Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Årsmøte på Håbakken

23/11/2010 · arrangement og informasjon

ÅRSMØTE I VENNSKAP JERIKO – LÆRDAL
torsdag 25. november kl. 18.00-20.00 på Håbakken kro

Sakliste:
Godkjenning av innkalling og sakliste
Val av møteleiar, referent og to til å skriva under møteboka
Årsmelding
Rekneskap
Budsjett og arbeidsplan 2011
Innkomne forslag
Medlemskontingent
Val av styre, leiar, valnemnd og revisor

Saker til årsmøtet må vera innkomne til styret innan 23. november.

Etter dei formelle årsmøtesakene skal Jerikofararane ha mimrekveld og årsmøtet er hjarteleg velkommen til å ta del i eit

Lysbildekåseri frå Jerikoturen ved Lars Øyvind Vikesland og Ove Ingvar Feidje

Det blir enkel servering,

og alle er hjarteleg velkomne!

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Jerikofararane 2010 samla i trappa ved Elisjas kjelde!

21/10/2010 · arrangement og informasjon

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Jubileumsgåva frå Lærdal til Jeriko

20/10/2010 · arrangement og informasjon

Norske og nordiske barne- og ungdomsbøker som er oversett til arabisk var gåva som vart overlevert under festen 11.10.2010 i Laerdal Garden – Lærdal Park frå ordførar til ordførar.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Sjå Marius og dei hine musikarane – reportasje frå Arve i NrkSfj

19/10/2010 · arrangement og informasjon

Sjå Marius og dei hine musikarane på Vestlandsrevyen – no i kveld 19.10.2010!
Arve Uglum sin reportasje
her er lenkja til sjølve reportasjen

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Lasse på CNN – og nokre andre lenkjer!

18/10/2010 · arrangement og informasjon

CNN var også i Jeriko – av hyggelege menneske dei intervjua på gata er Lasse!

Ein annan verdsvevstad er turistsida Visit Palestine som også fortel om hendingar

Assosiated Press sin artikkel om mosaikken på badegolvet i Hishams palass

The Guardian har også ein omtale av feiringa og golvet på Hishams Palass

Den offisielle 10.000 års verdsvevsida er her!

Ein annan CNN blog om 10.000 årsjubileet

PNN om eit samarbeid med om utvikling i jordbruket støtta av japanske midlar.

Merethe Baustad Ranum – kommunalråd frå Høgre i Trondheim bloggar om Betlehem

Tone Sofie Aglen kommunalråd frå Senterpartiet i Tronheim fortel om ein flyktningeleir

Guvernøren har ein femårsplan for feiring – ein av meldingane i denne People forum artikkelen

Faksimile frå Sogn Avis 12. oktober — artikkel om Jeriko-feiringa

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Erlend har fått bankstipend!

17/10/2010 · arrangement og informasjon

På Sogn og Fjordane Folkemusikklag si verdsvevside er nyaste melding at Erlend Apneset har motteke furorestipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane –
Vi som har vore på tur med Erlend til Jeriko gratulerer!
Her er lenkja til vevsida!

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Det kjem meir…

14/10/2010 · arrangement og informasjon

Det ser ut til at dei fleste no er vel heime frå tur –
meldingane tikkar iallefall inn…
Her er Arve Uglum sitt innslag om Lærdal Park

Sogn avis har lagt artikkelen frå 12.oktober 2010 ut på Sognatreff den ligg som ei faksimile i lenkjelista lenger opp – takk til Fardal!

Steinar på Porten har skrive denne artikkelen med heimattsende bilde .

I løpet av veka kjem det meir bilde på Flickr – og melding om den vert sendt til alle deltakarane på turen!

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Program for resten av turen

10/10/2010 · arrangement og informasjon

Den11.oktober gjer vi klar til arrangementet i Lærdal Park – Laerdal Garden.
På kulturkvelden i parken skal det serverast vafler steikte på vaffeljerna som vi har teke med oss heimanifrå – som vert gjevne til venner i Jeriko med oppskrift.
Musikarane skal gjere teste lyden 14.30, dansarane har øvd – og nesten alle deltakarane øvde på Per Spelmann og Eg ser på deg i hotellhagen etter allmøtet laurdag. Det er nok ikkje alle som følte at det er heilt klar for danseoppvisning trass i god instruksjon på eit kvarters tid frå Olaug og Mari, – men er det mykje folk i parken ser dei ikkje at det vert litt for mange byttomsteg på feil plass!
Hadde vi hatt Arve Uglum til å danse saman med oss istaden for å filme oss, hadde det vel vore greiare – dokumentasjon av eigne dansesteg kan vere hardt!

Klokka 20.30 vert det Skypeoverføring til 20-årsjubileet til Vennskap Nord-Sør!

På tysdag reiser vi til Ramallah og Betlehem!
Om kvelden er vi alle invitert på middag i hagen hjå Jumah!

På onsdag startar heimreisa, – vi vitjar Gamlebyen, Getsemanehagen og Oljeberget.
– og deltek på konserten til Trondheimsolistane med Henning Sommero i Augusta Victoria kyrkja på Oljeberget.
Vi et middag seine kvelden på Panorama Hotel med utsikt over Jerusalem og reiser seint til flyplassen for heimreise om natta!

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Program for feiringa Jeriko 10.10.2010

09/10/2010 · arrangement og informasjon

11.00 testing av skypeoverføring til Oslo
12.00 Lydprøve City-center
15-18.00 Konsert City-senter – ( rundkøyringa ved rådhuset)
– klokka 16.30 spelar The Laerdal Music Group!

1930-22.00 Kulturnatt jubileumsførestillinga på Palestinan Academy for service securities – der spelar Trondheimsolistane klokka 20.00

→ Ingen kommentararMerkelappar:

45 indresogningar er vel framkomne!

08/10/2010 · arrangement og informasjon

Reisa via Gardermoen, Wien, Tel Aviv gjekk fint –
vi kom fram eit par timar etter midnatt – etter nesten eit døgns reise.
No er vi ferdige med frukosten i 9.etg på InterContinental, ein del er i badeanlegget på hotellet, andre ruslar rundt og gjer seg kjende på hotellet – og dei første venene er komne til hotellobbyen! Om ein time skal vi ha bysightseeing – i eit aldeles varmt godt ver!

Vi har vore med gondolbana til Fristelsens fjell og klosterkapellet der, på utgravingsområdet Tel Jericho, og vitja drakk te i anlegget ved Elisjas kjelde – hovedvasskjelda til Jeriko – dette anlegget var under bygging då vi var her i fjor – for ei forandring!

Vi et på hotellet og fekk vitjing av ordføraren i Jeriko under middagen.
Deltakinga i ei palestinsk bryllupsfeiringa vart utsett til laurdag.

I morgon vert det øvingane for musikarane våre, dei skal spele 16.30 den 10.10. i sentrum av Jeriko. Trondheimsolistane skal underhalde klokka 20.00.
og sjølve hovedarrangementet klokka 10 om kvelden.

→ Ingen kommentararMerkelappar: