Vennskapskommunen vår Jeriko, skal feire 10.000 årsjubileum i år. Lærdal kommune er invitert til å vere deltakar på jubileet. Jerikonemnda jobbar fro tida med kommunen fpr å finneut korleis og i kva form denne deltakinga skal skje. Den offisielle jubileumsdagne er fastsett til søndag 10. oktober (10.00¨årsjunileum 10.10.2010), men jubileet vil truleg strekka seg over fleire dagar. I samband med jubileet, vil Jerikonemnda ta eit initiativ for å prøve å arrangere ein “pakketur” til Jeriko der alle som er interesserte kan delta. I pakka vil inngå reise frå Lærdal til Jeriko tur/retur og opphald på hotell. Når det gjeld reisetider, pris, påmeldingsfrist og vilkår elles, vil vi kome attende til dette på heimesida til kommunen seinare.
Jerikonemnda
Lasse Sælthun
Ingen svar så langt ↓
Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.
Leave a Comment