Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Årsmelding 2015

30/01/2016 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

ÅRSMELDING 2015
VENNSKAP JERIKO-LÆRDAL

Styret for Vennskap Jeriko – Lærdal har i 2015 hatt følgjande medlemmar:
Anna Jorunn Avdem (leiar) vara: Kristin Bolstad
Anna Gjesdal (nestleiar) vara: Bente O. Opsvik
Berit Kaardal (kasserar) vara: Margunn Thue
Jan Geir Solheim (ordførar, styremedlem) vara: Geir Øverland / Trond Øien Einemo
Guro Eri Jakobsen (skrivar) vara: Bente Øien Hauge / Aud Irene Ramshus

Jan Geir Solheim og Guro Eri Jakobsen er valde av Lærdal kommune, og dei vart etter kommunevalet hausten 2015 attvalde for perioden 2015-19. Varafolka Trond Øien Einemo og Aud Irene Ramshus er nye. Berit Kaardal, Anna Gjesdal og Anna J. Avdem med varafolk er valde av årsmøtet i Vennskap Jeriko-Lærdal (VJL). Valnemnd er Rein Arne Golf og Maritha Tønjum Skjerdal. Lars Øyvind Vikesland er revisor.

SKULESAMARBEID har vore hovudsatsinga i samarbeidet mellom Jeriko og Lærdal dei siste åra. Det var også dette vi søkte støtte til frå Vennskap Nord/Sør, og etter mykje om og men (som vi kjem attende til seinare i årsmeldinga) fekk vi kr 80 000.- for 2015.
Dette året har vi gjennomført heile tre besøk, alle med lærarar. Det fyrste besøket var eigentleg ein del av 2014-opplegget, men sidan det vart seint på året, fekk vi godkjent å gjennomføra besøket i februar 2015. Dei to lærarane Samar Alhennawi og Amal Farraj og inspektør Lana Almuakat frå Jeriko var i Lærdal 7-14. februar. Dei hadde ei tøff reise der dei fyrst vart haldne att i eit par timar i politikontroll på Gardermoen og deretter kom ut for eit forrykande uvêr i lag med sjåfør Jan Geir på Filefjell. Men etter at dei omsider var vel framme i Lærdal var besøket deira svært vellykka. Dei hadde eit travelt program med besøk på alle tre skulane og barnehagane, og dei hadde også eit høgtideleg møte med kommunestyret. Høgdepunktet var Jerikodagen på Lærdalsøyri skule tysdag 10. februar, der også Bjørn Gunnar Saltnes frå Kirkens Nødhjelp/EAPPI, ordførar Jan Geir Solheim og fleire av oss i Jerikolaget deltok. Alle elevane og lærarane på skulen var med på eit flott program som til og med omfatta palestinsk mat. På heimvegen følgde Lasse og Anna dei tre lærarane til Oslo, og der hadde vi arbeidsmøte med Katrine Sivertsen frå Vennskap Nord/Sør og drøfta søknaden om 2015-midlar.
På årets andre reise, 6-13.november, drog lærarane Ingebjørg Voll og Monica Hille og rektor Terje Horvei frå Lærdalsøyri skule på gjenvisitt til Jeriko. Ingebjørg var reiseleiar, og dei hadde også ein travel og vellykka tur. Målet var å koma vidare med skulesamarbeidet og få til vennskapsavtalar mellom skular i Jeriko og Lærdal. Dei besøkte heile åtte skular, nokre barnehagar og Ministry of Education. Dei fekk innblikk i ein heilt annleis skulekvardag enn den norske, med ei spennvidd frå privatskular med relativt god økonomi til lutfattige, små beduinskular i okkupert område utanfor Jeriko.
Det tredje besøket kom like etter, 17-24. november, da lærarane Najeh Balou, Rasha Wahdan og Ghadir Shamma kom frå Jeriko til Lærdal. Denne gongen varsla vi politiet på Gardermoen på førehand om gjestene som vi venta, og vêrgudane gjorde turen over fjella med Lasse rask og grei. Dei brukte også det meste av tida si på skule- og barnehagebesøk, og fekk såleis etter måten god tid både i klassane og til samtale med lærarkollegaene sine. Attendeturen til Oslo tok dei åleine med buss, og Eldbjørg Holte var kjentkvinne i Oslo i lag med dei.
Det er så langt ikkje skrive vennskapsavtale mellom nokon skular i Jeriko og Lærdal, men skulekontakten har likevel teke mange steg vidare dette året. Den 2. mars var Anna innkalla til drøfting med leiinga på Lærdalsøyri skule, og arbeidet held fram, mellom anna med å integrera vennskapsbyen i skulen sine fagplanar for ulike alderssteg.
VENNSKAP NORD/SØR (VNS) OG ØKONOMIEN: Vi har i fleire år erfart at kravet til søknader og rapportar til VNS har vorte større og større. Vi har gjort vårt beste og tilpassa oss nye rutinar, men verkeleg urolege vart vi da det i tillegg kom signal om at støtteordninga kunne bli redusert. På grunn av denne usikkerheita vart t.d. søknadsfristen for 2015-midlar utsett til godt utpå nyåret. Seinare på våren kom sjokkmeldinga: NORAD-midlane til lokalsamfunns-programmet i VNS var kutta ut, inga støtte skulle utbetalast i 2015! Gamle aktivistar vakna, og fleire av oss vennskapsgruppene planla brev, lesarinnlegg og ymse aksjonar. Men VNS stoppa oss, situasjonen var uklar. Etter nokre dagar kom det så melding om at NORAD hadde gjort ein saksbehandlingsfeil, og at gruppene som dreiv med skulesamarbeid skulle likevel få støtte. Vi var blant dei heldige og kunne gjennomføra planane våre for 2015, men meldinga var klar: Frå 2016 ville det ikkje bli statlege midlar til arbeid som vårt. Seinare utover året har dette vore tema på fleire møte utan at det vedtaket har vorte endra. Det blir ikkje pengar å søkja på i 2016.
Den 10-11. april inviterte Vennskapsgruppa Hamar-Khan Younis til vennskapsbyseminar, og der var dei fleste av palestinagruppene i Noreg samla til ei nyttig og triveleg helg. Frå Lærdal møtte Lasse Sælthun og Anna J. Avdem. Katrine Sivertsen frå VNS var også til stades, og ved sida av å utveksla Palestina-erfaringar var dei økonomiske utfordringane eit viktig tema.
Den 13. juni inviterte VNS til dagsseminar og idédugnad på Gardermoen. Anna møtte for VJL og gav klart uttrykk for den frustrasjonen vi i vennskapsgruppene føler når NORAD kuttar tilskotta til det viktige mellomfolkelege arbeidet vi driv, og ikkje minst over at VNS altfor lenge nærmast gav oss munnkorg så vi ikkje fekk ta til motmæle mot denne avgjerda. NORAD var ikkje til stades, men signala derifrå var dei same: Dei vil prioritera konkret bistandsarbeid, og helst større og lett målbare prosjekt. Styret i VNS informerte om sin innsats i saka, men brukar mykje tid på spørjeskjema og evalueringar og har så langt ikkje oppnådd endring av avgjerda.
I oktober inviterte VNS til landsmøte. I samband med det tok underteikna kontakt med Anndi Lomeland Jakobsen i Stavanger, og saman fekk vi til eit møte for palestinagruppene med Utanriksdepartementet for å drøfta situasjonen. Den 16. oktober møtte vi underdirektør Anne Ødegaard Røtzer og aspirant Maria Hunskaar i Palestinasekjonen i UD. Frå oss møtte Anndi Lomeland Jakobsen (Stavanger-Nablus), Trond Pedersen (Nes-Jayyous), Gro Herefoss Davidsen (Tromsø-Gaza) og Anna J. Avdem (Jeriko-Lærdal). Vi fekk klare meldingar om at UD kjenner til grasrotarbeidet vi gjer og ser det som svært viktig. Dei hevdar at det ikkje er endra politiske føringar som er årsaka til at støtta blir kutta, men heller endra byråkratiske krav i NORAD. Seinare på dagen hadde vi møte med AP-representanten Torstein Tvedt Solberg frå Rogaland, som lova å stilla spørsmål til utanriksminister Brende om finansieringa av VNS.
Dagen etter, den 17. oktober var det landsmøte og 25-årsjubileum for VNS. Både styreleiar Per Kr. Lunden og dagleg leiar Heidi Thon gjorde greie for situasjonen – som er uendra: NORAD vil verken stø skule- eller lokalsamfunnssamarbeid vidare, og grunngjevinga er både politisk og byråkratisk. Situasjonen er dramatisk for VNS, og organisasjonen står i fare for å bli nedlagt. Dei har likevel sendt inn ny hovudsøknad til NORAD for 2016-18 og håpar det beste. Både frå oss i palestinagruppene og andre fekk leiinga kritikk for at ein ikkje hadde nytta kompetansen i gruppene til lobbyverksemd mykje tidlegare.
VJL fekk som sagt midlar til å gjennomføra planlagde tiltak i 2015, og vi sende før nyttår inn både tekstleg og rekneskapsmessig rapport for dei. Rekneskapen viser at kassa vår ikkje er heilt skrapa, men skal vi utvikla kontakten med Jeriko framover, må vi skaffa pengar på heilt nye måtar. Styret har drøfta denne saka og ber årsmøtet må ta stilling til kva vi skal gjera. Vaksne lærdøler kan sjølvsagt betala reisene sine heilt eller delvis som før, men folk frå Jeriko, ungdommar og andre som reiser med spesielle oppdrag, må få reisetilskott. Møte mellom menneska, ansikt til ansikt, er ein føresetnad for å utvikla vennskapsbanda vidare, og da rekk ikkje tilskotet på kr. 10 000.- frå Lærdal kommune langt. Men pengar finst det nok, både lokalt og nasjonalt, berre vi finn ut korleis vi kan få tak i noko av dei.

JERIKOBUI har i år hatt stor aktivitet, og bui har dei siste åra vore skild ut frå rekneskapen til VJL. Vi har delteke på marknadene både i sommar, haust og før jul, og bui var open kvar laurdag i sommar og utover heile hausten fram til jul. I lag med dei andre buene i Øyragata fekk vi eit oppslag om dette i Sogn Avis. Vi takkar Oddbjørg Ulvik for at vi får vera i Ulviksbui. Utgiftene med bui går til straum og husleige, alt arbeid bli gjort på dugnad. Nytt i år er at vi no har masse flotte broderi frå Kvinnesenteret i Abu Dis, ein landsby nær Jerusalem. Senteret er drive av ekteparet Signe Marie Breivik og Ali Ayad, og kontakta dit går gjennom dottera Sara Ayad. Bui vår får gjennom dette eit betre og svært fargerikt vareutval, og vi stør eit viktig arbeid blant vanskelegstilte palestinske kvinner. Svært vellykka var også salet av julekrubber frå Betlehem på julemarknaden. Vi takkar Ingebjørg og dei andre som frakta heim alle krubbene, og vi oppsummerte at dette må vi gjera meir av. Dei gjekk som ”varmt brød”!
Siste nytt frå bui er elles at vi på nyåret kjøpte varelageret som vi i lang tid har hatt i kommisjon frå palestinabutikken Al Quds i Oslo. Vi vart samde om ei nedskriving av prisen på varelageret til kr. 5000.- og fekk da råd til å kjøpa det ut. Dette forenklar arbeidet i bui. Styret meiner Jerikobui på ein fin måte synleggjer vennskapen med Jeriko både for lærdøler og tilreisande, og vi takkar alle trufaste støttespelarar som er med og tek eit tak slik at dette dugnadsprosjektet går så greitt.

ARBEIDET I LAGET har gått på det jamne i 2015. Styret har hatt 12 møte, som naturleg nok har vore mest konsentrert i tida rundt besøka. Skulekontakt Ingebjørg Voll har delteke på mange av møta, og styret vil særleg takka henne og dei andre skulefolka for ein stor innsats dette året. Vi vil også takka reisekontakt Lasse Sælthun og altmogleg- og varakvinne Bente Opsvik for god hjelp. Bente er også den som har ansvaret for heimesida vår, http://jericholaerdal.org. Informasjon og kontakt mellom vennskapskommunane går i våre dagar mykje på Facebook, Instagram og liknande, ved sida av telefon og e-post. Elles nyttar vi Helg og Kvardag til å informera, og både Sogn Avis og Porten er flinke til å dekkja besøk og andre hendingar.

I 2015 hadde Vennskap Jeriko-Lærdal 53 betalande medlemmer. Medlemstalet har gått ned dei siste åra. Vi har nok minst like mange aktive som før, men har nok mista mange av dei meir passive støttespelarane. Styret bør i 2016 gjera ein ekstra innsats både for å halda på desse og verva nye medlemmar. Vi vil samstundes takka alle medlemmar og andre støttespelarar for godt samarbeid. Leiaren vil også takka for det gode samarbeidet i styret. Det er lett å dela på arbeid og ansvar. Heilt til slutt vil vi takka vennene våre i Jeriko, og særleg kontaktkvinna Wiam Erikat, som alltid er tilgjengeleg, stiller opp og legg til rette på ein flott måte. Vi har sagt det før og tek gjerne opp att: Utan vennskapen med Jeriko hadde vi lærdølene vore eit fattigare folk.

Vi står framfor store utfordringar med å få økonomi til å føra dette samarbeidet vidare. Styret er innstilt på å bretta opp ermene, mobilisera støttespelarar og greia det. 2016 blir eit viktig år.

Lærdal, 24. januar 2016
For styret i Vennskap Jeriko-Lærdal

Anna Jorunn Avdem
– leiar –

Merkelappar:

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment