Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

45 indresogningar er vel framkomne!

08/10/2010 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

Reisa via Gardermoen, Wien, Tel Aviv gjekk fint –
vi kom fram eit par timar etter midnatt – etter nesten eit døgns reise.
No er vi ferdige med frukosten i 9.etg på InterContinental, ein del er i badeanlegget på hotellet, andre ruslar rundt og gjer seg kjende på hotellet – og dei første venene er komne til hotellobbyen! Om ein time skal vi ha bysightseeing – i eit aldeles varmt godt ver!

Vi har vore med gondolbana til Fristelsens fjell og klosterkapellet der, på utgravingsområdet Tel Jericho, og vitja drakk te i anlegget ved Elisjas kjelde – hovedvasskjelda til Jeriko – dette anlegget var under bygging då vi var her i fjor – for ei forandring!

Vi et på hotellet og fekk vitjing av ordføraren i Jeriko under middagen.
Deltakinga i ei palestinsk bryllupsfeiringa vart utsett til laurdag.

I morgon vert det øvingane for musikarane våre, dei skal spele 16.30 den 10.10. i sentrum av Jeriko. Trondheimsolistane skal underhalde klokka 20.00.
og sjølve hovedarrangementet klokka 10 om kvelden.

Merkelappar:

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment