Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Vennskap Nord Sør feirar 20 år den 11.10.2010

27/09/2010 · arrangement og informasjon

Vi håpar det let seg gjere med direkte overført helsing via Skype frå arrangementet i Lærdal Park i Jeriko til jubileumsfesten til Vennskap Nord – Sør i Oslo.

Dersom det vert vanskeleg å finne eit høveleg nett i Lærdal Park, vert det gjort eit opptak og sendt frå hotellet!

– ei lenkje til ein relativt ny artikkel om sommarturen til Nablus på verdsvevsida til Nablusforeningen i Stavanger

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Orienteringsmøte 22. september 2010 kl 1900

21/09/2010 · arrangement og informasjon

den engelskspråklege turistvideoen

Det vert halde orienteringsmøte på rådhuset i Lærdal, -i  kantina i andre høgda.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Offisielle reiseråd for det palestinske området

09/09/2010 · arrangement og informasjon

Grunna spørsmål som kom pr telefon i dag legg eg ut meldingane som ligg på landssidene til utenriksdepartementet – dei er datert 25. februar i år.

– for det Palestinske området

– for Israel

Det norske Representasjonskontoret i Al-Ram vart orientert om reisa i juni, då Anna og Tom var i Jeriko.

Vi kjem ikkje til å vere innanfor grensene på 4 mil frå Gaza som er omtala i meldingane.

viser her eit forenkla kart av det Palestinske området der Jeriko, Dødehavet, Jerusalem og Betlehem er merkt av – Tel Aviv flyplassen er ved kysten vest for Nablus – skal finne betre kart etterkvart – som viser vegane også!

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Tusen takk til EL&itforbundet 1881 Lærdal

01/09/2010 · arrangement og informasjon

EL & it forbundet bidreg med 500 kroner til vaffeljern til Jerikoturen – dersom det er fleire lag og organisasjonar som ynskjer å bidra med tilskot enten til barne- og ungdomsbøker eller fleire vaffeljern til arrangementet i Lærdal park er det berre å melde i frå!

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Ei gåve til biblioteka i Jeriko

31/08/2010 · arrangement og informasjon

Ei gruppe på 45 personar reiser til Jeriko i oktober for å vere i byen 10.10.2010 klokka 10.00 når byen har valgt å markere at det har vore busetnad i denne vakre oasen i 10.000 år.

Då vi var i Jeriko i oktober i fjor vitja vi også eit par bibliotek. Når vi no reiser attende til Palestina, ynskjer vi å gje barn og unge i Jeriko gåvepakker av bøker som dei kan dele på denne måten.

Vi ynskjer hjelp til å finne mest mogeleg norsk/skandinavisk barne- og ungdomslitteratur som er oversett til arabisk!

Naturlegvis er det eit ynskje å greie å finansiere denne gåva med hjelp av bidrag frå private, lag, organisasjonar og bedrifter – men det viktigaste for oss er å finne eit breiast mogeleg utval innan det vert oktober!

Gjer vel og gje oss attendemeldingar!

– i første omgang til vennskap@jericholaerdal.org

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Høgtflygande verdsrekord i Beit Lahyia i dag!

29/07/2010 · arrangement og informasjon

Les denne gladmeldinga i verdsvevsida til BT!

Forrige veke var det verdsrekord i spretting av basketball!
Det gler skrivaren å dele desse energirike hendingane for barna nord på Gazastripa.

Dette er ein del av UNRWA – FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten – sitt sommarprogram for palestinske barn
UNRWA er også i flyktningleiren Aqbat Jaber – 3 km søraust for Jeriko
og i flyktningleiren  Ein el-Sultan ved foten av Fristelsens fjell – 1 kilometer frå Jeriko.

 

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Smakebitane frå jubileumsprogrammet

29/07/2010 · arrangement og informasjon

Tom Karlsrud presiserte at han meiner at det skal meir enn tre dagars samspeling til for å lage konsert.
For oss andre var det ei glede å nikke gjenkjennande til leikande tradisjonsmusikk vi har høyrt før gå over til tradisjonsmusikk vi ikkje hadde kjent før – utan eigentleg å oppdage når overgangen var.

Jamal Sayeh fekk hjelp frå vener i Sogndal til å omsetje og forklare nokre av sine tekstar.
Vi har alle smakebitane på video – etter det skribenten skjønar må det digitaliserast før det kan leggast ut på nett…Vi får sjå kva som kan gjerast når verste ferietida er over!

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Konsert i Kvammegården fredag 23.juli

22/07/2010 · arrangement og informasjon

Konsert på utescena i Kvammegården

fredag 23. juli kl 17.00

Konserten gjev ein smakebit av det felles norsk-palestinske programmet til feiringa av 10 000-årsjubileet i Jeriko i oktober.

Samples from the Norwegian-Palestine program,
celebrating the 10.000 years jubilee in Jericho, Palestine, October 10th 2010.

Medverkande/Musicians:
Jamil Sayeh, Palestina
Tom Karlsrud, Marius Dille Tufte, Erlend Apneset & Jostein Avdem Fretland 

Gratis inngang/ free entrance

På bildet: Erlend, Jamil, Marius, Tom; (Guro Eri Jakobsen som også skal til Jeriko) & Jostein 

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Musikkførebuingar til 10.000-årsjubileet på Lærdalsøyri!

22/07/2010 · arrangement og informasjon

SMAKEBITAR AV DET FELLES PALESTINSK – NORSKE PROGRAMMET TIL 10.000 ÅRSJUBILEET

Musikarane Marius, Guro, Erlend, Jostein og Tom deltek på 10.000årsfeiringa i Jeriko i oktober som ein del av Lærdal sitt bidrag til feiringa, – denne veka har dei førebudd seg til turen.
Den palestinske musikaren Jamil Sayeh fekk i siste augneblinken visum – og dei har dei siste dagane spelt saman på musikkrommet på skulen – og det var ei glede å vere innom og sjå kor dei trivdest i samspelet!
På relativt kort varsel vart det naturleg å organisere ein gratiskonsert på utescena i Kvammegården der Marius Dille Tufte, Erlend Apneset, Jostein Avdem Fretland, Tom Karlsrud og Jamil Sayed gjev oss smakebitar av 10.000-årsprogrammet.
I Jeriko vert også Guro Eri Jakobsen med.

meldinga på Porten

Preparations for Jericho in  October 2010 .

Concert with samples from the Norwegian-Palestine program celebrating the 10.000 years jubilee in Jericho October 10th 2010

The musicians Marius, Guro, Erlend, Jostein and Tom all participate in the 10.000 years jubilee in Jericho in October as part of Lærdals contribution to the celebration – this week they have prepared themselves for the trip.
The Palestinian musician Sayeh Jamil got his visas  and they have in recent days played together  in the music room at the school –  we enjoyed listen to them!
On relatively short notice, it was natural to organize a free concert on the outdoor stage in Kvammegården where Marius Dille Tufte, Erlend Apneset, Jostein Avdem Fretland, Tom Karlsrud and Jamil Sayed gives us samples of the 10,000-years program.
In Jericho is also Guro Eri Jakobsen join the musicians.

→ Ingen kommentararMerkelappar:

Sjå turistvideoen frå Jeriko

27/06/2010 · arrangement og informasjon

A commercial video from Jericho

ta deg tid og nyt heile filmen

spend some minutes and enjoy the video

→ Ingen kommentararMerkelappar: