Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Reisebrev frå Jeriko

03/11/2012 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

I skrivande stund runda klokka 10:40 i Jeriko og halve gruppa er på sykkeltur i byen. Gradestokken syner 26+, og eit bad i Daudehavet seinare i dag kan gjera godt for ein kvar.

Torsdag klokka 06:00 for 26 spente deltakarar frå Lærdal med kursen mot Gardermoen. Austrian Airlines tok oss trygt fram til flyplassen i Tel Aviv med ei mellomlanding i Wien, ein flytur som tok oss 10 timar inkludert ei lita pause i Austerrikets hovudstad. Truleg såg me fredelege ut alle saman, og passkontrollen kom me gjennom utan større problem. Me tok buss frå Tel Aviv, over grensa til Palestina og var i Jeriko rundt klokka 03:00 fredag lokal tid.
Tel Aviv vert rekna av FN som hovudstaden i Israel, det er der dei fleste land har ambassadane sine og det er det finansielle samfunnet i Israel.
Me fekk oss nokre få, men velfortente, timar svevn på hotellet før me om fredagsmorgonen vart ynskt velkommen av den nye ordføraren deira i hotellets lobby. Derifrå tok velkomstkomiteen i Jeriko oss med til Rådhuset, der me fekk helsa på avtroppande ordførar og mange andre kjende Jerikovener. Der vart me varta opp med bakst og frukt, medan me hadde ein svært lærerik og interessant dialog med innbyggjarane her om korleis det er å bu i eit okkupert land, og kva utfordringar dette skapar. Det er ingen tvil om at me som bur i Noreg må vere takknemlege for å bu i eit fritt land – det er nemleg inga sjølvfølgje.

Lasse og Anna fekk saman med kontaktpersonen vår i Jeriko kommune ferda programmet for turen. På lista står blant anna å bada i Daudehavet, tur til “Mountain og Temptation”, bybesøk i Hebron og Betlehem. Ungdomane skal også delta på møte i barnas kommunestyre og besøka ein skule saman med lærarane som er med på turen. Dette er noko me alle ser fram til, og som tek venskapsarbeidet på nye nivå. Aldri før har det vore så mange ungdomar med til Jeriko.

Mange hugsar kanskje Queen, som var ein del av delegasjonen frå Jeriko til Lærdal i 2011? Ho er 14 år gamal og går i niande klasse. Foreldra hennar inviterte heile delegasjonen på heimebesøk, der me vart servert juice, bakst, te og mykje frukt. For oss ungdomane kom det som ei lita overrasking kva standard dei hadde på husa sine her nede, og ikkje minst kor mykje gjestfridom dei synte. Huset hadde to stover vegg i vegg, og var møblert nesten utelukkande for å få plass til flest mogeleg gjester. Å ta imot 26 lærdøler på strak arm var ikkje noko problem. Me skulle gjerne sett den Lærdølen som tok imot 26 gjester utan å blunka…?

Delegasjonen er altså trygt framkomne til Jeriko. Anna og Lasse har (sjølvsagt) full oversikt over kven, kva, kor og når og tek godt hand om oss alle. Me gledar oss stort til kva dei neste dagane vil bringe.

Fortsettelse følger…

For Vennskap Jeriko-Lærdal

Maritha, Anna, Tor og Helge

 

Merkelappar:

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment