Dette kartet er lånt frå hotellet si brosjyre.
Kartet frå hotellbrosjyra!
06/10/2010 · arrangement og informasjon
→ Ingen kommentararMerkelappar:
Bussen er snart reiseklar!
06/10/2010 · arrangement og informasjon
Det er meldt om regn i Jeriko i helga – trur likevel ikkje reiseråda inneber at ein skal bør ha regnklede med – det betyr berre at temperaturen er like under 30 og ikkje over 30.
Ein del av bøkene og vaffeljerna og ulike smågåver frå firma Indre Sogn vert forsøkt fordelt…
Ta ein kopi av passet/forsikringsnummer, – og ta med passet! – Lasse har alle kontroll på alle billettane og alle reisedetaljar!
I morgon er bussen reiseklar – husk gje melding til Bente om din lokale busshaldeplass er første startpunkt for Jerikoreisa!
→ Ingen kommentararMerkelappar:
Norske folkeeventyr på tur!
04/10/2010 · arrangement og informasjon
→ Ingen kommentararMerkelappar:
Per & Kari er også med!
04/10/2010 · arrangement og informasjon
Per Spelmann
Per spelmann han hadde ei einaste ku,
Per spelmann han hadde ei einaste ku.
Han bytte bort kua, fekk fela igjen,
han bytte bort kua, fekk fela igjen.
“Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi.”
/: Per spelemann, han spela, og fela ho lét, :/
/: så gutane dansa, og jentene grét. :/
“Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi.”
/: Og om eg vert gammal som stein under bru, :/
/: så aldri eg byter bort fela for ku. :/
“Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi.”
/: Og om eg vert gammal som mose på tre, :/
/: så aldri eg byter bort fela for fé. :/
“Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi.”
/: Og om eg vert gammal som skorpa på graut, :/
/: så aldri eg byter bort fela for naut. :/
“Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!”
Vesle Kari vår
Å, vesle Kari vår, så lita som ho går,
Ho lokka ein kar ifrå Hallingdal
Med sal og med hest
og med sylvknappa vest.
Med gullstava hår og med sprotabelte på.
Å, teleguten visste sitt eige beste,
kaupte seg ei drift med fe og med heste.
Føre kom Kari lullands og lokkands,
etter kom teleguten diltands og hoppands
på silkesokka.
→ Ingen kommentararMerkelappar:
Bibliotekpakken byrjar å ta form!
29/09/2010 · arrangement og informasjon
Dette biletet er nytta på Marit Kaldhol si bok “Farvel, Rune” – illustrert av Wenche Øyen.
Boka er utgjeven av Samlaget.
Formannskapet vedtok i går at jubileumsgåva skal vere bøker til born og unge.
Lærdal arbeidarparti vedtok i går at dei gjev 2000 kroner til bibliotekpakken.
→ Ingen kommentararMerkelappar:
Ein songtekst til…
29/09/2010 · arrangement og informasjon
Eg ser på deg
:/:Å eg ser på deg og du ser på meg:/:
å hei, og hei, å hildrande hei
ko ille du heve narra meg.
:/: Å eg lær åt deg og du lær åt meg:/:
å hei, og hei, å hildrande hei
ko ille du heve narra meg.
I fjor sa du det, du inkje vil ha meg.
I år kom du att og hjerteleg ba meg.
å hei, og hei, å hildrande hei
ko ille du heve narra meg.
→ Ingen kommentararMerkelappar:
– og ein videosnutt om jakta på det palestinske kjøkken
28/09/2010 · arrangement og informasjon
Via Haifa og Ben på Fjesboki har vi fått denne videosnutten på YouTube
på jakt etter det palestinske kjøkken. Kjøkkensjefen og matreportaren startar med falafel ved Damascus Gate i Jerusalem – via Ramallah – og så vidt innom daddelproduksjon i Jeriko, frukt og grøntmarknader og slakting i Betlehem og coscousproduksjon i Gaza
– og gjestfridomen er gjennomgåande!
ein brei omtale – også her i engelsk versjon på Wikipedia Palestinian cuisine
→ Ingen kommentararMerkelappar:
Ein songtekst vi tek med oss, så vi kan utfylle musikarane våre!
27/09/2010 · arrangement og informasjon
Nøringen
Eg ser deg, eg ser deg,
men eg kan ikkje koma te deg.
Eg ser deg, eg ser deg,
men eg kan ikkje koma te deg.
Men hadde eg aora og baoten va god,
og fjortan te styra og saukjan te ro,
dao skulle eg koma te deg, ja te deg, ja te deg.
Dao skulle eg koma te deg,
eg veit no so vel kå du ve meg.
→ Ingen kommentararMerkelappar:
Lyden av Jerusalem
27/09/2010 · arrangement og informasjon
– er tittelen på korrespondentbrevet frå Sidsel Wold – denne veka.
Om 17 dagar høyrer vi lyden av Jerusalem med viktige heilagdomar for 3 av dei store verdsreligionane våre.
→ Ingen kommentararMerkelappar:
Jubileumsfeiringa nærmar seg!
27/09/2010 · arrangement og informasjon
Musikarane frå Vennskap Jeriko-Lærdal deltek på det offisielle programmet 10.10.2010 med fyrverkeri 10 pm, og nyttar Kids Club til øving.
Vennskap Jeriko-Lærdal har sitt eige arrangement i Lærdal Park 11.10.2010
→ Ingen kommentararMerkelappar: