Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

*Vedtektene til VJL*

VEDTEKTER FOR VENNSKAP JERIKO – LÆRDAL

(JERIKOLAGET I LÆRDAL)

 

 

1. Føremål

Vennskap Vennskap Jeriko-Lærdal (Jerikolaget) er ein partipolitisk og religiøst nøytral organisasjon som byggjer på intensjonane i vennskapavtalen mellom Jeriko og Lærdal, underskriven 20. juni 1998. Gjennom reiser og utveksling av erfaringar og kunnskap på ulike område skal ein arbeida for å utvikla mellommenneskelege forhold og forståing mellom to ulike kulturar.

 

2. Medlemskap

Enkeltpersonar, lag, organisasjonar, bedrifter og institusjonar kan melda seg som medlemmer av Vennskap Jeriko – Lærdal. Årskontingenten vert fastsett av årsmøtet.

 

3. Økonomi

Vennskap Jeriko – Lærdal skal drivast med økonomisk tilskot frå Lærdal kommune, medlemskontingent, andre tilskot, gåver og midlar som det kan søkjast om. Tilskotet frå Lærdal kommune dekkjer utgifter til kontorhald og drift av laget. Tilskotet frå kommunen blir budsjettert under sentraladministrasjonen / formannskapet og overført til Vennskap Jeriko – Lærdal, som sjølv disponerer desse pengane.

 

4. Årsmøtet

Det øvste organet i Vennskap Jeriko – Lærdal er årsmøtet. Medlemmer som har betalt årskontingent har stemmerett på årsmøtet. Det skal haldast årsmøte kvart år innan utgangen av november, etter skriftleg innkalling frå styret, seinast tre veker før møtet. Saker som skal behandlast på årsmøtet må vera sendt skriftleg til styret seinast to veker før årsmøtet.

 

Årsmøtet skal behandla følgjande saker:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av møteleiar og referent
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Budsjett og arbeidsplan for året
  6. Innkomne forslag
  7. Fastsetjing av medlemskontingent
  8. Val av styreleiar, styremedlemmer, valnemnd og revisor

 

Årsmøtet kan ikkje gjera vedtak i andre saker enn dei som er nemnde på saklista til årsmøtet. Alle vedtak skal gjerast med vanleg fleirtal, viss ikkje anna er fastsett i vedtektene.

 

Mellom årsmøta er styret det øvste organet.

 

Valnemnda skal ha tre medlemmer og skal veljast av årsmøtet for eitt år.

 

Laget skal ha ein revisor, vald av årsmøtet for eitt år.

 

5. Styret

Styret skal ha 5 medlemmer: leiar, nestleiar, kasserar, sekretær og eitt styremedlem, alle med personlege varamedlemmer. Styret bør vera samansett av både menn og kvinner. Leiar vert vald av årsmøtet, elles konstituerer styret seg sjølv. To av styremedlemmene skal vera representantar for Lærdal kommune, ein vald av formannskapet og ein av nærings-, natur- og kulturutvalet, for to år om gongen. Ein av desse bør vera ordføraren.

 

Funksjonstida for styremedlemmer og varamedlemmer er to år, likevel slik at to av medlemmene med varamedlemmer går ut etter første året. Leiaren vert vald for eitt år om gongen.

 

Styret er vedtaksført når minst tre medlemmer er til stades. Ved likt stemmetal i avrøystingar har leiaren dobbelrøyst.

 

6. Vedtekter

Vedtektsendringar kan fremjast av medlemmene i laget og vedtakast av årsmøtet. Vedtektsendringar må ha 2/3 fleirtal.

 

7. Informasjon

Vennskap Jeriko – Lærdal skal gje informasjon om vennskapssamarbeidet gjennom Helg og Kvardag, lokalavisene og eventuelt gjennom eigne skriv til medlemmene.

 

8. Oppløysing

Oppløysing av Vennskap Jeriko – Lærdal kan berre skje etter vedtak på årsmøtet, med minst ¾ fleirtal. Framlegg om oppløysing må setjast fram med minst ein månads varsel. Ved ei oppløysing skal laget sine midlar overførast til Lærdal kommune og brukast etter føremålsparagrafen.

 

 

 

(Vedtekne på skipingsmøtet 6. 4.2000. Pkt. 5 vart vedteke endra på årsmøtet 8.11.2000)

 

No Comments

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment