Styret i VJL planlegg i desse dagar vitjinga saman med Ungdomsrådet, Kulturskulen, Kulturkontoret og Oppvekstkontoret.
Denne gongen er det fleire yngre jerikanarar som kjem, – mellom dei to representantar frå Barnas kommunestyre som er høvesvis 12 og 13 år,
ei som skal studere i Sogndal frå neste haust og to andre yngre vaksne.
Elles tilsette på skuleadministrasjonen og kommuneadministrasjonen og ein representant frå Al Khadewi-grendalaget, dei som tek seg av Lærdal Park.
Det vert lagt opp til eit breitt program – med ein kulturkveld 18.oktober
For oss som har vitja Jeriko, er det spesielt gledeleg at Joma kjem.
Ingen svar så langt ↓
Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.
Leave a Comment