Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

JERIKO 10 000 ÅR

07/04/2010 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

Jeriko by feirar 10 000-årsjubileum i 2010.
Feiringa skal føregå i oktober, og i det høvet ynskjer Vennskap Jeriko-Lærdal å reise til Jeriko og vera med og markere jubileet.
Dette kan me gjera på ulike måtar, naturleg vil vere å ha ei kulturutveksling i ei eller anna form.
Me vil at medlemene, og andre interesserte, skal få høve til å vera med på feiringa av jubileet, anten ved å vera med til Jeriko, eller på andre måtar.
Anna Avdem og Tom Karlsrud reiser til Jeriko i slutten av april, for å starta planlegginga i lag med kontaktane våre der.

Jerikonemnda ber medlemene i laget, og andre som har interesse, inn til møte, for å koma med innspel til og planleggja vårt bidrag til jubileet.

Møtestad er Lærdal rådhus.

Tid Onsdag 7. april kl 19.00

Jerikonemnda

Merkelappar: ·

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment