Vennskap Jeriko-Lærdal

Vennskap Jeriko-Lærdal header image 1

Ei gåve til biblioteka i Jeriko

31/08/2010 · Ingen kommentarar · arrangement og informasjon

Ei gruppe på 45 personar reiser til Jeriko i oktober for å vere i byen 10.10.2010 klokka 10.00 når byen har valgt å markere at det har vore busetnad i denne vakre oasen i 10.000 år.

Då vi var i Jeriko i oktober i fjor vitja vi også eit par bibliotek. Når vi no reiser attende til Palestina, ynskjer vi å gje barn og unge i Jeriko gåvepakker av bøker som dei kan dele på denne måten.

Vi ynskjer hjelp til å finne mest mogeleg norsk/skandinavisk barne- og ungdomslitteratur som er oversett til arabisk!

Naturlegvis er det eit ynskje å greie å finansiere denne gåva med hjelp av bidrag frå private, lag, organisasjonar og bedrifter – men det viktigaste for oss er å finne eit breiast mogeleg utval innan det vert oktober!

Gjer vel og gje oss attendemeldingar!

– i første omgang til vennskap@jericholaerdal.org

Merkelappar:

Ingen svar så langt ↓

  • Ingen kommentarar enno, legg gjerne igjen ein.

Leave a Comment