Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Gledeleg melding: Jerikobesøk!

02/02/2015 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

Laurdag 7. februar kjem dei tre lærarane frå Jeriko som vi har invitert til Lærdal. Dei heiter Samar, Amal og Lana, og dei skal vera i Lærdal ei knapp veke, fram til fredag 13. februar. På heimvegen skal dei stoppa i vel eit døgn i Oslo.
Føremålet med turen er fyrst og fremst å besøkja skulane i Lærdal.

Vi har sett i gang eit skulesamarbeid mellom dei to vennskapskommunane, og tysdag 10. februar blir det såleis Jerikodag på Lærdalsøyri skule. Dei tre lærarane vil sjølvsagt også besøkja dei andre skulane i bygda, og i tillegg må dei gjera seg kjende med både folket og bygda/nabobygdene. Vi driv i desse dagar og syr saman programmet dag for dag.

skilt skuleadm

Du har vel lyst til å treffa dei, du og? Det er veldig flott, for dei vil sjølvsagt treffa så mange som råd av oss. Vi i Jerikolaget treng også hjelp frå dykk, til dømes til å

–          gå omkring på Øyri, visa rundt, fortelja litt – eller svinsa innom buedn

–          henta dei med bil til og frå feriehuset til Sanden Pensjonat med adressa Øyragata 30, der dei skal bu, og dit dei skal kvardag

–          invitera dei heim til middag eller kveldsmat, slik at dei får oppleva heimane våre her i Lærdal (eller kanskje i Årdal?)

–          berre møta dei og sitja og prata, eta, drikka osv….

Vi vonar mange av dykk vil nytta denne sjansen både til å bli kjend med tre spennande damer frå Jeriko – og til å vera med og vera vertskap for dei i Lærdal. Tenk etter kva du vil bidra med, og meld frå til nokon av oss i styret i Vennskap Jeriko-Lærdal. Ingebjørg Voll (tlf 970 86 048) er kontaktperson for programmet på skulane, og Anna Avdem (47 64 25 32) prøver å samla trådane og samordna programmet for heile veka. Ta gjerne kontakt med ein av oss. Eller sei frå til nokon av dei andre i styret: Berit Kaardal , Anna Gjesdal, Guro Eri Jakobsen, Jan Geir Solheim eller Bente Opsvik.

Merkelappar:

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment