Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Reisebrev nummer to frå Jeriko

19/11/2012 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

Reisebrev nummer to frå Jeriko

– No er me alle saman komne trygt heim etter nær ei veke i Jeriko. Me sit alle saman attende med gode og sterke opplevingar etter dagar med store kontrastar, seier Anna Gjesdal, Maritha Tønjum Skjerdal, Tor Sælthun og Helge Evensen Bjørkum.

Flaut med boss og lort

– Etter ein fin og heit busstur søndag morgon, tok me turen til byen Nablus. Gamlebyen var fylt med butikkar av alle slag. I butikkane var høner og sauer, daude som levande, blanda med brukthandlarar, slaktarar og andre kjøpmenn. Det flaut av boss og lort, og det tyrkiske badet me besøkte vart ei varierande oppleving. Dei hygieniske tilhøva kan ein trygt sei at skilde seg frå den norske standarden. Me var alle ganske einige om at ein kanskje bør ta med representantar frå SIMAS på neste venskapstur.

På kvelden reiste me tilbake mot Jeriko for å besøke garden til Abu Sultan. Men før me kom så langt måtte me gjennom eit checkpoint der israelske soldatar med store maskingevær sjekka passa til alle som skulle forbi. Men forbi kom me, og garden til Sultan var imponerande. Sauer, geiter, ender og høner var berre noko av dyra dei hadde i tillegg til grønsaksproduksjon. Med tre koner og ei rekke born vart me imponerte over den store gjestfriheita dei synte ved å ta imot 26 sogningar på kaffibesøk og omsyning.

Deler byen i to

Måndagen gjekk turen til Abu Dis. Der såg me den store muren som deler byen i to. Det var ei sterk oppleving å høyra Issa Arikat fortelje historia om bror sin som fekk kreft i ein alder av 25 år. Han var uheldig og budde på feil side av byen, slik at han ikkje kunne nytte seg av sjukehuset som låg mindre enn to kilometer unna. I staden måtte han reise til sjukehus i Jordan, og med grensekryssing og checkpoints var ikkje det berre enkelt.

Issa var på sjukehuset med bror sin den siste tida han levde, og på grunn av grensekontrollen kunne han ikkje reise heim på besøk. I mellomtida hadde han fått ein son heime, men for Issa var det viktigare å støtte bror sin den siste tida. Han fekk difor ikkje helse på son sin for fyrste gong før han var to månadar gamal. Dette var ei trist og rørande historie som verkeleg fekk oss til å innsjå kor komplisert eit liv i Palestina kan vere.

Vidare for turen til Betlehem. Der såg me blant anna fødselskyrkja og fekk gått gjennom ei typisk Palestinsk handlegate. Betlehem stod for oss fram som ein mykje ryddigare og reinare by, og var utelukkande ei hyggjeleg oppleving. Særskild stas var det å få kjøpe julekrybber frå staden der Jesus var fødd.

På vegen heim til Jeriko reiste me også innom byen Hebron. Her var nesten 400 butikkar stengd av Israelarane, og 500 Israelarar hadde okkupert mange av husa til den opprinnelege befolkninga i byen. Dei fortalde oss om korleis Israelarane oppførte seg mot den opprinnelege befolkninga. I gatene var det sett opp presenningar som tak, fordi Israelarane som bur i dei øvste etasjane kastar boset ned på seljarane på gata. Me forstod fyrst ikkje korleis 500 Israelarar kunne handtera over ein halv million Palestinarar, som det faktisk bur i byen, på denne måten. Men med forstod det raskt når dei hadde over 3000 soldatar som beskytta dei.

Skulebesøk

Tysdagen gjekk med på Terra Santa School i Jeriko. På grunn av streik kunne me ikkje besøka den offentlege skulen i byen, og ein kristen privatskule som Terra Santa vart då eit godt alternativ. Me framførte ein kort presentasjon av Norge og Lærdal, og fekk deretter omvising og snakka med mange av elevane på skulen. Særskild stas var det å få vera med på fotballkamp, Lærdal-Jeriko. Men me må dessverre meddela at Jeriko vant, overlegent!

Onsdagen var det tid for heimreise, og etter nesten tre timar tryggleikskontroll på Ben Gurion airport i Tel Aviv, tok me turen via Wien og til Oslo. I bussen på vegen heim var det tid for refleksjonar, og me var einige om at me hadde hatt ein flott og lærerik tur. Me opplevde store kontrastar, og hadde både gode og skremmande opplevingar.

Merkelappar:

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment