Årets tur vert 1.-7.november.
Førebels er ikkje alle prisane eksakte, men det vert omtrent som i 2010: 9-10.ooo per person.
Reisa tur-retur Lærdal – Gardermoen er inkludert, det vert gjerne også 2 fellesmiddagar.
Sightseeing første dag i Jeriko er inkludert, mange av desse er stadar vi gjerne har vorte kjende med via “Bibelsoga” eller “Kristendomsfaget” i skulen – eller i geografi og historie.
Det er naturleg å vitje utgravingane ved Tel Jericho, der arkeologane har grave ut 10.000 år gamle murar. Like ved er restane av Hisham sitt palass – øydelagd av jordskjelv i år 747 – med fantastiske flislagde badeanlegg og oppvarma vatn i røyr.
Like i nærleiken tek ein gondolbana opp på Freistingsfjellet, der Bibelen fortel, Jesus oppheldt seg i 40 dagar.
Elisjas kjelde – som ein finn i jødisk, muslimsk og kristen tradisjon – ligg på andre side av vegen og er hovedvasskjelda for byen.
Morbærtre vert svært gamle, det Sakkeus klatra opp i iflg bibelsoga, ligg på eigedomen til den russisk-ortodokse kyrkja i Jeriko.
Det er også planlagd med arrangerte turar til byar som Nablus , Hebron eller Betlehem
Det fine badeanlegget på Hotel Intercontinental Jericho vil vere ope i november.
Dødehavet som ligg 410 meter under havoverflata, er vel 1 mil frå hotellet.
Jeriko har vore nytta i mange tusen år som feriestad om vinteren.
Jerusalem som ligg på eit høgdedrag som 650 til 840 meter m.o.h
Vegen frå Jerusalem til Jeriko er omlag 3 mil, sidan Jeriko ligg 260 meter under havoverflata vert det mest nedoverbakkar.
Avreise 1.november frå Oslo 13.45 med ankomst Tel Aviv 0050 med eit stogg på flyplassen i Wien
Avreise 7. november frå Tel Aviv 16.00, med ankomst Gardermoen 22.40
Ta kontakt med Bente O. eller Lasse S. for meir informasjon,
eller bruk epostadressa til laget vennskap@jericholaerdal.org
Det er ikkje noko stort jubileum i 2012, – men i 2010 laga Arve Uglum fleire fine innslag både på radio og tv.
Her er to av dei programinnslaga Arve Uglum laga for Vestlandsrevyen i oktober 2010:
Musikarane frå Indre Sogn – frå øving heime i Lærdal til scena framfor Rådhuset i Jeriko.
Lærdal Park i bydelen Kadewi – historia – bruken og festen.
Steinar Kvigne sin artikkel på Porten – Møtte gamle vener i Jeriko
Ingen svar så langt ↓
Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.
Leave a Comment