Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Program for resten av turen

10/10/2010 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

Den11.oktober gjer vi klar til arrangementet i Lærdal Park – Laerdal Garden.
På kulturkvelden i parken skal det serverast vafler steikte på vaffeljerna som vi har teke med oss heimanifrå – som vert gjevne til venner i Jeriko med oppskrift.
Musikarane skal gjere teste lyden 14.30, dansarane har øvd – og nesten alle deltakarane øvde på Per Spelmann og Eg ser på deg i hotellhagen etter allmøtet laurdag. Det er nok ikkje alle som følte at det er heilt klar for danseoppvisning trass i god instruksjon på eit kvarters tid frå Olaug og Mari, – men er det mykje folk i parken ser dei ikkje at det vert litt for mange byttomsteg på feil plass!
Hadde vi hatt Arve Uglum til å danse saman med oss istaden for å filme oss, hadde det vel vore greiare – dokumentasjon av eigne dansesteg kan vere hardt!

Klokka 20.30 vert det Skypeoverføring til 20-årsjubileet til Vennskap Nord-Sør!

På tysdag reiser vi til Ramallah og Betlehem!
Om kvelden er vi alle invitert på middag i hagen hjå Jumah!

På onsdag startar heimreisa, – vi vitjar Gamlebyen, Getsemanehagen og Oljeberget.
– og deltek på konserten til Trondheimsolistane med Henning Sommero i Augusta Victoria kyrkja på Oljeberget.
Vi et middag seine kvelden på Panorama Hotel med utsikt over Jerusalem og reiser seint til flyplassen for heimreise om natta!

Merkelappar:

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment