Eit av dei gode minna frå 2010 turen vi stendig finn fram, er Arve Uglum sitt innslag til Vestlandsrevyen og Dagsrevyen.
Om Laerdal Park i Laerdal street i Jeriko.
Til 10.000 årsmarkeringa i 2010, reiste 45 lærdøler og andre indresogningar.
I år er det 29 påmelde innan fristen, aldersspreiinga er stor.
Vi er spesielt glade for at det er relativt mange unge studentar.
Naturlegvis skal ordførar Jan Geir Solheim vere med.
Han vert den 5. lærdalsordføraren som reiser på venskapstur til Jeriko.
Dette biletet er frå arrangementet i Kultursalen på den siste vitjinga i oktober 2011.
Her sit ordførarane Arne Sanden, Knut Aarethun, Hans A. Tønjum og Olav Wendelbo og dengong påtroppande ordførar Jan Geir Solheim saman med Anna Avdem.
Dette biletet er frå 1997 då ordførarane Hans A. Tønjum og Abed Al-Karim Sidr underskreiv førehandsavtalen i oktober 1997
Venskapsarbeidet mellom Jeriko og Lærdal har helde på i 15 år!
Av dei meir kuriøse bileta frå same turen var Hans A. og Anna som las “Helg & kvardag” i Dødehavet.
Biletet er teke av Eli Grotle frå Sogn avis.
Ingen svar så langt ↓
Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.
Leave a Comment