VENNSKAP JERIKO-LÆRDAL (JERIKOLAGET)
ÅRSMELDING 2019
Styret for Vennskap Jeriko – Lærdal har i 2019 hatt følgjande medlemmar:
Anna Jorunn Avdem (leiar) vara: Ingebjørg Voll
Maritha Tønjum Skjerdal (nestleiar) vara: Kristin Bolstad
Berit Kaardal (kasserar) vara: Kari Blåflat
Jan Geir Solheim /Audun Mo vara: Trond Øien Einemo/Jan Olav Fretland
Guro Eri Jakobsen (skrivar)/Ingrid Neste vara: Annike Vanberg/Jan Geir Solheim
Jan Geir Solheim, Guro Eri Jakobsen, Trond Øien Einemo og Annike Vanberg var valde av Lærdal kommune for perioden 2015-19. Etter kommunevalet 9. september valde kommunen inn nye representantar: Ordførar Audun Mo og Ingrid Neste, med varafolka Jan Olav Fretland og Jan Geir Solheim. Dei andre styremedlemmene er valde av årsmøtet i Vennskap Jeriko-Lærdal (VJL). Valnemnd er Rein Arne Golf og Olaug Skjerdal, og Lars Øyvind Vikesland er revisor.
Den store arbeidsoppgåva våren 2019 var vennskapskommune-seminaret som vi arrangerte 26-28. april. Av dei norske kommunane som har vennskapsavtalar med Palestina var Nes, Stavanger, Hamar og Lærdal representerte, og Sarpsborg, som ikkje hadde høve til å koma, sende oss fyldig informasjon om verksemda si. Trømsø beklaga, men hadde ikkje råd og høve til å koma den lange vegen. Seminaret hadde eit flott program med følgjande innleiarar: Tora Tyssen Systad (Fellesutvalget for Palestina), Anne Kristin Førde (Fagforbundet), Ragnar Børsheim, Kari Persen (Palestinabutikken, Bergen) og Marte Flatejord (Al Quds, Oslo). Det var 32 deltakarar på seminaret, som vart halde i foajeen på kulturhuset, med middag på Husum hotell laurdagskvelden. Kåre Hovland hadde omvising på Gamle Lærdalsøyri fredagskvelden, og seminaret avslutta med tur i Vindhella og lunsj på Borgund Stavkyrkje søndag. Det er svært nyttig og treffast og bli kjende, få fagleg påfyll og utveksla erfaringar på denne måten, men økonomisk er det ei stor utfordring når vi ikkje lenger har nokon stad å søkja økonomisk støtte til eit slikt arrangement. Seminaret vart fyldig dekt i Sogn Avis. Sjå elles eige referat.
Den store hendinga i haust var Jerikoturen 16-23. november. Ti deltakarar var med på turen, fem frå Lærdal med ulike oppdrag (Audun Mo, Torunn Liltved, Birgit Lervik, Lasse Sælthun og Anna Avdem) og fem turistar – frå Flåm, Kaupanger, Oslo og Bergen. Det var imponerande at den nye ordføraren tok seg tid til å vera med til Jeriko berre ei veke etter at han vart vald! Men det er svært viktig for vennskapsarbeidet at kommuneleiinga og ikkje minst ordføraren følgjer det tett. Det gjer også ordførar Salem Ghrouf i Jeriko. Vi hadde ei svært opplevingsrik veke i vennskapsbyen med besøk på skular og historiske stader, ørkenvandring og daddelfarm, i private heimar, Lærdal Park og til og med i bryllaup! Vi hadde dessutan turar både til Jerusalem og Betlehem, var på møte med Det norske representasjonskontoret i Al Ram og på kvinnesenteret i Abu Dis. Torunn Liltved skreiv reportasje frå turen både til Sogn Avis og Helg og Kvardag, og ho har også vist bilete og fortalt frå turen ved fleire høve. Sjå elles eige referat frå turen.
TV-aksjonen 2019 gjekk av stabelen den 20. oktober, og inntekta gjekk til Care, som driv arbeid for å hjelpa kvinner til arbeid og tryggare liv i nokre av verdas mest utsette område, blant anna Palestina. Jerikolaget vart difor utfordra om å vera med og stø aksjonen, og det gjorde vi. Til den sentrale nettauksjonen gav vi ein stor, flott brodert duk frå Jerikobui, og han vart seld for heile 6 700 kr. Vi gav også nokre andre palestinske varer (broderi, keramikk o. a.) og sat på butikkane og selde lodd på førehand. Her fekk vi inn kr. 8 300.-, slik at vi til saman bidrog med heile kr.15 000.- til Care.
Den 27. november var avtroppande ordførar Jan Geir og leiar Anna inviterte til Nes kommune, der Vennskap Nes-Yayous arrangerte møte om vennskapsarbeid og kommunen si rolle. Nes kommune er ikkje involvert i vennskapsarbeidet der, så vi fortalde og viste bilete frå vårt 22 år lange vennskap der kommunen heile tida har vore sterkt inne, og ikkje minst om korleis kommunen tok ansvar og la inn kr. 100 000.- fast på budsjettet til vennskapsarbeidet etter at Vennskap Nord-Sør vart nedlagt. Dei 15-20 frammøtte hadde nok ynskt at Nes kommune hadde gjort like eins.
Buet etter nedlagde Vennskap Nord-Sør er no forresten heilt oppgjort. Det var mogeleg å søkja på restmidlane som var att, og det gjorde vi. Til saman fekk vi her kr. 17 625.
Den 5. februar 2020 vart det for tredje gong arrangert Fleirkulturell bygdekveld i kulturhuset. Også denne gongen var det fullt hus og stor stemning. Jerikolaget hadde stand i vestibylen der vi serverte dadlar, hadde informasjon om laget og viste bilete frå Jerikoturen i november.
Etter oppmoding frå kulturleiar Guro Nesse hadde nokre av oss ein dugnad på å samla ymse gjenstandar frå Jeriko-samarbeidet som har stått litt her og der, på biblioteket, i Gamlebanken og på kulturhuset. Gjenstandane er no samla i Jerikobui, og arkivpermane er komne i lag med anna kommunalt arkivmateriale i kjellaren på rådhuset. Desse permane har materiale berre fram til og med 2009, så dette arbeidet må vidareførast fram til dags dato. Vi var også innom kista i andre etasjen på rådhuset og konstaterte at det nok også skulle ha vore betre system /oversikt over dei kommunale vennskapsgåvene. Gerd Berit Tønjum har fotografert og katalogisert gåvene fram til 2009. Vi bør prøva å få til eit opplegg der ein så lett som råd set gåvene i system, etter kvart som dei blir mottekne. Helst skulle ein del av dei – og gjerne nokre bilete – vore utstilte, t.d. i rådhuset.
Jerikobui er godt synleg på Lindstrøm-hjørnet, og etter at det vart opna bruktbutikk i resten av butikklokala har bui vår vore open kvar torsdag føremiddag. Kristin Bolstad gjer ein stor innsats her og skal ha stor takk for det. Før jul hadde vi lengre opningstid, og da stilte fleire i dugnadsgjengen opp. Det gjer vi også på marknadene og om sommaren. Takk for innsatsen til alle! Broderia har vi som før i kommisjon frå Kvinnesenteret i Abu Dis v. Signe Marie Breivik og Sara Ayad. Dei andre varene kjøper vi frå Al Quds i Oslo. Vi får nytta butikklokala gratis frå Lindstrøm, noko vi er svært takksame for. Den heilt store omsetnaden har vi ikkje i bui vår, men vi reknar det som minst like viktig at vi her kan visa fram bilete og informera om vennskapen til både bygdefolk og turistar.
Ordførar Audun og Anna sende tradisjonen tru julebrev til Jeriko. Utanom besøka skjer det meste av kontakten med Jeriko på Facebook/Messenger, men også på telefon og e-post. Kontakt med medlemmene har vi enten på e-post eller vanleg brev. Vi nyttar elles Helg og Kvardag og Sogn Avis til informasjon.
Sidan førre årsmøte har styret hatt 10 styremøte. På fleire av desse har Lasse Sælthun (reisegruppa) møtt, og også Ingebjørg Voll (skulegruppa). Styret takkar båe for ein stor og viktig innsats. Guro Eri Jakobsen har ansvaret for heimesida vår, http://jericholaerdal.org.
I 2019 hadde Vennskap Jeriko-Lærdal 64 betalande medlemmer, ein liten nedgang frå året før. Samarbeidet i styret er godt. Alle tek ansvar og legg ned ein stor frivillig innsats. Også utanom styret har vi mange gode hjelparar. Somme er nemnde i årsmeldinga, andre ikkje, men alle skal ha stor takk! Vi vil særleg takka Jan Geir Solheim og Guro Eri Jakobsen som no går ut av styret. Dei har båe gjort ein stor og entusiastisk innsats for laget og vennskapen med Jeriko. At Jan Geir Solheim som ordførar var så klar på at kommunen måtte ta ansvar og sikra økonomisk støtte til vennskapsarbeidet, var svært viktig for å sikra at samarbeidet med Jeriko kan halda fram. Lovande for framtida er det da også at Audun Mo som ny ordførar også prioriterer kontakta med vennskapsbyen så høgt, og at ordførar Salem Ghrouf i lag med Wiam, Marwan, Jumah og dei andre entusiastane i Jeriko gjer det same.
Lærdal, 13. februar 2020
For styret i Vennskap Jeriko-Lærdal
Anna Jorunn Avdem
(leiar)