Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Anna og Tom er på planleggingstur i Jeriko

22/06/2010 · arrangement og informasjon

Meldingane tyder på at dei er vel framme – og at det er godt og varmt!

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Lærdalsmarknaden & Jerikobui sommaren 2010

14/06/2010 · arrangement og informasjon

The Laerdal fair and the Jerichofriendship-shop Summer 2010

Jerikobui vert open under marknaden på laurdag og søndag.
Denne marknaden vert det ei ordinær marknadsbod – på laurdagane i somar vert det laurdagsopen Jerikobu i Eldhuset i Kvammegården.
Varene er palestinske og arabiske varer frå Al-quds i Oslo.
Det vert naturlegvis høve til å teikne seg som medlem i laget.

The friendship organisation has its own “shop” which will be open during the market Saturday and Sunday.
During the summer the shop will be open on Saturdays in Eldhuset in Kvammegården, the area behind Kvammes cafe and the Touristinformation.
The goods are Palestinian and Arab goods from the shop Al-Quds in Oslo.
It is of course possible to sign in as a member of the organisation Friendship Jericho – Laerdal

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Jubileumsplakaten

03/06/2010 · arrangement og informasjon

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Markering i Sogndal 2.juni 04.00- 17.00

02/06/2010 · arrangement og informasjon

Sogn avis  fortel at det frå klokka  04 natt til onsdag vert ei brei markering i Sogndal mot Israel sitt angrep på hjelpekonvoien til Gaza.

Slik fortel Ole Ramshus Sælthun det på NrkSf

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Jubileumsturen er førebels fullteikna

29/05/2010 · arrangement og informasjon

Men det er ei aktiv venteliste!
Alle som var på lista då orienteringsmøtet var sist torsdag er no inne på lista –
eit spanande reisefølge! 
Referat frå møtet er sendt på epost.

Legg også her ut ei lenkje til Thor Bjarne Bore sin blogg Bore-aktuelt der han skriv om dei 8 fartya som er på veg til Gaza “med medisinsk utstyr, byggemateriell, avsaltningsanlegg , generatorer og annet hjelpeutstyr – inkludert en kanariefugl som en syv år gammel pike ønsker skal slippes fri i Gaza.”

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Vil du bli med og feire Jeriko sitt 10.000-årsjubileum?

04/05/2010 · arrangement og informasjon

Vennskapskommunen vår, Jeriko, er verdas eldste by og skal feire 10 000-årsjubileum i år. Lærdal kommune er invitert til å vere deltakar på jubileet. Den offisielle jubileumsdagen er fastsett til søndag 10. oktober, men jubileet vil truleg strekka seg over fleire dagar. I samband med jubileet vil Vennskap Jeriko – Lærdal gje tilbod til alle interesserte om å delta på ein ”pakketur” til Jeriko med følgjande opplegg og vilkår:

 Pris:
Pr. person i dobbeltrom Kr. 8 500,-
Pr. person i enkeltrom kr.10 000,-

 Dette inngår i prisen:

Buss Lærdal – Gardermoen, tur – retur
Fly Gardermoen – Tel Aviv, tur – retur
Buss tur- retur Tel Aviv – Jeriko

Seks overnattingar inkl. frukost på InterContinental Jericho, som er eit svært fint hotell med flotte rom, god service og fantastiske badebasseng.

Forsikringar er ikkje inkludert i denne prisen, og vi må også ta eit atterhald om at prisen kan bli noko endra på grunn av variasjon i flyskatten.

 Reisetidspunkt og utflukter:
7. oktober: Buss frå Lærdal til Gardermoen, fly til Tel Aviv og buss til Jeriko.
14. oktober: Retur frå Tel Aviv tidleg om morgonen, til Lærdal om kvelden. 

Vi vil arrangere fellesturar til lokale reisemål som Jerikos murar og Mount of Temptation i Jeriko, og vi prøver også å få i stand fellestur til Daudehavet og Betlehem. Utgifter til slike turar kjem i tillegg til prisane ovanfor.

 

Påmelding

Vi har reservert 30 plassar/hotellsenger, i tillegg til dei 8-10 personane som har ansvar for Lærdal si offisielle deltaking i jubileet. Desse 30 plassane vert tildelt etter kvart som folk melder seg på.
Frist for bindande påmelding er 5. juni. Det må innbetalast kr. 2 500,- i forskot til kto.nr. 3730 03 44039 ved påmelding. Skulle turen bli avlyst, får ein sjølvsagt att dette depositumet. I og med at det er ein del arbeid med å arrangere ein slik tur, må vi ta atterhald om at det melder seg tilstrekkeleg med deltakarar.
Det vert informasjonsmøte om turen i kommunestyresalen torsdag 27. mai kl 19.00. Interesserte kan elles få meir informasjon ved å vende seg til Bente Opsvik tlf. 90646008 eller Lasse Sælthun tlf. 91181665.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

JERIKO 10 000 ÅR!

21/04/2010 · arrangement og informasjon

Vennskapskommunen vår Jeriko, skal feire 10.000 årsjubileum i år. Lærdal kommune er invitert til å vere deltakar på jubileet. Jerikonemnda jobbar fro tida med kommunen fpr å finneut korleis og i kva form denne deltakinga skal skje. Den offisielle jubileumsdagne er fastsett til søndag 10. oktober (10.00¨årsjunileum 10.10.2010), men jubileet vil truleg strekka seg over fleire dagar. I samband med jubileet, vil Jerikonemnda ta eit initiativ for å prøve å arrangere ein “pakketur” til Jeriko der alle som er interesserte kan delta. I pakka vil inngå reise frå Lærdal til Jeriko tur/retur og opphald på hotell. Når det gjeld reisetider, pris, påmeldingsfrist og vilkår elles, vil vi kome attende til dette på heimesida til kommunen seinare.

Jerikonemnda

Lasse Sælthun

→ Ingen kommentararMerkelappar:

På Fjesboki/Facebook –

20/04/2010 · arrangement og informasjon

Mogelege stadar for meir informasjon:

celebration Jericho 10.000 year eller jericho 10.000

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Nordic Light – Kristiansund – Gazabilete

20/04/2010 · arrangement og informasjon

Fotofestivalen Nordic Light ynskjer å vise Gaza bilete tekne av 12 palestinke fotografer knytt til ulike nyheitsbyrå – Associated press ynskjer det ikkje.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Solhjell i dei palestinske områda

15/04/2010 · arrangement og informasjon

Bård Vegar Solhjell er på Twitter og bloggar frå dei Palestinske områda i desse dagar, –
legg ut lenkjer direkte til dei enkelte artiklane.

Israel og Palestina

Jerusalem

Frå Hamas til Likud

Invasjon på Vestbredden

Det heilage

→ Ingen kommentararMerkelappar: