Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Årsmelding 2009

10/04/2010 · Ingen kommentarar · historikk, Rapportar og referat

Styret har i arbeidsåret 2009 vore samansett slik:
Anna Jorunn Avdem (leiar)          vara : Kristin Bolstad
Arne Sanden (nestleiar)                  vara: Eva Hage Solstad
Olaug Skjerdal (skrivar)                  vara: Lars Petter Nesse
Marianne Voldum (kasserar)       vara: Margunn Thue
Brita Einemo (styremedlem)        vara: Jarle Vindedal

Ordførar Arne Sanden og formannskapsmedlem Olaug Skjerdal med varafolk er innvalde frå Lærdal kommune, medan Brita Einemo, Marianne Voldum og Anna J. Avdem med varafolk er valde inn i styret av årsmøtet i Vennskap Jeriko-Lærdal. Valnemnd er Atle Hunderi og Sissel Aarethun. Ingrid Hauge er revisor. Laget har i 2009 om lag 100 betalande medlemmer.

Året 2009 fekk ein dramatisk start. Israel sin krigsmaskin rulla rett før nyttår inn over Gaza og bomba vegar, hus og menneske på den innestengde kyststripa sønder og saman. Bileta frå krigen og telefonsamtalane med Jeriko skipla julestemninga i stovene våre, og på den tredje dagen sende Mads Gilbert årets mest vidgjetne sms: “Melding fra Palestina: Takk for all støtte. De bombet det sentrale grønnsaksmarkedet i Gaza by for to timer siden. 80 skadde, 20 drept, alt kom hit til Shifa. Hades! Vi vasser i død, blod og amputater. Masse barn. Gravid kvinne. Jeg har aldri opplevd noe så fryktelig. Nå hører vi tanks. Fortell videre, send videre, rop det videre.  Alt GJØR NOE! GJØR MER! Vi lever i historieboka nå, alle! Mads G. 3.1.09 13.50 Gaza , Palestina.”

Etter dette greidde vi ikkje å sitja i ro lenger. Den 6.januar arrangerte sogndølene fakkeltog til støttefor folket i Gaza, og mange lærdøler var med der. Kvelden etter var det vår tur: Vi tende ei flamme som skulle brenna på ubestemt tid utanfor rådhuset attmend skiltet med teksten FRED I PALESTINA -Vennskap Jeriko – Lærdal. Trass i at markeringa var organisert på svært kort tid, var omlag hundre menneske til stades og høyrde appellen frå ordførar Arne, helsingar frå Jeriko ved Anna – og ikkje minst trompeten til Siv Hovland då ho spela Vitae Lux – Livets lys, livets håp – i den kalde vinterkvelden. Det var ei sterk stund, vi samla spontant inn 8.085,- kroner som vi sende til Norsk Folkehjelp sitt arbeid i Gaza. Flamma brann utenfor rådhuset i vekevis. Den 15.januar arrangerte dei Lysvake for Gaza på Årdalstangen, og Anna heldt appell der.

I desse januardagane tok vi i VJL initiativ til ein felles aksjon mellom dei norske kommunane som har vennskapssamband i Palestina. På få dagar gjekk e-postane på kryss og tvers i Norges land, og den 8.januar gjekk det ut eit felles opprop til den israelske ambassaden frå ordførarane i Stavanger, Trondheim, Tromsø, Hamar, Sarpsborg og Lærdal, der dei instendig bad Israel stoppa krigføringa i Gaza. Dei fekk eit svar frå ambassaden den 23. januar. Dette oppropet viser klart kva potensiale og kraft som kan liggja i felles aksjon mellom oss vennskapskommunane, så dette bør vi absolutt utvikla vidare.

Alt før jul hadde vi teke til å planlegge ein ny tur til Jeriko, men Gaza-krigen gjorde at vi måtte legge desse plananae på is. I staden valde vi å lage ein palestina-kveld, og den 4. mars kom Mads Gilbert til Lærdal. Under tittelen Eit augevitne fortel trollbatt han ein full kultursal med ord og bilete frå Gaza-krigen. Dette vart i tillegg ein flott kulturkveld der Lærdal Musikklag og mange flinke lærdalsungdommar medverka med song og musikk. Rolf Jerving var programleiar, og  Wiam Erikat helsa forsamlinga i opptak frå Jeriko. Vi samla inn kr 22 500,- til NorWac sitt hjelpearbeid i Gaza. Takk til alle som stillte opp og gjorde kvelden til ei uforgløymeleg oppleving.

Også i år deltok vi på Lærdalsmarknaden med bui vår i tradisjonell stil, og på laurdagane i sommar heldt dugnadsgjengen med med Ingrid Hauge i spissen, Jerikobui open i Eldhuset. Også under Haustmarknaden kunne folk handle i Jerikobui, og no i adventstida kan palestinavarene frå Jerikobui kjøpast på Julemarknaden i dei tome KIWI-lokala hjå Lindstrøm. Styret takkar Edbjørg Holte på Al-Quds i Oslo som velvillig held oss med varer i kommisjon. Takk også til Ingrid og alle andre som stiller opp i bui, slik at vi på denne måten kan selja produkt og gjera vennskapet med Jeriko synleg, både for fastbuande og tilreisande.

Veka 17.-24.oktober var så tida mogen for ein ny Jeriko-tur. Tolv spente lærdøler fekk denne gongen høve til å vitja vennskapsbyen, og Arne Sanden var den fjerde ordføraren frå Lærdal som no kunne besøkja vennskapsbyen! Arne og Iren, Rein Arne og Berit, Lasse og Aud, Bente, Marianne, Thomas, Jostein, Mari og Anna fekk alle uforgløymelege dagar i Palestina. Det er fantastisk å koma til Jeriko og ha så mange gode venner og bli motteken med ein gjestfridom og ein hjartevarme som ein knapt opplever annan stad. Dess større blir kontrasten ved å oppleva stadig nye og større israelske busetjingar rundt byen, sjekkpunkta og muren som deler landet i to og lagar utålege barrierar. – Dei tolv som reiste denne gongen, skulle forutan å representera Lærdal og utvikla kontakten mellom skuleborn og andre innbyggjarar, prøve å komea vidare med planlegginga av Lærdal sitt bidrag i samband med 10 000-årsfeiringa til Jeriko, verdas eldste by. Dette arbeidet må halda fram i 2010, og då satsar vi på besøk frå Jeriko til Lærdal til sommaren. Så vonar vi det store jubileet kan feirast med brask og bram i 2011, og at mange lærdøler får høve til å vera med på det ærefulle oppdraget.

Langhelga 5.-7.november var laget invitert til Stavanger for å feira 25-årsjubileet til Stavanger – Nablusforeningen. Frå Lærdal var det berre Anna som hadde høve til å reisa, og ho hadde føredrag om vennskapsarbeidet i eit fredsperspektiv. Feiringa vart lagt opp som ein jubileumskonferanse, der også vennskapskommunane våre frå Palestina og andre interesserte var inviterte. Frå Jeriko var det såleis Wiam Erikat som var til stades.

Vi har dessverre ikkje fått tid til å laga ferdig boka om vennskapsarbeidet. Men Gerd Berit Tønjum arbeidar systematisk med arkivet vårt og legg dermed eit flott grunnlag for skrivinga. Takk for det. Nemnda har også samla bilete frå turar og besøk, og vi har drøfta stoff og opplegg med Wiam og dei andre i Jeriko når vi har vore i lag. I nemnda sit Bente Opsvik, Jan Olav Fretland og Anna Avdem. Vi har heller ikkje fått opp den nye heimesida vår enno. Men arbeidet er i gang og må framover ha høg prioritet. 

I 2009 har styret hatt 8 vanlege styremøte. I tillegg har styret sjølvsagt nytta seg flittig av telefon og e-post, særleg i dei hektiske periodane. Styret takkar alle medlemmer og andre som hjelper til med små og store tenester. Vi takkar også kvarandre for eit godt og gjevande samarbeid i året som er gått og ser fram til Jeriko-besøk og andre spennande oppgåver neste år.

Lærdal, 2.desember 2009
For styret i Vennskap Jeriko- Lærdal
Anna Jorunn Avdem

Merkelappar: ·

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment