten mellom Jeriko og Lærdal blei gjort i 1997. Under Lærdalsmarknaden i 1998 vart avtalen underskriven i Kvammegården av dei to ordførarane.

Avtale om venskapssamarbeid mellom Jeriko og Lærdal

Føremålet med denne avtalen er å utvikle venskapleg samarbeid mellom dei to kommunane Jeriko og Lærdal og deira innbyggarar. Aktuelle samarbeidsområde kan vere kultur, turisme, handel, landbruk, industri og andre menneskelege og sosiale forhold. Denne avtalen trer i kraft når den er stadfesta og godkjent av dei to kommunestyra og underskriven av ordføraren i Jeriko, Palestina og ordføraren i Lærdal, Norge.

Lærdal, 20. juni 1998
Hans A. Tønjum           Abed Al-Karim Sidr      

Vennskapsarbeidet blir no drive av organisasjonen Vennskap Jeriko – Lærdal, som vart stifta 6. april 2000. To av styremedlemene er innvalde frå kommunen, dei tre andre frå medlemsorganisasjonen.

Jeriko
Jeriko er ein grøn oase i Jordan-dalen og blir gjerne kalla Palmebyen. Byen ligg 10 km nord for Daudehavet og 30 km aust for Jerusalem. Jeriko ligg 250 meter under havnivået, og har eit klima med varme somrar og milde, solrike vintrar.
Jeriko er ein jordbruksby, særleg kjend for å produsere fine sitrusfrukter, dadlar, bananar, blomster og vintergrønsaker. Det gode klimaet har óg gjeve grunnlag for turisme i uminnelege tider.
Jeriko er rekna for å vere verdas eldste by, dei eldste utgravne ruinane er 10 000 år gamle. Dei eldgamle bymurane og restane av Hishams palass er mellom dei fremste reisemålet for den som kjem til Jeriko, men byen har også mange andre viktige historiske stader, ikkje minst kjende frå Bibelen. Framleis står morbærtreet som tollaren Sakkeus klatra i. Like ved Elisjas kjelde, – kjelda som profeten Elisja reinska kan ein ta taubane opp til Fristelsens fjell, sjå klosterkyrkja der og nyte utsikta over byen og omland. Elles Jesus sin døypestad ved Jordanelva, og på veg til Dødehavet kan ein oppleve Dier hajlah eller St.Georgs kloster og mosaikkarbeidet der.
Elisjas kjelde gjev byen både drikkevatn og mykje av vatningsvatnet.  Vassressurssane er trua.
Det bur om lag 45.000 menneske i Jeriko, om ein reknar med landsbyane omkring og dei to flyktningeleirane.
Jeriko var den første palestinske byen som fekk sjølvstyre, i 1994.
 
Vennskap Jeriko – Lærdal
Organisasjonen Vennskap Jeriko – Lærdal vart stifta 6. april 2000, har omlag 100 medlemmer og er medlem av organisasjonen Nord-Sør.
VJL er ein partipolitisk og religiøst nøytral organisasjon som byggjer på intensjonane i vennskapsavtalen mellom Jeriko og Lærdal som vart underskriven av ordførarane 20. juni 1998.
Gjennom reiser og utveksling av erfaringar og kunnskap på ulike område, skal ein arbeide for å utvikle mellommenneskelege forhold og forståing mellom to ulike kulturar.
 
Kva gjer vi?
Utdrag frå VJL si årsmelding 2009:
Året fekk ein dramatisk start då Israel rykka inn over Gaza rett før nyttår og bomba vegar, hus og menneske på den innestengde kyststripa sønder og saman. Bileta frå krigen og telefonsamtalane med Jeriko skipla julestemninga i stovene våre, 3. januar 2009 sende Mads Gilbert årets mest vidgjetne sms.
7.januar vart det tendt ein flamme som skulle brenne på ubestemt tid utanfor Rådhuset, skilta med teksten FRED I PALESTINA – Vennskap Jeriko-Lærdal. Mange frammøtte fekk høyre appellar, helsingar og trompetspel. Innsamling til Norsk Folkehjelp i Gaza.
VJL tok initiativ til ein felles aksjon for norske kommunane med vennskapssamband i Palestina.
8.januar gjekk det ut eit felles opprop til den israelske ambassaden frå ordførarane i Stavanger, Trondheim, Tromsø, Hamar, Sarpsborg og Lærdal der dei innstendig bad Israel stoppe krigføringa i Gaza.
 
Gazakrigen gjorde til at ein planlagd Jeriko-tur måtte utsetjast, istaden laga VJL ein Palestina-kveld 4.mars der Mads Gilbert trollbatt ein full kultursal med “Eit augevitne fortel”. Wiam helsa forsamlinga i opptak og Musikklaget og flinke ungdommar underheldt. Det vart også samla inn pengar til Norwac sitt hjelpearbeid.
 
Jerikobui var open under marknadane og laurdagane i juli og august.
 
Det viktigaste i vennskapsarbeidet er at folk frå Jeriko og Lærdal kan møtast, bli kjende med einannan og utveksle erfaringar med kvarandre.
I oktober 2009 var 12 lærdøler på viting i Jeriko for å utvikle samarbeidet og planlegginga av Lærdal sitt bidrag i samband med 10 000-årsfeiringa til Jeriko, verdas eldste by.
I året som kjem er det planar om vitjing frå Jeriko og til Jeriko.
 
VJL informerer i Helg & Kvardag og i lokalavisene. Alle medlemmene mottek bladet “Vennskap Nord-Sør” og anna informasjonsmateriell frå VNS. Det vert arbeidd med ei bok om vennskapsarbeidet og eigen heimeside.

Har du spørsmål til VJL eller lyst til å vere med på dette, så ta kontakt! –
Medlemsskap
Enkeltpersonar, lag, organisasjonar, bedrifter og institusjonar kan melda seg som medlemmer av Vennskap Jeriko – Lærdal. Medlemskontingent: einskildmedlemmer vaksne kr 100, barn kr 25, verksemder/institusjonar kr 150. Bankgiro 3838.13.52398.

Leiar av organisasjonen har heile tida vore Anna J. Avdem.

Merkelappar: ····

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment